Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Statistikk og grafiske framstillingar

Fagstoff

Diagramtypar. Ulike dataframstillingar

Vi lagar diagram for å få betre oversikt over eit datamateriale. Måten vi lagar diagramma på, kan vere med på å gi ulike inntrykk av det datamaterialet som blir framvist.

Det er ein fordel å ha vore gjennom teorisida "Frekvenstabellar. Søylediagram" før du les dette.

Det finst mange ulike typar diagram. Her skal vi sjå på tre vanlege diagramtypar: søylediagram (stolpediagram), linjediagram (kurvediagram) og sektordiagram (sirkeldiagram). Vi lagar enklast desse diagramma digitalt med eit rekneark, og framgangsmåten er den same uansett diagramtype. Vi har brukt reknearkprogrammet Excel til å lage diagramma, og beskrivingane er tilpassa dette programmet.

Søylediagram

Vi kan lage diagram med éin eller fleire dataseriar. Ein dataserie i denne samanhengen er eit sett med tal, til dømes frekvensane i ein frekvenstabell.

Søylediagram med éin dataserie

teorisida "Frekvenstabellar. Søylediagram" forklarer vi korleis vi lagar eit søylediagram over frekvensane av resultata av 50 terningkast:

Frekvenstabell

Tal på auge på terningen

Frekvens

16
211
310
411
54
68
Sum50

Dette er eit søylediagram med éin enkel dataserie. I søylediagrammet ser vi tydeleg at det er flest toarar og firarar og minst av femmarar. Ved å samanlikne høgda på søylene ser vi òg til dømes at det er nesten tre gonger så mange firarar som femmarar.

Søylediagram med fleire dataseriar

Ved ein skule er det 840 elevar, 360 jenter og 480 gutar. Skulen skal arrangere tur. Elevane kan velje om dei vil delta. Ei undersøking viser at 320 av jentene og 340 av gutane ønsker å delta.

Korleis kan vi presentere resultata i eit stolpediagram slik at det går tydeleg fram kor mange elevar som ønsker å delta på turen, samtidig som vi får fram forskjellar mellom jenter og gutar?

Vi startar med å lage ei oversikt i reknearket.

I reknearket kan du skrive inn dei gitte verdiane og bruke formlar for å rekne ut dei andre tala i tabellen. Vi har her to dataseriar: éin med dei som ønsker å delta, og éin med dei som ikkje ønsker å delta.

Marker dei tre øvste radene, vel "Set inn", og vel eit stabla ståande stolpediagram.

🤔 Tenk over: Kvifor tek vi ikkje med den fjerde rada når vi skal lage diagrammet?

Forklaring

Den fjerde rada seier ingenting om kor mange som ønsker eller ikkje ønsker å delta på turen. Ho viser berre kor mange jenter og kor mange gutar det er på skulen, og det er ikkje dét vi er interesserte i her.

Diagrammet skal ha tre søyler, ei for jenter, ei for gutar og ei for summen. Dersom du får to søyler i staden for tre, kan du markere diagrammet, velje "Set inn" og "Anbefalte diagram" og deretter velje den varianten som gir deg tre søyler.

Hugs å lage aksetittel på y-aksen (andreaksen). På x-aksen (førsteaksen) treng vi ikkje aksetittel i dette tilfellet (kvifor ikkje?).

Eit anna mogleg val av søylediagram er gruppert ståande søylediagram. Då vil søylene komme ved sida av kvarandre i staden for oppå kvarandre, sjå nedanfor.

Reknearkprogramma gir oss òg moglegheit for å få teikna tredimensjonale søylediagram. Desse bør vi unngå, for det er vanskeleg å lese ut verdiar frå dei.

Sektordiagram (sirkeldiagram)

Eit sektordiagram, sirkeldiagram, som òg blir kalla kakediagram eller hjuldiagram, bruker vi ofte til å vise forholdet mellom ulike kategoriar. I tilfellet med terningkasta er vi ikkje nødvendigvis interesserte i kor mange gonger vi kasta einarar, toarar og så vidare, men kor stor andel av kasta som gav kvar verdi.

Vi markerer dei same dataa i reknearket som når vi teiknar søylediagram, men no vel vi sektordiagram.

Ved å velje å vise kategorinamn får vi vist direkte i diagrammet kva for ein sektor som høyrer til kva tal på auge på terningen. Programmet reknar automatisk ut prosentandelane for oss. Då treng vi eigentleg ikkje forklaringa til høgre i diagrammet, så ho kan fjernast.

Vi kan lese ut av diagrammet at terningkasta 2 og 4 kvar for seg utgjer nesten ein fjerdedel av alle terningkasta (hugs at ein fjerdedel er det same som 0,25 eller 25 prosent).

Linjediagram (kurvediagram)

Linjediagram, eller kurvediagram, eignar seg best når vi ser på ei utvikling over tid. Til dømes vil eit talmateriale som viser talet på arbeidsledige over ein tidsperiode, vere gunstig å presentere i eit linjediagram.

Frå Statistisk sentralbyrå kan vi hente opplysningar om til dømes talet på arbeidsledige menn og kvinner i Noreg over ein tidsperiode.

Statistisk sentralbyrå: Registrerte arbeidsledige

Linjediagrammet over illustrerer utviklinga frå 2010 til 2014. Vi kan lese av diagrammet at for menn sokk talet på arbeidsledige frå cirka 47 000 i 2010 til 38 000 i 2012. Deretter steig det til 43 000 i 2014. For kvinner låg talet på arbeidsledige på omtrent 28 000 frå 2010 til 2012, deretter steig det til 33 000 i 2014.

Vi observerer at i diagrammet er det teikna rette linjer frå eitt år til det neste. I verkelegheita vil arbeidsløysa endre seg frå dag til dag og heilt sikkert ikkje endre seg i ei rett linje gjennom eit heilt år. Diagrammet er derfor ei tilnærming til den verkelege kurva for arbeidsløyse.

🤔 Tenk over: Kvifor bør vi ikkje bruke linjediagram på talmaterialet med terningkasta over?

Forklaring

Eit linjediagram blir brukt på data der vi er opptekne av korleis ein storleik endrar seg frå trinn til trinn langs x-aksen, der den typiske måleininga er ei tidseining som år, døgn, sekund eller tilsvarande. Endringa i talet på terningkast frå til dømes einarar til toarar er ikkje interessant på same måte.

Ulike dataframstillingar – ulike inntrykk

Nedanfor ser du to diagram som viser utsleppa av karbondioksid i Noreg i perioden 1998 til 2008. Tala er henta frå Statistisk sentralbyrå.

Det første linjediagrammet gir inntrykk av at utsleppa i perioden har vore relativt stabile sjølv om det har vore ein svak auke.

Det andre diagrammet beskriv den same utviklinga, men her er andreaksen kutta og viser berre verdiar mellom 39 og 46 millionar tonn. Vi kallar dette aksebrot. Ved første augekast ser det ut som at utsleppa har auka kraftig i perioden. Valet av skala på andreaksen kan derfor bety mykje for kva inntrykk lesaren får av eit diagram.

Før vi tek valet om å kutte andreaksen, bør vi tenke gjennom om framstillinga lyg eller gir eit meir riktig bilete av situasjonen. I søylediagram bør som regel ikkje andreaksen kuttast, sidan det kan bli svært misvisande å berre vise den øvste delen av søylene.

Vi kan bestemme øvre og nedre grense for andreaksen i Excel ved å høgreklikke på aksen, velje "Formater akse", "Aksealternativ" og skrive inn tala i felta "Minimum" og "Maksimum".

Kjelde

Statistisk sentralbyrå. (u.å.). Statistikkbanken: Utslipp til luft. Henta 10. september 2025 frå https://www.ssb.no/statbank/table/13931/

Skrive av Bjarne Skurdal, Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist oppdatert 27.02.2026