Finn storleiken, måltalet og måleininga i desse døma.
a) Ole har målt høgda si til 185 cm.
Fasit
Storleiken er høgda, måltalet er 185, og måleininga er cm (centimeter).
b) Mathea køyrer bil i 70 km/h.
Fasit
Storleiken er farten (til bilen), måltalet er 70, og måleininga er km/h (kilometer per time).
c) I dag blæs det 12 m/s.
Fasit
Storleiken er farten (til vinden), måltalet er 12, og måleininga er m/s (meter per sekund).
d) Klokka er 14.35.
Fasit
Storleiken er klokkeslettet (eller tida). Her er det to måltal. Det eine, 14, har måleining h (timar), og det andre, 35, har måleining min (minutt).
e) Dhanushi deltek på eit 100-meterløp og bruker tida 13,23.
Fasit
Her er det eigentleg to storleikar. Den eine er strekninga ho spring der måltalet er 100, og måleininga er m (meter). Den andre storleiken er tida der måltalet er 13,23, og måleininga er s (sekund).
Ein suppeboks har ein diameter på 8,3 cm og ei høgde på 13 cm. Kor stort er volumet av denne boksen? Ta med måleiningane i utrekninga.
Løysing
Boksen er forma som ein sylinder. Vi kan slå opp på sida Volum og overflate av ein sylinder for å finne formelen for volumet, som ofte har symbolet .
Alle storleikane som inngår i formelen, har måleininga cm. Sidan storleiken radius skal multipliserast med seg sjølv (han skal opphøgjast i andre), får vi cm3 som måleining på volumet.