Spørjeundersøkingar

Utforming av spørsmål
For at ei spørjeundersøking skal gi nyttig informasjon, må spørsmåla måle det du faktisk ønsker å finne ut av.
Formuleringane må ikkje vere leiande ved å legge svaret i munnen på respondenten. I staden for å spørje om servicen var fantastisk, bør du spørje korleis opplevinga var. Teksten må òg vere tydeleg og konkret. Unngå å stille to spørsmål i eitt, som å spørje om både pris og kvalitet i same formulering.
Gjennom heile undersøkinga må respondenten oppleve at det er trygt og fritt fram å gi eit reelt og ærleg svar utan å få kjensla av å bli dømd.
Svaralternativ
I kvantitative spørjeundersøkingar bruker vi eit strukturert spørjeskjema der alle får dei same spørsmåla med faste svaralternativ. Dette gjer at svara enkelt kan gjerast om til tal og analyserast digitalt.
Svaralternativa kan lagast på ulike måtar ut frå kva du vil undersøke. Ein poengskala frå 1 til 6 blir ofte brukt til å måle tilfredsheit, til dømes kor nøgd respondenten var med servicen på eit hotell. Om du skal måle haldningar, kan du bruke ein einigheitsskala som går frå heilt einig til heilt ueinig. I andre tilfelle passar det best med vanlege fleirval der respondenten kryssar av for aldersgruppe, kjøpssvanar eller andre faste kategoriar.
Ulike typar av spørjeundersøkingar
I kvantitative spørjeundersøkingar spør vi etter opplysningar som kan kvantifiserast, i motsetning til i djupneintervju der vi samlar inn kvalitative data.
Kva type spørjeundersøking ulike verksemder vel å bruke, avheng av både kor mykje tid og pengar dei har til rådvelde, og av kva type data dei skal innhente.
Digital undersøking

Fordelar
Metoden har høg rekkevidde og låg kostnad, og når ut til tusenvis av personar på kort tid.
Det kan nyttast digitale verktøy som analyserer svara fortløpande.
Du kan legge ved bilete, lyd eller videoar ved behov.
Ulemper
Folk får så mykje digital post, at spørjeunderøkinga lett blir oversett eller sletta.
Mange kvir seg for å trykke på lenker frå ukjende avsendarar av frykt for svindel.
Personleg intervju

Fordelar
Intervjuaren kan observere kroppsspråk og ansiktsuttrykk.
Det er lett å oppklare misforståingar undervegs.
Du sikrar at respondenten faktisk svarer på alle spørsmåla.
Ulemper
Metoden krev mykje tid og er kostbar å gjennomføre.
Respondenten kan kjenne seg stressa eller svare det hen trur er venta.
Telefonintervju

Fordelar
Metoden gir rask respons og umiddelbare svar.
Det er moglegheit til å oppklare misforståingar undervegs.
Ulemper
Mange lar vere å svare på samtalar frå ukjende nummer, eller dei forvekslar innringinga med sal.
Du mistar moglegheita til å lese kroppsspråket til respondenten.
Postintervju

Fordelar
Metoden kan opplevast som meir formell og seriøs av enkelte målgrupper.
Respondenten får god tid til å tenke seg om.
Ulemper
Det blir dyrt å gjennomføre metoden på grunn av trykk- og portokostnader.
Han gir svært låg svarprosent fordi retur krev ekstra innsats.
Det er umogleg å kontrollere kven som faktisk fyller ut skjemaet.