Oppgåve
Vurdere overordna strategiar
I denne oppgåva skal du gjere greie for og vurdere overordna strategiar.

Kva trur du kan vere overordna strategiar for Freia?
Oppgåve 1
Gjer greie for tre hovudtypar overordna strategiar.
Oppgåve 2
Ta utgangspunkt i det du veit om Freia frå før, og gå inn på nettsida til Freia for å gjere deg ytterlegare kjend med Freia si verksemd. Gjer greie for det du trur kan vere overordna strategiar for ei verksemd som Freia. Grunngi.
I juni 2023 var det fleire verksemder som boikotta Freia sine produkt. Kva var årsaka til boikotten? På kva for måtar kan slike boikottar påverke val av strategiar for verksemda?
Oppgåve 3
Ta utgangspunkt i ei valfri verksemd, og vurder kva strategiar verksemda kan bruke for å nå det du går ut i frå er dei overordna måla deira.
Relatert innhald
Overordna strategiar
Her skal vi sjå på tre hovudtypar av overordna strategiar: vekststrategiar, integrasjon og konkurransestrategiar.