Binomisk fordeling. Forventningsverdi, varians og standardavvik
Oppgåve 1
Ein fleirvalsprøve består av tre oppgåver. Kvar oppgåve er eit spørsmål med fem svaralternativ, og oppgåva skal løysast ved å krysse av for eit rett svaralternativ. Du er ikkje førebudd, og alle svaralternativa verkar like sannsynlege. Vi reknar med at oppgåvene er uavhengige av kvarandre.
a) Kva er sannsynet for å svare rett på eitt enkelt spørsmål?
La vere talet på rette svar på 3 spørsmål. har følgande sannsynsfordeling:
| 0 | 1 | 2 | 3 | |
|---|---|---|---|---|
| 0,512 | 0,384 | 0,096 | 0,008 |
b) Finn forventningsverdien til ved å bruke formelen .
c) Finn forventningsverdien til ved å bruke formelen for forventningsverdien i ei binomisk fordeling.
d) Finn standardavviket til .
e) Finn og forklar med ord kva du har funne.
Oppgåve 2
Ein skiskyttar har ein treffprosent på 80 %. La vere talet på treff på 10 skot. Vi føreset at talet på treff er binomisk fordelt.
a) Finn forventningsverdi og standardavvik til .
La vere talet på treff på 20 skot. Vi føreset her òg at talet på treff er binomisk fordelt.
b) Finn forventningsverdi og standardavvik til .
Oppgåve 3
a) I ei binomisk fordeling har vi og . Finn og i denne fordelinga.
b) I ei anna binomisk fordeling er og = 3. Kva er og i denne fordelinga?
Nedlastbare filer
Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.