Oppgåve
Målgruppeval og forretningsidé for smoothie
I denne oppgåva skal du formulere forretningsidé og tilrå målgruppe for ei tenkt ny bedrift med namnet New Smoothie Energy.

Om New Smoothie Energy
Verksemda skal lansere eit nytt produkt som følgjer ein trend i tida med sunn og naturleg mat. Smoothien er ein ferdigdrikk laga med bær og spinat, og i tillegg er han tilsett ekstra vitamin og protein. Smoothien blir selt i ei resirkulert flaske.
New Smoothie Energy meiner at smoothien deira har eit konkurransefortrinn med det høge innhaldet av protein og vitamin. Smoothien passar fint som eit mellommåltid og til å nyte etter trening.
Oppgåve
Ta i bruk dei føresetnadene du meiner er naudsynte for å svare på oppgåva.
- Formuler ei setning som du meiner kan vere ein passande forretningsidé for New Smoothie Energy.
- Forklar korleis du meiner New Smoothie Energy kan bruke dei ulike segmenteringskriteria. Bruk relevante fagomgrep.
- Identifiser og beskriv, så presist som mogleg, kva du meiner kan vere primærmålgruppa til New Smoothie Energy.
Relatert innhald
Marknadskommunikasjon for smoothie
I denne oppgåva skal du tilrå marknadskommunikasjon for ei tenkt ny verksemd med namnet New Smoothie Energy.