Rasjonale funksjonar, horisontal asymptote og asymptotefunksjon
Horisontale asymptotar kan vi finne ved å la gå mot eit uendeleg stort positivt eller negativt tal.
Linja er ein horisontal asymptote for funksjonen dersom.
Døme 1
For funksjonenhar vi at
Det betyr at den horisontale asymptoten til funksjonen er . Nedanfor har vi teikna både den horisontale og den vertikale asymptoten saman med funksjonen.
Vi kan finne asymptotane med kommandoen Asymptote(f) i CAS i GeoGebra. Merk at her går vi ut frå at funksjonen er skriven inn på førehand. Viss ikkje, må vi anten først skrive inn funksjonen før vi bruker kommandoen eller setje inn sjølve funksjonsuttrykket mellom parentesane i kommandoen. Trykk på den kvite sirkelen ved eitt-talet i CAS-vindauget for å få teikna asymptotane i grafikkfeltet.
Tips: Når du skal teikne grafen til ein rasjonal funksjon for hand, er det lurt å finne asymptotane først.
Døme 2
For funksjonen har vi at
Når går mot pluss eller minus uendeleg, vil grafen nærme seg linja .
Linja er derfor ein horisontal asymptote for funksjonen . Nedanfor har vi teikna både den horisontale og den vertikale asymptoten saman med funksjonen. Merk at funksjonen ikkje eksisterer for . Derfor har vi markert dette på grafen.
Oppgåve 1
Finn asymptotane til funksjonen med CAS.
Døme 3 – asymptotefunksjon
Ikkje alle rasjonale funksjonar har ein horisontal asymptote. I dette dømet skal du utforske det sjølv – med litt hjelp.
Oppgåve 2
Finn asymptotane til funksjonen .
Oppgåve 3
Teikn grafen til funksjonen saman med asymptotane.
Oppgåve 4
Vis ved å gjennomføre polynomdivisjon at funksjonen kan skrivast som
Oppgåve 5
Bruk resultatet i oppgåve 4 til å forklare kvifor
når
Oppgåve 6
I døme 1 og 2 finn vi den horisontale asymptoten ved å finne grenseverdien
Eksisterer denne grenseverdien for funksjonen i døme 3?
Oppgåve 7
Diskuter påstanden: "Dersom grenseverdien i den førre oppgåva hadde eksistert, ville funksjonen ha hatt ein horisontal asymptote."
Relatert innhald
Her ser vi på grenseverdien for ein brøk når x går mot pluss uendeleg eller minus uendeleg.
Her ser vi særskilt på vertikale asymptotar til nokre rasjonale funksjonar.