Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Grunnleggjande omgrep og måleiningar

Fagstoff
Oppgåve

Tommar og røyrgjenge

Mange kallar eit mykje brukt samanleggbart målereiskap for lengde for ein tommestokk. Kva har dette med røyrgjenge å gjere? Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Til læraren

Målet med denne artikkelen er at elevane skal

  • bli betre kjende med lengdemålet tommar

  • sjå at brøk har ei praktisk betydning

  • lære dei vanlegaste dimensjonane på stålrøyr

Den første delen av artikkelen kan brukast under gjennomgang med heile klassen. Dersom du har tilgang på røyr i dei ulike dimensjonane, kan de bruke det vedlagde skjemaet som utgangspunkt for ein aktivitet:

  • Lim lappar med ein bokstav på røyra. La gjerne den riktige rekkefølga på røyra vere slik at bokstavane dannar eit ord.

  • Elevane kan arbeide to og to.

  • Skriv ut det vedlagde Word-dokumentet "Røyrdimensjonar". Du treng ei utskrift per par. Klipp ut korta.

  • Elevane/para sorterer røyra etter storleik for å finne bokstavane som skal skrivast på nedst på korta du har klipt ut.

Eit alternativ kan òg vere å få laga treklossar som er ein åttandedel av ein sirkel, slik at elevane kan bruke dei til å lage brøkane.

Definisjon av tomme

Vi måler dei fleste lengder i metriske mål, det vil seie meter (m), millimeter (mm) og centimeter (cm), mellom anna. Før brukte ein måleiningane tommar og fot.

Ein tomme er

1"=2,54 cm

På engelsk blir tomme kalla for inch.

Legg merke til at vi bruker dobbel apostrof (") som symbol for tommar. Nokre stader er apostrofane rette, andre stader er dei skråstilte. Men dei betyr det same, altså tommar.

Ein tommestokk er eit målereiskap der vi kan måle lengder i tommar. Målereiskapar vi bruker i dag, har ofte berre dei metriske inndelingane – mm og cm – og dei blir derfor kalla meterstokkar (men mange kallar dei framleis for tommestokkar).

Dimensjonar på stålrøyr

Biletet nedanfor viser mellom anna eit stålrøyr med utvendige gjenge i begge endar, eit påskrudd T-røyr til venstre og eit påskrudd olbogeledd til høgre.

På slike stålrøyr blir lengdeeininga tommar framleis brukt som nemninga på røyrdimensjonen. Ein vanleg røyrdimensjon er til dømes 3/4" – trekvart tommar – slik som stålrøyret på det andre biletet har.

På biletet blir den utvendige diameteren på stålrøyret målt til 26,9 mm med eit digitalt skyvelære.

🤔 Tenk over: Er 26,9 mm meir eller mindre enn ein tomme?

Løysing

26,9 mm er det same som 2,69 cm, som er større enn ein tomme sidan ein tomme er 2,54 cm.

Standard utvendig diameter på eit stålrøyr i dimensjonen 3/4" er 2,69 cm.

Oppgåve 1

Kor langt er 3/4" målt i cm?

Tips til oppgåva

Hugs at 3/4 betyr brøken 34, som vi kan rekne ut verdien til, ved å dele.

Løysing

Vi må rekne ut 34 av ein tomme. 3/4" blir

34·2,54 cm=1,905 cm

I OneNote skriv vi 3/4*2,54= for å få rekna ut dette.

Vanlege nemningar på dimensjonar på stålrøyr

Som oppgåva over viser, er det ikkje diameteren på dei utvendige gjenga som måler 3/4". Faktisk vil du ikkje finne dette målet nokon stad. 3/4" var opphavleg det innvendige målet på gjenga stålrøyr av ein bestemd type som vart brukt tidlegare. No blir andre stålkvalitetar brukte, som betyr at røyra har endra seg litt. Måla stemmer derfor ikkje lenger. Men dei gamle nemningane blir framleis brukte.

Nokre vanlege nemningar på røyrdimensjonar er

  • 3/4"

  • 1"

  • 1/2"

  • 1 1/4"

  • 1 1/2"

  • 3/8"

Oppgåve 2

a) Sorter dei seks røyrdimensjonane over etter storleik, og vis med utrekningar kvifor det blir slik.

Løysing

Vi reknar ut brøkane (hugs at brøkstrek betyr delingsteikn):

3/4": 34 = 0,751": 1= 1,01/2":  12 = 0,51 1/4":   1+14 = 1+0,25=1,251 1/2":   1+12 = 1+0,5=1,53/8":  38 = 0,375

Røyrnemningane i stigande rekkefølge blir derfor

3/8", 1/2", 3/4", 1", 1 1/4" og 1 1/2"

b) Kvifor er 38 mindre enn 34?

Forklaring

Når vi deler 3 på 8, må resultatet bli mindre enn når vi deler 3 på 4.

c) Vis at 3/8" er mindre enn 3/4" ved å fargelegge eller skravere delar av desse sirklane.

Løysing

Sirklane er delt i 8 delar eller sektorar. For røyrdimensjonen 3/8" kan vi derfor skravere 3 (av 8) sektorar, sjå diagrammet til venstre nedanfor.

For dimensjonen 3/4" skal vi skravere 3 av 4 sektorar. Vi får delt sirkelen i 4 sektorar dersom vi slår saman 2 og 2 sektorar. Vi skal derfor skravere 3 gonger 2 sektorar, altså 6, sjå diagrammet til høgre nedanfor.

d) Bruk sirklar på same måte som i den førre oppgåva til å forklare kvifor røyrdimensjonen 1 1/4" er mindre enn 1 1/2".

Tips til oppgåva

Kanskje du treng meir enn éin sirkel for kvar av røyrdimensjonane?

Løysing

Her kan vi dele sirklane inn i 4 sektorar. For dimensjonen 1 1/4" treng vi å skravere ein heil sirkel til eittalet og éin av fire sektorar i ein annan sirkel for brøken 14:

For dimensjonen 1 1/2" treng vi òg to sirklar, éin til eittalet og éin til brøken 12, der vi skal skravere halvparten av sirkelen.

Vi ser at vi har skravert mest i sirklane for røyrdimensjonen 1 1/2". Derfor er dimensjonen 1 1/4" mindre enn 1 1/2".

e) Bruk løysinga i oppgåve c) til å forklare kvifor 34=68.

Løysing

Vi såg at vi måtte skravere 6 sektorar av 8 for å skravere 3 av 4. 6 av 8 dekker like mykje som 3 av 4, og då må brøkane 34 og 68 vere like òg.

f) Røyrleggarar seier ofte "femkvart tommar" om dimensjonen 1 1/4". Korleis kan det ha seg?

Forklaring

"Femkvart" betyr brøken 54. Ved å rekne litt på brøken får vi

54=4+14=44+14=1+14=114

Oppgåve 3

Utvendig diameter på stålrøyr

Dimensjon

Utvendig diameter (mm)

3/8"17,2
1/2"21,3
3/4"26,9
1"33,7
1 1/4"41,4
1 1/2"48,3

Bruk tabellen over og finn ut kva dimensjon røyra på bileta har.

a)

Løysing

Røyrdiameteren er omtrent 33 mm, så røyrdimensjonen må vere 1".

b)

Løysing

Røyrdiameteren er omtrent 46 mm, men det ser ut som det blir målt litt nedanfor der diameteren går. Diameteren er då litt større enn 46 mm, så røyrdimensjonen må vere 1 1/2".

c)

Løysing

Her ser det ut som at røyrdiameteren er litt over 40 mm, og då må røyrdimensjonen vere 1 1/4".

Oppgåve 4

Vi kan òg bruke brøkrekning for å samanlikne røyrdimensjonane.

a) Vis med brøkrekning at røyrdimensjonen 3/4" er større enn 1/2".

Tips 1 til oppgåva

Finn fellesnemnaren for brøkane!

Tips 2 til oppgåva

Vi skal samanlikne brøkane 34 og 12. Då må brøkane ha same nemnar – felles nemnar. Då må éin eller begge brøkane utvidast.

Å utvide ein brøk betyr å gonge teljaren og nemnaren med det same talet. Vi kan til dømes utvide brøken 13 til ein brøk med 6 i nemnaren ved å gonge teljaren og nemnaren med 2:

13=1·23·2=26

Løysing

Her ser vi at vi kan skrive brøken 12 som ein brøk med 4 i nemnaren ved å utvide brøken med 2. Vi får

12=1·22·2=24

Sidan 24 er mindre enn 34, betyr det at dimensjonen 1/2" er mindre enn 3/4".

b) Vis med brøkrekning at røyrdimensjonen 3/8" er mindre enn 1/2".

Løysing

Her kan vi skrive brøken 12 som ein brøk med 8 i nemnaren ved å utvide brøken med 4. Vi får

12=1·42·4=48

Sidan 48 er større enn 38, betyr det at dimensjonen 1/2" er større enn 3/8".

c) Vis med brøkrekning at røyrdimensjonen 1 1/4" er mindre enn 1 1/2".

Tips til oppgåva

Både 1 1/4 og 1 1/2, eller 114 og 112er blanda tal, det vil seie ein kombinasjon av eit heilt tal og ein brøk. Vi kan gjere om blanda tal til brøkar ved å skrive det heile talet som ein brøk med same nemnar. Hugs at det står eit usynleg plussteikn mellom det heile talet og brøken.

Løysing

1 1/4": 114=1+14=44+14=4+14=54

1 1/2": 112=1+12=22+12=2+12=32

Så skriv vi 32 som ein brøk med 4 i nemnaren ved å utvide med 2:

32=3·22·2=64

Sidan 54 er mindre enn 64, er røyrdimensjonen 1 1/4" mindre enn 1 1/2".

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Relatert innhald

Brøkrekning

Her får du oppgåver om grunnleggjande brøkrekning, med utviding, forkorting, addisjon og subtraksjon av brøkar.

Skrive av Bjarne Skurdal og Ingrid Langdal.
Sist oppdatert 27.11.2025