Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Er det behov for ideen?

I denne oppgåva skal de arbeide med å utvikle ein forretningsidé og gjennomføre ei marknadsundersøking. Før de set i gang, skal de sjå filmen frå Innovasjon Norge nedanfor (lengde 01:37).
Har du tenkt å starta bedrift? Det første du bør tenkja på er å finna ut om det er ein marknad for ideen din. Video: Innovasjon Norge / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåve

Del 1: utvikl ein forretningsidé

Jobb i grupper med å utvikle forretningsidear, og vel ut ein idé som de ved hjelp av ei marknadsundersøking vil finne ut av om det er behov for.

Det finst ulike øvingar som kan vere til hjelp for å kome på idear og få i gang prosessar for idéutvikling. Her er nokre døme på slike øvingar:

Relatert innhald

Brainstorming

Brainstorming er ei enkel øving for å kome på flest mogleg idear, bli trygge på kvarandre og få i gang prosessar for idéutvikling.

Del 2: gjennomfør ei marknadsundersøking

Utarbeid og gjennomfør ei marknadsundersøking. Følg fasane i ein tradisjonell undersøkingsprosess, og ta medvitne val i arbeidet med å utforme spørsmål til undersøkinga, samle inn data, analysere data og rapportere funn. Lykke til!

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 16.01.2026