Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Visjon, forretningsidé og mål

Oppgåve
Interaktivt innhald
Video

Vurdere visjon, forretningsidè og overordna mål


I denne oppgåva skal du vurdere visjon, forretningsidè og overordna mål for ulike verksemder.

Oppgåve 1

Oppgåve 2

Del 1. Film: Å utvikle ein forretningsplan Folkeladeren som døme

Bruk informasjonen frå filmen nedanfor og beskriv det du trur var forretningsidéen og dei overordna måla til Folkeladeren. Grunngi. Legg til grunn eigne føresetnader der du meiner det er nødvendig for å svare på oppgåva.

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Del 2

  1. Kva trur du kan vere årsaker til at Folkeladeren blei lagt ned? Grunngi svaret ditt.

Tips

Norges Automobil-Forbund (NAF): To ladebokser får strykkarakter i vår test av hjemmeladere

Oppgave 2

Del 1. Film: Forretningsplan og berekraft

Sjå filmen nedanfor (lengde 06:06), og drøft kvifor er det viktig å ha ein visjon.

Video: Cylinder / CC BY 4.0

Del 2

  1. Beskriv visjon, forretningsidé og overordna mål for verksemdene Looping, Packoorang og Optimera. Bruk informasjonen frå filmen ovanfor og nettsidene for verksemdene Looping, Packoorang og Optimere. Legg til grunn eigne føresetnader der du meiner det er nødvendig for å svare på oppgåva.

  2. Vurder verksemdene Looping, Packoorang og Optimera sin visjon, forretningsidé og overordna mål og sjå spesielt på berekraftsperspektivet.

Oppgåve 3

  1. Søk på ulike verksemder, gjerne der du sjølv er i målgruppa, og sjå etter visjonen, forretningsidèen og dei overordna måla.

  2. Vel ut to av verksemdene der du klarte å finne visjon, forretningsidè og overordna mål.

  3. Skriv ei vurdering av visjonane, forretningsidèane og dei overordna måla. Kva synest du er bra? Kva synest du fungerer mindre bra?

  4. Skriv ned eigne forslag til visjon, forretningsidè og overordna mål, anten til ei verksemd der du synest dei eksisterande ikkje fungerer så bra, eller til ei av verksemdene der du ikkje fann visjon, forretningsidè og overordna mål.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 13.02.2026