Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Visjon, forretningsidé og mål

Oppgåve
Video

Frå idé til visjon og forretningsidé

Ved hjelp av innovasjon kjem nye idéar til. Ved å formulere ein forretningsidé kan vi vise korleis vi kan tene pengar på den nye idéen. Den langsiktige draumen vår med forretningsidéen formulerer vi som ein visjon.

Oppgåve 1

Del 1. Film: Hva er en god idè?

Sjå filmen nedanfor (lengde 09:07). Skriv ned stikkord frå det dei seier om kva som er ein god idé, og korleis du skal lykkast med idéen.

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Del 2

  1. Formuler forslag til visjon og forretningsidé for verksemdene Praktisk Utdanning AS, Knit & Note AS, Master Blaster AS og Validé AS. Bruk informasjonen frå videoen ovanfor.

  2. Finn den faktiske visjonen for verksemda på nettsida til Praktisk Utdanning AS.

  • Vurder visjonen til Praktisk Utdanning AS.

  • Samanlikn den faktiske visjonen som kjem fram på nettsida med ditt eige forslag til visjon. Kva synest du er best av dei to – den faktiske visjonen eller ditt eige forslag? Grunngi.

  • Etter å ha vurdert begge versjonane skal du no formulere ein tredje versjon av visjonar for Praktisk Utdanning AS.

Oppgåve 2

Drøft påstanden: "Det er sjeldan at ein forretningsidé er så briljant, at idéen i seg sjølv gjer at du lykkast".

Oppgåve 3

Del 1. Film: Næringsliv og samfunn

Sjå filmen nedanfor (lengde 08:42) og noter stikkord om innovasjon.

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Del 2

  1. Forklar korleis batteriindustrien i Noreg kan påverke samfunnet på ulike måtar.

  2. Gründeren Elon Musk blir introdusert i starten av filmen. Gjer greie for Elon Musk sin gründerskap, og forklar korleis han har påverka andre gründerar, verksemder og samfunnet som heilskap.

  3. Elon Musk har bidrege til å transformere bilindustrien gjennom verksemda Tesla. Skriv ned det du meiner er ei passande formulering av Teslas visjon og forretningsidé.

  4. På kva måtar er Tesla-konseptet nytenkande og berekraftig? Drøft og grunngi.

  5. "Berekraft = business", blir det sagt i filmen. Gjer greie for kva som er meint med dette.

  6. Diskuter svara dykkar i klassen.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 13.02.2026