Her får du informasjon om korleis munnleg eksamen føregår og tips til korleis du kan førebu deg. Filmen nedanfor (lengde 11:18) illustrerer ein eksamenssituasjon med ulike scenario der eleven viser ulik måloppnåing.
På munnleg eksamen er det faglærar som er eksaminator, altså den som leier samtalen og stiller spørsmål. Læraren din vil at du skal få vist mest mogleg kompetanse. De er på same lag.
På førebuingsdagen møter du på skulen og trekker eit oppgåvesett som består av ei situasjonsskildring, problemstilling eller ein case som dekker fleire kjerneelement og relevante kompetansemål frå læreplanen. Relevante kompetansemål frå læreplanen og vurderingskriterium blir gitte saman med førebuingsdelen. Dette gir deg eit utgangspunkt for førebuinga til munnleg eksamen. Du skal elles ikkje få vite kva spørsmål som skal brukast under sjølve eksamen.
Vidare vel du sjølv om du vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne.
Eit tips i førebuingstida til munnleg eksamen er å øve på å snakke deg gjennom det du vil seie, og som du tenker kan vere relevant å snakke om på eksamensdagen. Snakk høgt til deg sjølv, gjerne mens du ser deg i spegelen. Det kan òg vere fint å få andre til å stille deg faglege og relevante spørsmål på bakgrunn av førebuingsdelen. Be gjerne om nokre tilbakemeldingar og tips til korleis du formulerer deg og formidlar fagstoffet.
Eksamenstida er inntil 30 minutt. På eksamensdagen kan du ta med notat frå førebuingsdagen og ulike hjelpemiddel som er relevante for å gjennomføre ein eventuell presentasjon. Fagsamtalen føregår utan hjelpemiddel.
Dersom du vel å ha ein presentasjon, kan denne utgjere inntil 10 minutt. Du får deretter oppfølgingsspørsmål til presentasjonen. Resten av eksamen er ein fagsamtale som kan omfatte alle kompetansemåla knytte til den aktuelle situasjonsskildringa, problemstillinga eller casen.
Viss du vel å ikkje ha ein presentasjon, startar fagsamtalen med ein gong. Faglærar er normalt eksaminator, og eksamineringa blir leia av eksaminator. Sensor skal vere ekstern og komme frå ein annan skule. Sensor skal i hovudsak ha ei lyttande rolle og ta notat under eksaminasjonen, men sensor kan òg stille spørsmål.
Tenk over
Kva meiner du kan vere fordelar og ulemper med å velje presentasjon på munnleg eksamen?
Dersom du vel å innleie eksamen med ein presentasjon, skal ikkje eit eventuelt produkt som er laga i førebuingstida bli vurdert i seg sjølv. Kompetansen du viser munnleg gjennom presentasjonen din på eksamensdagen, blir vurdert saman med oppfølgingsspørsmål og fagsamtalen.
Informasjon og tips til lærar
Oppgåvesett til munnleg eksamen
Munnleg eksamen i marknadsføring og leiing 2 er lokalt gitt. Det betyr at du har laga/vore med på å lage oppgåvesetta elevane dine kan få på ein eventuell munnleg eksamen.
Ein god eksamen skal vere valid, det vil seie at han skal teste det han er meint å teste. Vidare skal ei god vurdering vere reliabel, det vil seie konsistent ved at same prestasjon skal gi same karakter med ulike sensorar. Målet bør vere at samarbeidet internt på skulen og mellom deg som eksaminator og sensor skal gjere at det blir mest mogleg validitet og reliabilitet i resultatet.
Førebuingsdag
Elevane skal møte på skulen og trekke oppgåvesett. Trekket skal vere tilfeldig og ikkje bli styrt av faglærar, men same oppgåvesett kan trekkast av inntil tre elevar på same parti. Same situasjonsbeskriving/case kan brukast som utgangspunkt for heile partiet, men då med noko ulik vinkling.
Oppgåvesettet skal gi elevane eit utgangspunkt for eksamen, men eleven skal ikkje få vite kva spørsmål som skal brukast under sjølve eksamen. Saman med oppgåvesettet skal det opplysast om aktuelle kompetansemål og vurderingskriterium.
Elevane har rett til rettleiing, og det er formålstenleg at du som faglærar er rettleiar. Det er ikkje eit krav at rettleiar skal vere saman med elevane heile dagen. Elevane kan avtale tid for rettleiing.
Elevane vel sjølv om dei vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. Det kan vere lurt å tenke gjennom på førehand kva du skal svare dersom nokon av elevane spør deg om råd knytte til om dei bør velje å ha presentasjon på munnleg eksamen eller ikkje.
For elevar som vel å ha ein presentasjon, kan denne som sagt utgjere inntil 10 minutt. Elevane får deretter oppfølgingsspørsmål til presentasjonen. Resten av eksamen er ein fagsamtale om dei oppgitte kompetansemåla.
For elevar som vel å ikkje ha ein presentasjon, startar fagsamtalen med ein gong. For elevar som ikkje får vist nok kompetanse i faget innanfor gitte kompetansemål til å bestå eksamen, kan det òg eksaminerast i andre delar av læreplanen.
Å stille spørsmål på munnleg eksamen
På munnleg eksamen er det du som faglærar som er eksaminator, altså den som leier samtalen og stiller spørsmål. Eksaminering og vurdering skjer i sanntid, og på munnleg eksamen er det eit samspel mellom deg som eksaminator, eleven og sensor.
Det er lurt å tenke over korleis du som lærar kan legge til rette for at elevane får vist mest mogleg kompetanse. Du kan til dømes reflektere over følgande:
Skal du stille fleire spørsmål etter kvarandre, såkalla multiple spørsmål?
Kan multiple spørsmål fungere som stillas for elevane, eller kan det avgrense høvet til å vise kompetanse?
Korleis skal du handtere mangelfulle svar?
Skal du stille eit nytt, omformulert spørsmål, eller skal du gå vidare til eit anna spørsmål?
I videoane under kan du høyre meir om multiple spørsmål og det å handtere mangelfulle svar:
Som lærar kan det være lurt at du tenker over kva du meiner kan vere fordelar og ulemper med
å stille multiple spørsmål
å prøve å få elevar til å svare på spørsmål sjølv om dei har sagt at dei ikkje kan svare
å stille eit spørsmål som: "Er det noko du har lyst til å seie, som du ikkje har fått sagt?"
Elevane kjenner ofte på nervar på eksamensdagen, og det same kan gjelde for deg som lærer. Her er nokre tips som kan komme både deg som lærar og elevane til gode:
Tenk over kva du vil spørje om, og korleis du vil formulere spørsmåla.
Lag ein spørsmålsguide med sentrale og opne spørsmål og tenk ut nokre oppfølgingsspørsmål.
Ver klar over at elevane skal få høve til å vise kompetanse, at spørsmåla er varierte, og at dei dekker ulike kompetansemål.
Gi elevane god nok tid til å svare på spørsmål under eksamineringa.
Unngå å bruke veldig mykje tid på å dra ut svar når elevane har sagt dei ikkje veit svaret.
Følg med på tida. Bruk gjerne stoppeklokke under eksamineringa.