Fagstoff
Vurderingskriterium til munnleg eksamen
Her har vi utarbeidd eit forslag til vurderingskriterium for lokalt gitt munnleg eksamen i marknadsføring og leiing 2.

Å gjere seg kjend med vurderingskriterium til munnleg eksamen er ein nyttig del av eksamensførebuinga.
Vurdering
Grunnlaget for vurderinga er kompetansemåla i læreplanen for marknadsføring og leiing 2. Karakteren skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen din slik han kjem fram på eksamen.
Dersom du vel å innleie eksamen med ein presentasjon, skal ikkje den digitale/skriftlege framstillinga i presentasjonen, som er laga i førebuingstida, vurderast i seg sjølv. Derimot skal kompetansen du viser munnleg gjennom presentasjonen din på eksamensdagen, saman med oppfølgingsspørsmåla og fagsamtalen, vurderast.
Forslaget til vurderingskriterium er meint som ei hjelp til å forstå kva som blir forventa av deg til eksamen. Vurderingskriteria skildrar kompetanse på tre nivå.