Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Statistikk og grafiske framstillingar

Oppgåve

Statistikk

Her kan du øve på oppgåver der du skal finne sentralmål som gjennomsnitt og median og spreiingsmål som variasjonsbreidde. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Om reknearkprogrammet Excel

Excel har ikkje full støtte for nynorsk i skrivande stund. Derfor har vi valt å bruke bokmålsversjonen av reknearkkommandoane.

Oppgåve 1

Tabellen viser talet på drepne i trafikken i Noreg i perioden 2001 til 2008. Tala er henta frå Statistisk sentralbyrå.

Trafikkdrepne i åra 2001 til 2008

År

Tal på trafikkdrepne

2001275
2002310
2003280
2004257
2005224
2006242
2007233
2008255

a) Kor mange er blitt drepne i trafikken på desse åtte åra?

Løysing

275+310+280+257+224+242+233+255=2 076

Tal på drepne i perioden 2001 til 2008 er 2 076 personar.

b) Finn det gjennomsnittlege talet på drepne i trafikken per år i perioden 2001 til 2008.

Løysing

Det gjennomsnittlege talet på drepne i trafikken per år er 2 0768260 personar.

c) Finn medianen.

Løysing

Vi sorterer dei åtte tala på drepne i trafikken i stigande rekkefølge:

224, 233, 242, 255, 257, 275, 280, 310

Medianen blir 255+2572=256.

d) Kva er variasjonsbreidda i dette datamaterialet?

Løysing

Frå rekkefølga i løysinga til oppgåve c) har vi at det høgaste talet på trafikkdrepne desse åra er 310. Det lågaste er 224. Variasjonsbreidda blir

310-224=86

e) Løys oppgåvene a)–d) ved hjelp av eit rekneark.

Tips til oppgåva

Start med å skrive inn tabellen øvst. Bruk kommandoane "Summer", "Gjennomsnitt", "Median", "Størst" og "Min". Sjå løysingsforslag under f).

f) Forklar korleis du kan finne gjennomsnittet ved hjelp av kommandoane "Summer" og "Antall", det vil seie utan å bruke kommandoen "Gjennomsnitt".

Løysingsforslag

Her finn vi gjennomsnittet på same måte som i oppgåve b) ved å ta det totale talet på trafikkdrepne, som vi har funne i celle B11 med kommandoen "Summer", og dele på talet på år, som vi finn med kommandoen "Antall".

I celle B15 kunne vi òg ha skrive =SUMMER(B2:B9)/ANTALL(B2:B9).

Nedanfor kan du laste ned eit rekneark med ferdig løysing.

g) Bruk reknearket i oppgåve f) og finn gjennomsnitt, median og variasjonsbreidde med tal frå år 2009 og nyare. Er det grunnlag for å seie at talet på trafikkdrepne har gått ned? Du kan finne tal i statistikkbanken til Statistisk sentralbyrå ved å gå til sida "Personer drept eller hardt skadd i veitrafikkulykker, etter år og statistikkvariabel". Vel "Drepte" og dei aktuelle åra du vil ha med. Last ned tabellen som eit rekneark.

Oppgåve 2

Tabellen viser Norges utslepp av karbondioksid (CO2) til luft i perioden 1998 til 2008.

Utslepp av karbondioksid

År

Mengde CO2 (millionar tonn)

199841,8
199942,6
200042,1
200143,5
200242,5
200343,9
200444,3
200543,3
200643,9
200745,6
200844,7

a) Kva for eit år vart det sloppe ut mest CO2 til luft?

Løysing

I 2007 vart det sloppe ut 45,6 millionar tonn. Dette var det største utsleppet i denne perioden.

b) Bruk ein kalkulator og finn ut kor stort utsleppet av CO2 var totalt desse åra.

Løysing

Det totale utsleppet av CO2 målt i millionar tonn var

41,8+42,6+42,1+43,5+42,6+43,9+44,3+43,3+43,9+45,6+44,7=478,3

c) Bruk kalkulatoren og rekn ut det gjennomsnittlege utsleppet av CO2 per år i perioden 1998 til 2008.

Løysing

Vi finn gjennomsnittet ved å ta summen av alle utsleppa og dele på talet på år. Det gjennomsnittlege utsleppet av CO2 per år målt i millionar tonn:

478,31143,5 millionar tonn

d) Finn medianen utan hjelpemiddel.

Løysing

Vi sorterer tala i stigande rekkefølge.

CO2 i millionar tonn:

41,8; 42,1; 42,6; 42,6; 43,3; 43,5; 43,9; 43,9; 44,3; 44,7; 45,6

Sidan det er 11 tal, er det tal nummer 6 som er i midten (utheva) og dermed er medianen.

Medianen eller medianutsleppet blir 43,5 millionar tonn.

e) Finn variasjonsbreidda utan hjelpemiddel.

Løysing

Frå rekkefølga i løysinga i oppgåve d) har vi at det minste utsleppet er 41,8 millionar tonn, mens det største utsleppet er 45,6 millionar tonn. Variasjonsbreidda målt i millionar tonn er derfor

45,6-41,8=3,8

f) Løys oppgåvene a)–e) med rekneark.

Du kan laste ned tala i reknearket nedanfor.

Løysing

Vi bruker kommandoane "Størst", "Min", "Gjennomsnitt" og "Median" på tala i reknearket og får same svar som over.

I celle B18 kunne vi òg ha skrive =STØRST(B2:B12)-MIN(B2:B12).

Nedanfor kan du laste ned eit rekneark med ferdig løysing.

g) Undersøk om CO2-utsleppet dei siste 11 åra er mindre enn åra frå 1998 til 2008:

  • Gå til tabellen "Utslipp til luft" på ssb.no.

  • Vel statistikkvariabelen "Utslipp til luft (CO2 i 1 000 tonn, CH4 i...)".

  • Vel dei 11 siste åra.

  • Vel "0 Alle kilder" under "Kilde (aktivitet)".

  • Vel "I alt" under "Energiprodukt".

  • Vel "Karbondioksid (CO2)" under "Komponent".

  • Trykk på "Vis tabell". For å få tabellen loddrett kan du trykke på "Rotér mot høyre".

  • Til slutt trykker du på "Excel" for å laste ned tabellen som rekneark.

Tips til oppgåva

Finn både gjennomsnittet og medianen i talmaterialet.

Oppgåve 3

Tabellen viser talet på feriereiser med fly nordmenn gjorde i åra 2014–2020. Tala er henta frå statistikkbanken til Statistisk sentralbyrå.

Feriereiser med fly

År

Tal på feriereiser

med fly

(millionar)

20146,84
20156,49
20166,27
20176,71
20186,17
20196,60
20202,02

a) Kvifor var det så få feriereiser i 2020 samanlikna med åra før?

Løysing

2020 var året koronapandemien starta. Då vart det innført restriksjonar på å reise.

b) Bruk rekneark og finn det gjennomsnittlege talet på feriereiser med fly for desse åra.

Løysing

Vi skriv tala inn i eit rekneark og bruker kommandoen "Gjennomsnitt". Det gjennomsnittlege talet på feriereiser med fly er 5,87 millionar. Sjå òg under løysinga til oppgåve f).

c) Kva er medianen?

Løysing

Med kommandoen "Median" får vi at medianen for talet på feriereiser med fly er 6,49 millionar.

d) Kvifor er det såpass stor forskjell på gjennomsnittet og medianen her?

Løysing

Alle tala ligg rundt 6,5 – med unntak av det siste talet, som er 2,02. Dette talet trekker ned gjennomsnittet, men påverkar ikkje medianen sidan det hamnar i enden på ei sortert liste av tala.

e) Er det gjennomsnittet eller medianen som best beskriv det typiske talet på feriereiser?

Løysing

Gjennomsnittet er lågare enn alle tala med unntak av talet for 2020, som er veldig mykje lågare enn dei andre. Gjennomsnittet passar eigentleg ikkje med nokon av åra, mens medianen passar for nesten alle åra. Det er derfor medianen som best beskriv det typiske talet på feriereiser i perioden, med unntak av koronaåret 2020.

f) Finn variasjonsbreidda.

Løysing

Vi bruker kommandoane "Størst" og "Min" og får at variasjonsbreidda er 4,82 millionar flyreiser. Legg merke til at variasjonsbreidda blir ganske stor på grunn av koronaåret 2020.

Nedanfor kan du laste ned eit rekneark med ferdig løysing.

g) Gjer oppgåva på nytt ved å inkludere nyare tal på talet på flyreiser. Sjå tabellen "Reiseundersøkelsen" på ssb.no. Korleis utviklar talet på feriereiser med fly seg etter at det sokk mykje i 2020?

Tips til oppgåva
  • Vel statistikkvariabelen "Reiser".

  • Vel kvartala 2021K1 og nyare.

  • Under "Transportmåte" vel du "Fly".

  • Under "Reisetype" vel du "Korte feriereiser i alt" og "Lange feriereiser i alt".

  • Trykk på "Vis tabell".

  • Vel "Lagre data som ..." og "Excel". Opne reknearket og legg saman tala så du får det totale talet på feriereiser med fly for kvart år.

Løysing

Resultatet blir at i 2021 var det framleis mindre enn 3 millionar feriereiser med fly. I 2022 var det nesten tilbake på nivået før pandemien, mens i 2023 og 2024 var det heilt på same nivå som tidlegare.

Oppgåve 4

Kine dreiv kiosk på heimplassen to veker sommaren 2020. Ho registrerte dagsomsetjinga i ein tabell.

Dagsomsetjing i kroner

Måndag

Tysdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

Laurdag

Søndag

Veke 28

740

800

910

635

1090

350

810

Veke 29

630

480

290

605

1230

410

900

Tala er i kroner.

Beskriv omsetjinga ved hjelp av sentralmål og spreiingsmål.

(Dette er oppgåve 13 frå eksempeloppgåvene frå eksamen i 1P-Y, publisert av Utdanningsdirektoratet desember 2020.)

Tips til oppgåva

Finn gjennomsnitt, median og variasjonsbreidde for dei to vekene til saman. Samanlikn òg dei to vekene med kvarandre ved å finne gjennomsnitt, median og variasjonsbreidde for kvar av vekene og studer forskjellane.

Forslag til løysing

I denne oppgåva er det ikkje noko eksakt svar på kva som må vere med for å få full utteljing på ein prøve eller ein eksamen. Løysinga nedanfor er eit forslag til kva som kan gjerast.

Vi skriv inn tala i eit regneark. Så bruker vi kommandoane "Gjennomsnitt", "Median", "Størst" og "Min" for å finne dei ulike storleikane. Nedanfor har vi oppsummert dataa for dei to vekene. Hugs å ta med utklipp av reknearket ditt inkludert formelvisning av reknearket når du leverer eit slikt svar på prøvar. Sjå elles reknearket som kan lastast ned nedst på sida.

Sentralmål og spreiingsmål for omsetjinga i kroner

Veke

Sum

Gjennomsnitt

Median

Variasjonsbreidde

28

5 335 kr

762,14 kr800,00 kr740,00 kr

29

4 545 kr

649,29 kr605,00 kr940,00 kr

Begge vekene

9 880 kr

707,71 kr687,50 kr940,00 kr

Vi ser at salet var best i veke 28 med eit totalt sal på 5 335 kroner. Samtidig er spreiinga i salstala størst i veke 29 sidan variasjonsbreidda er størst då. Salet har variert med 940 kroner i veke 29 og 740 kroner i veke 28. Medianen for veke 29 ligg nesten 200 under medianen for veke 28, mens gjennomsnittet berre ligg cirka 110 under. Det tyder på at i veke 29 var det fleire dagar med lågt sal og nokre få dagar med høgt sal. Det passar godt med at salsrekorden for dei to vekene var fredagen i veke 29, mens dagen med lågast sal var onsdagen i den same veka.

Medianen for veke 28 ligg over gjennomsnittsverdien, mens det er omvendt for veke 29. Det betyr at i veke 28 er det nokre få dagar med veldig lågt sal som trekker gjennomsnittet ned, mens det er motsett for veke 29.

Vi kan òg sjå at fredagen er den desidert beste dagen, mens laurdagen er dårlegast. Det gjeld begge vekene.

Nedanfor kan du laste ned eit rekneark med ferdig løysing.

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Skrive av Olav Kristensen, Stein Aanensen, Utdanningsdirektoratet og Bjarne Skurdal.
Sist oppdatert 27.02.2026