Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Idéutvikling

Kreativitetsøvingar kan vere ein god start på idéutviklingsprosessen. Her har vi samla fem øvingar frå Ungt entreprenørskap.

Oppgåve 1. Idémyldring

  • Tid: minimum 15 minutt

  • Hensikt:

    • få fram mange idéar

    • trene på at ingen idéar er dårlege

    • bli trygge på kvarandre

Instruksjonsfilm

Filmen nedanfor (lengde 3:50) viser korleis idémyldringsøvinga kan utførast.

Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Materiell og instruksjon

Materiell

  • post-it-lappar og tusjar

Post-it-lappar eignar seg veldig godt til idémyldring. Lappane gjer det lett å assosiere fordi dei er enkle flytte på. Heng idéane opp på ei tavle eller ein vegg. Det er viktig å tenke på at tavla eller veggen skal vere full av idéar, og ikkje endelege løysingar. Dei beste idéane må de arbeide vidare med for at dei skal kunne bli til gode løysingar.

Instruksjon

  1. Elevane går saman i grupper på tre eller fire.
  2. Læraren gir gruppene ei problemstilling, og dei skal så komme med idéar til løysingar.
  3. Individuelt i 2 minutt: Alle noterer sine eigne idéar på

    post-it-lappar – utan å diskutere med den som sit ved sida av. Det er berre lov med éin idé per post-it-lapp!

  4. I gruppa i 5 minutt: Alle i gruppa les opp idéane sine for kvarandre og heng post-it-lappane fortløpande opp på veggen. Idéar som liknar kvarandre eller er like, kan grupperast saman. La dykk inspirere av kvarandre sine idéar. Kanskje dette fører til at de kjem på endå fleire nye idéar?

  5. I gruppa i 3 minutt: Gruppemedlemmene blir einige om kva for tre idéar dei liker best.
  6. Oppsummering i plenum i 5 minutt: Kvar gruppe deler ein av idéane sine med resten av klassen. Kanskje dette kan trigge klassen til å ta nok ein runde for å komme på endå fleire nye idéar?
  7. Refleksjon: Det er viktig å reflektere saman over kva de har gjort i denne øvinga, kvifor de har gjort det, og korleis de kan bruke øvinga i ulike samanhengar. Sett av minst 5 minutt til dette.

    Døme på refleksjonsspørsmål:

  • Kva lærer de av denne øvinga?
  • Kvifor er det viktig å trene på kreativitet?
  • Fekk du nye idéar på grunnlag av andre sine? Var dette heilt nye idéar, eller var dei ei vidareutvikling av andre sine?
  • Får du betre idéar av å få fram mange idéar?
  • Korleis kan dette vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?
  • Korleis og når kan denne øvinga vere nyttig i andre samanhengar (på skulen, på fritida og så vidare)?

Oppgåve 2. Slumpord med FNs berekraftsmål

  • Tid: 20 minutt

  • Hensikt:

    • trene opp evna til kreativitet og assosiasjonstenking

    • bli kjend med FNs berekraftsmål

    • trening i å presentere

Instruksjonsfilm

Filmen nedanfor (lengde 3:50) viser korleis slumpord-øvinga kan utførast.

Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Instruksjon, slumpordliste og FNs berekraftsmål

Instruksjon

  1. Gå saman i grupper på fire eller fem elevar.
  2. Sjå på oversikta over FNs berekraftsmål og forklar kort for kvarandre kva dei er.
  3. To på kvar gruppe skriv ned eit tal kvar mellom 1 og 17.
  4. Det første talet skal gruppa bruke til å velje berekraftsmål. Det andre bruker de til å velje i slumpordlista nedst på sida.
  5. Bruk 3 minutt på å lese om berekraftsmålet de har fått, og til å diskutere kva dette målet faktisk betyr.
  6. Bruk 10 minutt på å diskutere dykk fram til fire ulike forretningsidéar med utgangspunkt i berekraftsmålet og slumpordet.
  7. Bruk 1 minutt på å presentere éin av forretningsidéane dykkar for klassen.
  8. Refleksjon: Det er viktig å reflektere saman over kva de har gjort i denne øvinga, kvifor de har gjort det, og korleis de kan bruke øvinga i ulike samanhengar. Sett av 4–6 minutt til dette, gjerne meir.

    Døme på refleksjonsspørsmål:

    • Kva lærer de av denne øvinga?
    • Kvifor er det viktig å trene på kreativitet?
    • På kva måte hjelpte berekraftsmåla dykk til å komme på idéar?
    • Korleis kan dette vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?
    • Korleis og når kan øvinga vere nyttig i andre samanhengar (på skulen, på fritida og så vidare)?

Slumpordliste

  1. ulv

  2. barn

  3. fallskjerm

  4. havet

  5. sjåførar

  6. fuglar

  7. kvinner

  8. fisk

  9. eldre

  10. flyktningar

  11. helsepersonell

  12. urbefolkning

  13. insekt

  14. ungdom

  15. isbrear

  16. lærarar

  17. politikarar

FNs berekraftsmål


Oppgåve 3. 1 + 1 = 3

  • Tid: 20 minutt

  • Hensikt:

    • trene opp evna til assosiasjonstenking

    • bli kjend med FNs berekraftsmål

Instruksjonsfilm

Filmen nedanfor (lengde 4:16) viser korleis øvinga 1 + 1 = 3 kan utførast.

Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Instruksjon

  1. Gå saman i grupper på fire eller fem elevar. Sørg for at de har noko å notere på. Vel éin i gruppa til å vere referent.
  2. Sjå på oversikta over FNs berekraftsmål og forklar kort for kvarandre kva berekraftsmåla er. Vel dykk ut to mål. Alternativt kan læraren tildele to "tilfeldige" mål til kvar gruppe.
  3. Bruk 3 minutt på å lese om berekraftsmåla de har valt eller fått, og på å diskutere kva dei faktisk betyr.
  4. Bruk 8–10 minutt på å komme på idéar og skrive ned forslag til korleis vi kan nå dei to berekraftsmåla. Hugs at alle forslag er like verdifulle. Ingen idéar er dumme. Det er ikkje lov å seie "nei". Alt er mogleg! No er det om å gjere å få fram så mange idéar som mogleg.
  5. Bruk 2 minutt på å bli einige om kva for to forslag de har lyst til å dele med klassen.
  6. Gruppene får 1–2 minutt kvar til å presentere dei to forslaga sine for klassen. Sei først kva for to mål de har teke utgangspunkt i, før de fortel om forslaga.
  7. Refleksjon: Det er viktig å reflektere saman over kva de har gjort i denne øvinga, kvifor de har gjort det, og korleis de kan bruke øvinga i ulike samanhengar. Sett av 4–6 minutt til dette, gjerne meir.

    Døme på refleksjonsspørsmål:

  • Kva lærer de av denne øvinga?
  • Kvifor er det viktig å trene på kreativitet?
  • På kva måte hjelpte berekraftsmåla dykk til å komme på idéar?
  • Korleis kan dette vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?
  • Korleis og når kan denne øvinga vere nyttig i andre samanhengar (på skulen, på fritida og så vidare)?

Oppgåve 4. Kleshengar

  • Tid: minimum 20 minutt

  • Hensikt:

    • trene på kreativitet, vere impulsiv

    • få fram mange idéar

    • trene på at ingen idéar er dårlege

Instruksjonsfilm

Filmen nedanfor (lengde 3:07) viser korleis kleshengar-øvinga kan utførast.

Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Materiell og instruksjon

Materiell

  • bilete av ein kleshengar og/eller kleshengarar i klasserommet som illustrasjon

  • noko å skrive på og med (helst ark og blyant eller penn, men det går òg greitt med ei digital notatblokk)

  • premie til vinnargruppa (for å markere at kvantitet er viktig i kreativt arbeid)

Instruksjon

  1. Elevane blir delte inn i grupper på to eller tre.

  2. Læraren fortel bakgrunnshistoria for øvinga: "Tenk dykk at ein gigantisk kleshengarfabrikk går konkurs, og skulen får tilbod om å overta heile restlageret. Konkursbuet spør om de har idéar til kva denne ressursen kan brukast til. Det er eit ønske å finne veldig mange bruksområde. Fabrikken har produsert kleshengarar av plast, tre og metall."

  3. Gruppene får 3 minutt på å komme på flest mogleg idéar til kva ein kleshengar – eller fleire kleshengarar – kan brukast til. Kleshengarane kan modifiserast eller koplast saman. Det er viktig å fokusere på "ja, og ...". Det er ikkje lov å seie "nei" eller "ja, men ...".

  4. Når tida er ute, skal kvar gruppe telje idéane sine.

  5. Læraren ber alle som har over 5 idéar om å rekke opp handa, deretter alle med 10 idéar, 15, 20 – til det berre er éi gruppe igjen. Denne gruppa får ein liten premie. Premien kan vere symbolsk, men det er viktig å lage ei markering.

  6. Læraren ber vinnargruppa lese opp alle idéane sine. Deretter ber hen dei andre gruppene velje ut nokre idéar dei kan lese opp. (Det er viktig å involvere alle.) Denne delen kan ta tid med mange grupper, så her må de tilpasse ut frå kor lang tid de har til rådigheit.

  7. Refleksjon: Det er viktig å reflektere saman over kva de har gjort i denne øvinga, kvifor de har gjort det, og korleis de kan bruke øvinga i ulike samanhengar. Døme på refleksjonsspørsmål:

    • Kor mange ulike idéar fann klassen totalt sett?

    • Vil det bli betre kvalitet på den idéen som til slutt blir vald, dersom gruppa kjem opp med mange idéar, enn dersom ho kjem på få idéar?

    • Kva lærer de av denne øvinga?

    • Kvifor er det viktig å trene på kreativitet?

    • Korleis kan dette vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?

    • Korleis og når kan denne øvinga vere nyttig i andre samanhengar (på skulen, på fritida og så vidare)?

5. Meister

  • Tid: 15 minutt

  • Hensikt:

    • setje i gang prosessar for idéutvikling

Instruksjonsfilm

Filmen nedanfor (lengde 3:15) viser korleis meister-øvinga kan utførast.

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Instruksjon

  1. Gå saman to og to. De får kvar dykkar rolle:

    • Éin er reporter.

    • Den andre er "verdsmeister".

    Den av dykk som er "verdsmeister", veit alt om eit tema. Reporteren skal intervjue verdsmeisteren om temaet.

  2. Dei to elevane i kvar gruppe skal tenke på kvart sitt substantiv, og seie det i munnen på kvarandre når læraren har talt til tre. Viss orda til dømes er "ape" og "hus", blir temaet "apehus". Dette teamet er verdsmeisteren ekspert på og veit alt om.

  3. Reporteren skal no intervjue verdsmeisteren om temaet i 2–3 minutt. Reporteren kan til dømes spørje:

    • Kor mykje kostar det?

    • Korleis er det produsert?

    • Kva bruksområde har det?

    • Kva særtrekk har det?

    • Korleis ser det ut?

    • Kven har bruk for det?

  4. Deretter byter elevane roller og gjennomfører punkt 1 og 2 på nytt.

  5. I plenum: Læraren spør nokre av reporterane om å referere (samanfatte) kva verdsmeisteren har fortalt om temaet.

  6. Refleksjon: Det er viktig at de reflekterer saman over kva de har gjort i denne øvinga, kvifor de har gjort det, og korleis de kan bruke øvinga i ulike samanhengar. Døme på refleksjonsspørsmål:

    • Kva lærer de av denne øvinga?

    • Kvifor er det viktig å trene på kreativitet?

    • Korleis kan dette vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?

    • Korleis og når kan denne øvinga vere nyttig i andre samanhengar (på skulen, på fritida og så vidare)?

Skrive av Ungt Entreprenørskap og Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 10.11.2025