Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Ulike casar til skriftleg eksamen

Her er ei samling av casar som kan brukast som øving til skriftleg eksamen.

Retningslinjer for eksamen

  • Hjelpemiddel er tillatne, med det er ikkje tillate å kommunisere med andre på nettet eller på andre måtar under eksamen.

  • Du har tilgang til eit avgrensa utval nettbaserte hjelpemiddel, men ikkje internett elles. Du vil mellom anna ha tilgang til læringsressursar på NDLA under eksamen. Sjå elles oversikt over nettressursar til eksamen – Novari.

  • Det er ikkje tillate å bruke automatisk tekstgenerator som praterobot eller tilsvarande teknologi.

  • Sentralt gitt skriftleg eksamen i marknadsføring og leiing 2 varer i fem timar.

  • Her finn du dei offisielle vurderingskriteria for sentralt gitt skriftleg eksamen i marknadsføring og leiing 2, utarbeidde av Utdanningsdirektoratet:

Tips til å skrive eit godt svar

  • Les oppgåvene og situasjonsbeskrivinga nøye før du begynner å svare på oppgåvene. Sikre deg at du forstår kva oppgåvene ber deg om.

  • Svar presist og relevant på det oppgåva ber deg om.

  • Merk deg handlingsverb i oppgåvene, slik at du drøftar der du blir beden om å drøfte og så vidare.

  • Jobb med å skape ein god struktur i svaret. Sørg for ein raud tråd gjennom teksten til kvar oppgåve.

  • Bruk formålstenlege kjelder og siter og vis på ein etterprøvbar måte.

  • Bruk og definer relevante fagomgrep.

  • Bruk relevant fagstoff, faktainformasjon og refleksjon for å komme fram til og underbygge grunngivingar, framheve poeng og komme med tilrådingar. Gjer greie for val du tek undervegs i svaret.

Case 1 – Renn

Situasjonsbeskriving

Renn er eit nytt norsk skimerke som har ambisjonar om å få innpass og etablere seg i marknaden for langrennsski, alpinski og toppturski. Merket blei grunnlagt av ei gruppe unge entreprenørar med lidenskap for skisport og berekraftig utvikling. Med base i Trondheim ønsker Renn å kombinere moderne teknologi med miljøvennlege produksjonsmetodar for å tilby ski av høg kvalitet til både mosjonistar og profesjonelle utøvarar.

Som eit nyetablert merke møter Renn ei rekke utfordringar. Konkurransen i skimarknaden er tøff, med dominerande aktørar som Fischer, Rossignol og Madshus som allereie har eit solid grep om både fritids- og proffmarknaden. I tillegg må Renn overtyde forbrukarane om at produkta deira er like gode, eller betre, enn dei etablerte alternativa.

Samtidig har Renn fleire moglegheiter. Etterspurnaden etter berekraftige og innovative produkt aukar, og Renn har utvikla ski med resirkulerte materiale og biologisk nedbrytbare belegg for å møte desse behova.

I tillegg til opplysningane i situasjonsbeskrivinga ovanfor må du setje eigne føresetnader der du meiner det er nødvendig.

Del 1

Vurder og gi grunngitte tilrådingar til korleis Renn kan etablere seg som ei sterk merkevare med ein tydeleg posisjon i marknaden.

Del 2

Gi eit grunngitt forslag til ein kommunikasjonsstrategi der du foreslår dagsaktuelle kommunikasjonskanalar for Renn.

Del 3

Vurder berekraftige val for Renn med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold.

Case 2 – Fast Fish

Situasjonsbeskriving

Fast Fish er eit nytt hurtigmat-konsept med fokus på norsk sjømat som er under utvikling. Konseptet er utvikla av to gründerar, Maria Engen og Sindre Aas, som begge har bakgrunn innan høvesvis matvitskap og berekraftig forretningsutvikling. Dei ønsker å utfordre den etablerte hurtigmat-marknaden i Noreg.

Fast Fish ønsker å møte behova til ei stadig meir helsebevisst og miljøengasjert befolkning. Dei vil tilby eit raskt, urbant og moderne mattilbod som kombinerer kvalitet, berekraft og effektivitet. På menyen blir det planlagt rettar som poké bowls med norsk laks og torsk, sjømatburgarar, wraps med fiskekaker og varme supper – alt basert på norsk sjømat. Rettane skal lagast på bestilling, men med høg grad av effektivitet og eit tydeleg fokus på smak, næringsinnhald og visuell presentasjon.

Fast Fish skal i første omgang etablere eit pilotutsal i Oslo sentrum, med mål om å bygge opp merkevara i løpet av det første året. Håpet til gründerane er å skape ei kjede på sikt, men i oppstarten ønsker dei å teste konseptet, bygge kjennskapar i marknaden og tiltrekke seg ein lojal kundebase.

I tillegg til opplysningane i situasjonsbeskrivinga ovanfor må du ta eigne føresetnader der du meiner det er nødvendig.

Del 1

Utvikle ein visjon, forretningsidé og overordna mål for det nye hurtigmat-konseptet.

Del 2

Foreslå og grunngi to ulike målgrupper for konseptet. Drøft og grunngi ulike faktorar som påverkar dette målgruppevalet.

Del 3

Gi eit grunngitt forslag til kommunikasjonsstrategi der du foreslår dagsaktuelle kommunikasjonskanalar for Fast Fish.

Case 3 – SNAXX

Situasjonsbeskriving

SNAXX er ein norsk produsent av snackprodukt som blei starta av tre unge entreprenørar med lidenskap for matglede og sunnare snackalternativ – utan at det går ut over smaken. Produktsortimentet består mellom anna av omnsbakte chips av rotgrønsaker, linsebasert snacks og ulike frukt- og nøttebarar. Produkta er laga med naturlege ingrediensar og utan kunstige tilsetjingsstoff, og dei er retta mot ei yngre, bevisst målgruppe som søker smakfulle snacks utan dårleg samvit.

Verksemda har, i tillegg til innpass hos ei norsk daglegvarekjede, satsa på direkte distribusjon via eigen nettbutikk, der dei tilbyr abonnementsløysingar og pakkar med eksklusive limited edition-produkt.

Etter tre år med vekst har SNAXX begynt å møte på nokre utfordringar. Marknaden for snackprodukt blir stadig meir konkurranseprega, både frå veletablerte merkevarer som Maarud og Kims, som kjem med nye lanseringar, men òg frå nye, kreative aktørar. SNAXX merkar at deira marknadsdel er under press, og enkelte produkt har ikkje selt like godt som forventa det siste året.

SNAXX har òg utfordringar internt. Det har vore stor gjennomstrøyming blant tilsette det siste året, spesielt i sals- og marknadsavdelinga. Fleire medarbeidarar oppgir utydeleg leiing, dårleg kommunikasjon og lite motivasjon som grunnar til at dei har slutta. Arbeidsmiljøet blir prega av uvisse og låg trivsel.

I tillegg til opplysningane i situasjonsbeskrivinga ovanfor må du ta eigne føresetnader der du meiner det er nødvendig.

Del 1

Vurder og gi grunngitte tilrådingar til korleis SNAXX kan jobbe for å bli ei sterk merkevare med ein tydeleg posisjon i marknaden.

Del 2

Drøft ulike faktorar som påverkar prissetjing, og gi grunngitte tilrådingar til prissetjing av SNAXX-produkta.

Del 3

Vurder og gi grunngitte tilrådingar til korleis leiinga i SNAXX kan jobbe med internmarknadsføring.

Case 4 – Shake X

Situasjonsbeskriving

På slutten av 90-talet lanserte Tine produkt ved namn OX. Dette var smakstilsette mjølkedrikker som hadde ungdommar som målgruppe. OX-produkta blei likevel ingen stor suksess. Les meir om dette i kjelda nedst.

Shake X derimot er ei norsk verksemd som ønsker å følge ein trend i tida med sunn og naturleg mat og drikke. Dei ønsker å lansere nye typar milkshakar som skal vere tilsette ekstra vitamin og protein. Shake X ønsker å lansere to ulike smakar i første omgang:

  • LOL – med smak av bringebær, sitron og guava

  • YOLO – med smak av kokos, chili og ananas

Shake X kjøper berre mjølk frå norske bønder og jobbar med sertifiserte berekraftige leverandørar. Verksemda har fokus på berekraftig emballasje og produksjon.

Leverandørar til dei store norske daglegvarekjedene må ofte jobbe hardt for å få innpass i butikkane. Shake X har likevel som mål å få selje hos daglegvarekjedene og har stor tru på produktet sitt. Dei håper og trur at lanseringa deira skal gå betre enn Tine si lansering av OX.

I tillegg til opplysningane i situasjonsskildringa ovanfor må du legge til eigne føresetnader der du meiner det er nødvendig.

Del 1

Gjer eit målgruppeval for Shake X. Drøft og grunngi segmenteringsstrategien du har brukt.

Del 2

Kom med forslag til ein distribusjonsstrategi for Shake X. Korleis kan makt og avhengnad i verdikjeda påverke moglege distribusjonsstrategiar?

Del 3

Gi eit grunngitt forslag til kommunikasjonsstrategi, der du foreslår dagsaktuelle kommunikasjonskanalar for Shake X.

Case 5 – Trøll

Situasjonsbeskriving

Det har vore ein eksplosjon av sal av energidrikkar i Noreg. I 2022 drakk nordmenn over 73 millionar liter energidrikk, ifølge Bryggeri- og drikkevareforeningen. Fleire influensarar profilerer desse drikkane, mellom anna på Tik Tok.

Blant barn og unge i alderen 10–18 år sa Forbrukerrådet si undersøking frå 2021 at 43 % drakk energidrikk minst éin gong i veka. Fleire unge melde om biverknader som skjelving, hjartebank, hyperaktivitet, hovudpine og brystsmerter som følge av inntak av energidrikk. 1. januar 2026 blei det innført eit forbod mot sal av energidrikk til barn under 16 år. Les meir i Forskrift om forbud mot salg av energidrikk til barn under 16 år på Lovdata.

Ein norsk leskedrikkprodusent som har produsert brus og energidrikk i fleire år, ønsker no å tilby eit sunnare alternativ.

Målet er at dette produktet skal konkurrere med populære energidrikkar på marknaden. Produktet skal bestå av vatn gjort rikt med vitamin for å booste energinivået, for så å bli tilsett fruktsmak. Første smak ut er blodappelsin. Designet på boksen med vitaminvatn minner om designet på energidrikk-boksar. Dei har valt Trøll som namn på produktet og ser for seg at Trøll kan bli ei sterk merkevare i den norske leskedrikkmarknaden.

I tillegg til opplysningane i situasjonsskildringa ovanfor må du legge til eigne føresetnader der du meiner det er nødvendig.

Del 1

Gi eit grunngitt forslag til visjon og forretningsidé for det nye vitaminvatnet på boks, Trøll.

Del 2

Vurder og gi grunngivande tilrådingar til korleis Trøll kan etablere seg som ei sterk merkevare med ein tydeleg posisjon i den norske leskedrikkmarknaden.

Del 3

Gjer greie for ulike faktorar som påverkar prissetjing og anbefal ein prisstrategi for Trøll.

Case 6 – THUN

Situasjonsbeskriving

Mote- og tekstilindustrien er den nest mest forureinande industrien i verda. Dei siste 20 åra har klesproduksjonen dobla seg – til over 100 milliardar plagg i året. I tillegg er det berre ein prosent av kleda som blir resirkulerte. Ifølge tal frå SIFO har nordmenn i gjennomsnitt 359 plagg i klesskapet. Kvart femte plagg blir sjeldan eller aldri brukt, og vi kastar i snitt 23 kilo klede kvart år.

For å produsere éi enkelt T-skjorte trengs det 1 400 liter vatn. Det svarer til meir enn ti fulle badekar. Bomull er nemleg ein veldig tørst plante, og kleda våre kan dermed ha ein svært negativ påverknad på miljøet. Det blir òg brukt mykje kunstgjødsel og sprøytemiddel på bomullsmarkene.

Grete Thundal er ein kjend influensar som tek miljøet på alvor. Ho ønsker å bidra positivt i verda ved å lansere sitt eige klesmerke. Merket skal heite THUN og ta utgangspunkt i det nordiske. Miljø og samfunnsengasjement skal vere sentrale verdiar.

Grete Thundal ønsker å skape klede av høg kvalitet, og ho vil legge noko av produksjonen i Noreg og resten til utlandet. Målet er at kundane skal tenke meir på kvalitet enn på kvantitet og dermed kjøpe plagg som er slitesterke og varer lengre. THUN ønsker spesielt å nå ut til ungdommen med bodskapen om eit berekraftig forbruk basert på resirkulerte materiale.

I tillegg til opplysningane i situasjonsskildringa ovanfor må du setje eigne føresetnader der du meiner det er nødvendig.

Del 1

Kom med eit forslag til ein merkevarestrategi for klesmerket THUN, der du gir grunngitte tilrådingar til merkevarebygginga.

Del 2

Gjer greie for ulike faktorar som påverkar prissetjing og anbefal ein prisstrategi for THUN.

Del 3

Drøft THUNs samfunnsansvar ut frå eit etisk, lovmessig og forretningsmessig perspektiv. Gjer greie for korleis graden av samfunnsansvar påverkar omdømmet for verksemda.

Kjelder

Evensen, G. (2011, 21. april). "OX" – hvil i fred. https://www.nrk.no/kultur/_ox_---hvil-i-fred-1.7602797

Bryggeri- og drikkevareforeningen. (2022, 31. desember). Salgsstatistikk energidrikker. (https://bryggeriforeningen.no/tall-og-fakta/salgsstatistikk/?PT_Radnr=5&mnd=12&aar=2022

Forbrukerrådet. (2021, 22. november). Stadig flere barn og unge drikker energidrikker. https://www.forbrukerradet.no/siste-nytt/stadig-flere-barn-og-unge-drikker-energidrikker/

Hansen, K. W. (2019, 14. oktober). Ny undersøkelse om energidrikk: - Det er grunn til å advare. Avisa Nordland. https://www.an.no/ny-undersokelse-om-energidrikk-det-er-grunn-til-a-advare/s/5-4-1101046

L.K. Noer. (Regissør). (2020, 16. september) Influenser [Episode i TV-serie]. Innafor. NRK. https://tv.nrk.no/serie/innafor/2020/MDDP12100320/avspiller

Solheim, E.K. (2023, 25. februar). Sportsdrikken Prime rives ut av butikkhyllene i Norge. VG. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/5BWEKX/rives-ut-av-butikkhyllene-folk-er-gale-etter-det

Klepp, I. G. og Laitala, K. 2016. Klesforbruk i Norge. Fagrapport nr. 2. SIFO. Hentet frå https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/bitstream/handle/20.500.12199/5331/file80574_file80519_fagrapport_nr._2-2016_rapport_klesforbruk.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Senneset, I. (2019, 1. juli). FN-rapport: Klesindustrien står for større utslipp enn fly og skip. Hentet fra: https://www.aftenposten.no/norge/i/9vrE8d/fn-rapport-klesindustrien-staar-for-stoerre-utslipp-enn-fly-og-skip

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 05.01.2026