Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Statistikk og grafiske framstillingar

Fagstoff

Statistikk

Statistikk er eit forsøk på å lage orden i kaos. Her kan du lære deg ulike statistiske omgrep gjennom ein aktivitet med røyr, men du kan eigentleg bruke alt som kan målast.

Til læraren

Dette kan gjennomførast som ein aktivitet i klassen dersom de har tilgang på koparrøyr, treverk eller andre ting med litt ulik lengde eller noko anna som kan målast på ein eller annan måte. Her vil elevane trenge linjalar eller tommestokkar til å gjere målingane. Aktiviteten bør gjerast både med og utan rekneark.

Vi har valt å ikkje ta med typetal, standardavvik og kvartilbreidde her. I 1P-Y og 1T-Y for sal, service og reiseliv (SR) har vi eit meir omfattande statistikkurs der dei nemnde storleikane er med.

Det er fint å ha ein ekstra røyrbit slik at elevane òg kan rekne ut medianen når talet på røyr er eit partal.

Nedanfor ligg det ei Word-fil med forslag til gjennomføring av aktiviteten som anten kan delast ut til elevane i papirform eller kopierast inn i OneNote eller tilsvarande.

Du som er lærar, kan bruke denne nettsida til ein gjennomgang av omgrepa. Eit anna alternativ er at elevane går gjennom nettsida sjølve.

Om reknearkprogrammet Excel

Excel har ikkje full støtte for nynorsk i skrivande stund. Derfor har vi valt å bruke bokmålsversjonen av reknearkkommandoane.

Å få oversikt over eit talmateriale

Biletet over viser 15 usorterte stubbar av koparrøyr. Dei er nummererte frå 1 til 15. Røyrstubbane varierer i lengde frå 79 mm til 151 mm. Ei oversikt over røyrlengdene etter nummer finn du nedanfor. Du kan òg laste ned eit rekneark med tala.

Lengde på koparrøyra etter nummer

Røyr nr.

Lengde (mm)

1130
2137
3139
4125
579
6151
7115
890
9122
10106
11102
12103
13118
14144
1585

Vi ønsker å skaffe oss litt oversikt over desse røyra.

Vi kan starte med å finne ut kor lange røyra er til saman. I reknearket over kan vi finne dette ved å bruke kommandoen "Summer", som vi i reknearkprogrammet Excel òg finn under verktøyknappen "Σ Autosummer". Ved å bruke denne knappen kan vi markere tala som skal summerast i reknearket.

Alternativt kan vi skrive kommandoen manuelt. Dersom tala som skal summerast, ligg i kolonne A i reknearket i cellene A1 til A15, skriv vi

=SUMMER(A1:A15)

Med tala våre får vi at summen er 1 746 mm. Vi har totalt cirka 1,7 meter med røyr. Kontroller dette ved å bruke kommandoen "Summer" i reknearket over.

Totallengda er berre éin enkel måte å beskrive tala i talmaterialet vårt på. Vi ønsker å seie noko om

  • den typiske røyrlengda

  • kor stor variasjonen i lengde mellom røyra er

Den typiske røyrlengda. Sentralmål

Sentralmål

Gjennomsnitt og median er begge mål som seier noko om den typiske verdien i eit talmateriale. Vi kallar slike mål for sentralmål. Det finst fleire typar sentralmål, men dei tek vi ikkje med her.

Gjennomsnitt

Vi reknar ut den gjennomsnittlege røyrlengda ved å legge saman lengda på alle røyra og dele på det totale talet på røyr. Dette gjer vi enklast i rekneark, men vi har teke med reknestykket nedanfor:

130+137+139+125+79+151+115+90+122+106+102+103+118+144+8515=116,4

I gjennomsnitt er altså røyra 116,4 mm lange.

Gjennomsnitt med rekneark

I eit rekneark kan vi bruke kommandoen "Gjennomsnitt". Kommandoen verkar på same måte som kommandoen "Summer", som vi kanskje har brukt før. Dersom røyrlengda til dømes ligg i kolonne A frå A1 til A15, kan vi rekne ut den gjennomsnittlege røyrlengda med kommandoen

GJENNOMSNITT(A1:A15)

Last ned reknearket med røyrlengdene over, og finn gjennomsnittet av røyrlengdene med denne kommandoen.

I programmet Excel kan vi finne kommandoen under verktøyknappen "Σ Autosummer".

Median

På biletet over har vi sortert røyra etter lengde. I staden for å rekne ut den gjennomsnittlege røyrlengda kan vi òg seie at den typiske røyrlengda må vere lengda til røyra i midten. Medianen av røyrlengdene er definert som lengda på røyret i midten når vi har ordna alle røyra i stigande rekkefølge. Sidan vi har 15 røyr, er det det åttande røyret som ligg i midten. Det er røyr nummer 13, som har lengda 118 mm. Medianen, eller her medianlengda, er derfor 118 mm.

🤔 Tenk over: Korleis finn vi medianen dersom talet på røyr hadde vore eit partal, til dømes 16?

Median ved partal

Problemet no er at det ikkje er eitt røyr som er i midten, men to. I slike tilfelle er medianen definert som gjennomsnittet av dei to tala i midten når tala er ordna i stigande rekkefølge.

Dersom dei to røyra i midten til dømes har lengdene 118 mm og 120 mm, vil medianen bli

118 mm+120 mm2=119 mm

Legg merke til at i tilfellet her blir medianen eit tal som ikkje er ei av dei faktiske røyrlengdene.

Median med rekneark

I eit rekneark kan vi finne medianen med kommandoen "Median". Kommandoen bruker vi på same måte som kommandoen "Gjennomsnitt". Bruk reknearket over og kontroller at medianen er 118 mm.

Spreiinga i røyrlengder. Spreiingsmål

Variasjonsbreidde

Sentralmål som gjennomsnitt og median seier ingenting om spreiinga i eit talmateriale. I dømet over kunne det tenkast at det største røyret, røyr nummer 6, var 50 mm lengre, det vil seie 201 mm, og det minste røyret, røyr nummer 5, var 50 mm kortare, det vil seie 29 mm. Både gjennomsnittet og medianen ville ha vore uendra, men røyrlengda ville variert over eit større område. Vi seier at spreiinga i talmaterialet ville ha vore større.

Vi treng å talfeste kor stor spreiinga er. Det finst fleire måtar å gjere det på. Her skal vi berre ta med ein av dei: variasjonsbreidda.

Variasjonsbreidda er definert som forskjellen (differansen) mellom det største talet og det minste. I eksempelet vårt er røyr nummer 6 det lengste og røyr nummer 5 det kortaste. Variasjonsbreidda blir derfor

151 mm-79 mm=72 mm

🤔 Tenk over: Kva ville variasjonsbreidda ha blitt dersom det største røyret var 201 mm og det kortaste 29 mm, som i det tenkte tilfellet over?

Variasjonsbreidde i det tenkte tilfellet

Då blir variasjonsbreidda

201 mm-29 mm=172 mm

Variasjonsbreidda blir 1 meter større. Spreiinga i det tenkte tilfellet er større enn i dei opphavlege tala.

Variasjonsbreidde med rekneark

Rekneark har ingen kommando som gir oss variasjonsbreidda direkte. Men vi kan finne det største talet med kommandoen "Størst" og det minste talet med kommandoen "Min". Begge kommandoane bruker vi på same måte som kommandoane "Gjennomsnitt" og "Median".

🤔 Tenk over: Kva skriv vi for å rekne ut variasjonsbreidda når tala står i kolonne A i cellene A1 til A15?

Kommando for variasjonsbreidde

Vi må finne det største talet og trekke frå det minste. Då skriv vi

STØRST(A1:A15)-MIN(A1:A15)

Bruk reknearket over og kontroller at variasjonsbreidda blir 72 mm.

Oppsummering

sentralmål
seier noko om den typiske verdien i eit talmateriale
gjennomsnitt
sentralmål som er lik summen av alle tala delt på talet på tal
median
sentralmål som er lik talet i midten når tala er sorterte i stigande rekkefølge (dersom talet på tal er eit partal, er medianen lik gjennomsnittet av dei to tala i midten)
spreiingsmål
seier noko om kor stor forskjell det er på tala i talmaterialet
variasjonsbreidde
spreiingsmål som er lik forskjellen (differansen) mellom det største og det minste talet i talmaterialet

Rekneark med ferdig løysing

Skrive av Bjarne Skurdal.
Sist oppdatert 16.03.2026