Utvikle ein berekraftig forretningsidé

Oppgåve 1. Idèmyldring
Sjå filmen Fremtidens grønne jobber nedanfor (lengde 08:13).
Kom opp med idéar til ein forretningsidé som tek utgangspunkt i ein eller fleire berekraftsutfordringar. Skriv ned minst ti ulike idéar, bruk gjerne post-it-lappar. Nedanfor finn de ulike kreativitetsøvingar som kan vere til hjelp.
Oppgåve 2. Idéutveljing
Vel ut tre av idéane frå idémyldringa de kan undersøke og vurdere nærare. Kanskje de vil kombinere fleire idéar?
Vel ut éin av idéane og formuler ein forretningsidé.
Forklar kvifor produktet er berekraftig, og om det passar inn i ein sirkulær økonomi. Kva for eit / kva nokon av FNs berekraftsmål tek idéen utgangspunkt i?
Oppgåve 3. Undersøk marknaden og test ut forretningsidéen
Finst det allereie liknande produkt?
Kva skil idéen dykkar frå det som allereie finst?
Kvifor skal kundar heller velje dykk?
Er det behov for idéen?
For å teste idéar blir det ofte gjennomført marknadsundersøkingar. Det kan gjerast på fleire måtar. I denne oppgåva kan de gjere det veldig enkelt ved til dømes å teste idéen på medelevar, lærarar og/eller vener.
Oppgåve 4. Lag skisse og prototype
Lag skisse eller prototype som kan illustrere forretningsidéen.
Hugs å ta omsyn til dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling i produktutforminga: miljømessig, økonomisk og sosial berekraft.
Oppgåve 5: Pitch idéen
Pitch idéen for klassen og/eller ein jury. Opne opp for spørsmål og kommentarar frå dei andre i klassen og/eller juryen.
Film: Pitch
Få gode tips til pitch i filmen nedanfor (lengde 01:19).