Ulike casar til munnleg eksamen
Retningslinjer for munnleg eksamen
Munnleg eksamen er todelt og består av
Førebuingstid: 24 timar
Eksamenstid: inntil 30 minutt
På førebuingsdagen møter du på skulen og trekker ein førebuingsdel med case, relevante kompetansemål og vurderingskriterium. Du får ikkje få vite kva for spørsmål som vil bli stilte under sjølve eksamen. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne.
Du vel sjølv om du vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. Sjølve presentasjonen, som er laga i førebuingstida, inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget på eksamen. Men kompetansen du viser munnleg gjennom ein presentasjon på eksamensdagen, blir vurdert saman med etterfølgande oppfølgingsspørsmål og fagsamtale.
Eksamenstida er inntil 30 minutt. På eksamensdagen kan du ta med notat frå førebuingsdagen og ulike hjelpemiddel som er relevante for å gjennomføre ein eventuell presentasjon. Fagsamtalen går føre seg utan hjelpemiddel og tek i hovudsak utgangspunkt i kompetansemål knytte til casen som er gitt i førebuingsdelen.
Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla, som er oppgitte i førebuingsdelen, og vurderingskriterium. Karakteren skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen slik han kjem fram på eksamen.
Vurderingskriterium
Ta gjerne utgangspunkt i forslaget vårt til vurderingskriterium for lokalt gitt munnleg eksamen i marknadsføring og leiing 2.
Case 1 – Skjærgårdsidyll camping

Situasjonsbeskriving
Skjærgårdsidyll camping er ein idyllisk campingplass som ligg i naturskjønne omgivnader ved kysten. Plassen har ei unik plassering med direkte tilgang til ein vakker skjergard, flotte sandstrender og gode turmoglegheiter. Gjennom åra har campingplassen tiltrekt seg besøkande som verdset natur, båtliv og ein avslappande atmosfære. Skjærgårdsidyll camping har vore eit føretrekt val for både familiar og eldre par.
Dei siste to åra har campingplassen opplevd ein merkbar nedgang i besøkande, spesielt i høgsesongen. Tidlegare har Skjærgårdsidyll camping hatt ein stabil kundebase. Fleire lojale gjester har likevel valt å prøve andre campingplassar i området, og nye gjester uteblir i større grad enn forventa. Dette har ført til redusert omsetning i både overnattingar og tilleggsprodukt som kioskvarer, utleige og aktivitetar.
Ei av årsakene til det reduserte besøkstalet er etableringa av to nye campingplassar i nærleiken. Desse campingplassane har investert tungt i moderne fasilitetar, høg standard på overnattingstilbod og eit breitt spekter av aktivitetar både for barn og vaksne. Dette har gjort konkurransesituasjonen utfordrande for Skjærgårdsidyll camping.
For å kunne snu trenden og tiltrekke seg fleire besøkande igjen, ser Skjærgårdsidyll camping behovet for ein grundig situasjonsanalyse og ein tydeleg marknadsstrategi. Dei ønsker di hjelp til å analysere dagens situasjon og komme med forslag til marknadsstrategiske tiltak.
Aktuelle kompetansemål
bruke situasjonsanalyse og bransjeanalyse og vurdere marknadsstrategiske avgjerder
utvikle merkevarestrategiar og vurdere posisjonering i merkevarebygging
vurdere og utvikle kommunikasjonsstrategiar, utforske dagsaktuelle kommunikasjonskanalar og planlegge mediemiks
vurdere korleis verksemder kan utvikle heilskapleg marknadsmiks, og utforske ulike metodar for å måle effekten av marknadsføringstiltaka
vurdere berekraftige val for verksemder med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold
Case 2 – Pulse

Situasjonsbeskriving
PULSE er eit nytt treningssenterkonsept som er under utvikling, og som har ambisjonar om å utfordre og omdefinere kva trening betyr i dagens samfunn. I ei tid der både psykisk og fysisk helse er i fokus, ønsker PULSE å tilby eit heilskapleg og inkluderande tilbod som kombinerer fysisk aktivitet med forståing for mental helse, livsbalanse og personleg utvikling.
PULSE skal ikkje berre vere ein stad der folk kjem for å "trene kroppen", men eit rom for inspirasjon, refleksjon og fellesskap. Gründerane av PULSE ønsker å skape eit miljø der menneske kjenner seg sett, motivert og varetekne – både fysisk, mentalt og sosialt. I tillegg til tradisjonelle treningsformer skal senteret tilby tenester som
mentaltrening og coaching
mindfulness, yoga og stressmeistringskurs
workshops om søvn, kosthald og livsstil
foredrag og inspirasjonskveldar med fagpersonar og profilar innan mental helse
sosiale treffpunkt og samtalegrupper i uformelle settingar
Konseptet bygger på ei holistisk helsetilnærming, der fysisk aktivitet blir sett i samanheng med psykisk helse, sosial tilhøyrsel og personleg motivasjon. Treninga skal vere meiningsfull, ikkje berre målorientert. Dette skal speglast både i det fysiske lokalet, tenestene som blir tilbodne og i all kommunikasjon utetter.
I tillegg til opplysningane i situasjonsbeskrivinga ovanfor må du ta eigne føresetnader der du meiner det er nødvendig.
Aktuelle kompetansemål
utvikle og vurdere visjoner, forretningsideer og overordnede mål
drøfte og begrunne ulike faktorer som påvirker målgruppevalg
bruke situasjonsanalyse og bransjeanalyse og vurdere markedsstrategiske beslutninger
utvikle merkevarestrategier og vurdere posisjonering i merkevarebygging
vurdere og utvikle kommunikasjonsstrategier, utforske dagsaktuelle kommunikasjonskanaler og planlegge mediemiks
vurdere hvordan virksomheter kan utvikle helhetlig markedsmiks, og utforske ulike metoder for å måle effekten av markedsføringstiltakene
Case 3 – Purely EcoStrips

Situasjonsbeskriving
Det nystarta norske selskapet Purely AS er etablert av tre unge gründerar frå Oslo. Med aukande fokus på berekraft, miljø og helse ønskte dei å utvikle eit vaskemiddel som både er effektivt, miljøvennleg og trygt for menneske og natur.
Purely skal no lansere det første produktet sitt: Purely EcoStrips, eit vaskemiddel i form av tynne, biologisk nedbrytbare ark som blir løyste opp i vaskemaskina. Kvart ark er førehandsdosert for éin klesvask, noko som gjer det enkelt for forbrukaren å bruke rett mengde vaskemiddel – utan søl og overforbruk.
Dette er noko av det som kjenneteiknar Purely EcoStrips:
blir levert i gjenvinnbar pappeske
ark som er laga av plantebaserte ingrediensar og er 100 prosent biologisk nedbrytbare
minimalt transportvolum og vekt samanlikna med tradisjonelle flasker og pulverposar
utan skadelege kjemikal som SLS, fosfat, parabenar og bleikemiddel
dermatologisk testa og allergivennleg – ideelt for sensitiv hud og babyklede
inneheld ingen syntetiske dufter – berre naturlege eteriske oljer
I tillegg til opplysningane i situasjonsbeskrivinga ovanfor må du ta eigne føresetnader der du meiner det er nødvendig.
Aktuelle kompetansemål
drøfte og begrunne ulike faktorer som påvirker målgruppevalg
utvikle merkevarestrategier og vurdere posisjonering i merkevarebygging
utvikle distribusjonsstrategier og vurdere påvirkning av makt og avhengighet i en verdikjede
drøfte ulike faktorer som påvirker prissetting, og utvikle prisstrategier
drøfte virksomheters samfunnsansvar ut fra et etisk, lovmessig og forretningsmessig perspektiv, og vurdere dette opp mot virksomhetens omdømme
vurdere bærekraftige valg for virksomheter med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold
Case 4 – Fly Chicken

Situasjonsbeskriving
Fly Chicken er eit hurtigmatkonsept med fokus på frityrsteikt kylling. Ta utgangspunkt i informasjon på Fly Chicken si nettside.
Aktuelle kompetansemål
velge og bruke kilder, markedsførings- og ledelsesteorier og modeller i arbeid med faglige spørsmål, emner og dagsaktuelle problemstillinger
drøfte og begrunne ulike faktorer som påvirker målgruppevalg
vurdere og utvikle kommunikasjonsstrategier, utforske dagsaktuelle kommunikasjonskanaler og planlegge mediemiks
vurdere lederens rolle og funksjon i utviklingen av markedsstrategi og i internmarkedsføring
utvikle og begrunne helhetlige markedsstrategier og drøfte etisk bruk av konkurransemidler
vurdere bærekraftige valg for virksomheter med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold
Case 5 – Oda

Situasjonsbeskriving
Oda er ein daglegvarebutikk på nett som tilbyr heimlevering. Ta utgangspunkt i informasjon på Oda si nettside.
Aktuelle kompetansemål
velge og bruke kilder, markedsførings- og ledelsesteorier og modeller i arbeid med faglige spørsmål, emner og dagsaktuelle problemstillinger
bruke situasjonsanalyse og bransjeanalyse og vurdere markedsstrategiske beslutninger
utvikle distribusjonsstrategier og vurdere påvirkning av makt og avhengighet i en verdikjede
drøfte ulike faktorer som påvirker prissetting, og utvikle prisstrategier
utvikle og begrunne helhetlige markedsstrategier og drøfte etisk bruk av konkurransemidler
drøfte virksomheters samfunnsansvar ut fra et etisk, lovmessig og forretningsmessig perspektiv, og vurdere dette opp mot virksomhetens omdømme
Case 6 – Too Good To Go

Situasjonsbeskriving
Too Good To Go er ein app som lar brukarar kjøpe overskotsmat frå restaurantar og butikkar til redusert pris, og dermed bidra til å redusere matsvinn. Ta utgangspunkt i informasjon på Too Good To Go si nettside.