Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Fagomgrep

Her har vi samla fagomgrep for faget marknadsføring og leiing 2.

A

Agent
er ein salsformidlar som representerer interessene til produsenten i ein marknad.
AIDA
er ein modell som beskriv korleis marknadskommunikasjon påverkar haldningane til kundane og åtferd i ulike stadium, frå merksemd til handling (Attention, Interest, Desire og Action).
Algoritme
er ei oppskrift som viser korleis ei oppgåve blir løyst, som eit program som fortel datamaskina trinn for trinn kva ho skal gjere. Facebook sin algoritme er programmet eller prosedyren som bestemmer kva innlegg som skal visast til kven.
Ankringseffekt
er tal kunden blir eksponert for som fungerer som eit "anker" for prisvurderinga deira – som pris på andre produkt.
Arbeidsvilkår
er dei forholda og rammene som påverkar ei verksemd si drift, som marknad, konkurrentar, lover og interne ressursar.
Åtferdssegmentering
er segmentasjon etter åtferd, knytt til til dømes kjøpshyppigheit, kjøpsmengd, lojalitet og anledning.

B

Bedriftsmarknaden
er marknaden der bedriftene kjøper varer og tenester seg imellom.
Bransje
er eit samleomgrep på verksemder som sel same eller liknande produkt.
Bransjeanalyse
er ei kartlegging av konkurransesituasjonen i ein bransje.
Bodskap
er informasjonen som har som formål å påverke, og som går frå sendar til mottakar.
Berekraftig utvikling
er utvikling som kjem dagens behov i møte utan å øydelegge mogelegheitene for at kommande generasjonar skal få dekt behova sine.
Berekraftsdimensjonar
er ulike perspektiv på berekraft og er delte inn i miljømessig, økonomisk og sosial berekraft.

D

Demografisk segmentasjon
er inndeling av befolkninga etter fellestrekk knytte til kjønn, alder, utdanning, familiestatus med meir.
Detaljist
er ein butikk eller ei verksemd som sel produkt direkte til forbrukarar og utgjer det siste leddet i distribusjonskanalen.
Direkte distribusjon
er ei distribusjonsform der produktet blir distribuert direkte frå produsent til kunde.
Distribusjon
betyr fordeling, og beskriv prosessen med å få gjort det ferdige produktet tilgjengeleg for kunden.
Distribusjonsform
er anten direkte eller indirekte distribusjon av produktet.
Distribusjonsgrad
er delt inn i intensiv, selektiv eller eksklusiv distribusjon ut frå kor lett tilgjengeleg produktet skal vere.
Distribusjonskanal
er distribusjonsledda eit produkt er innom på veg frå produsent til kunde.
Distribusjonsledd
er ledd i distribusjonskanalen, også kalla mellomledd, som grossist og detaljist.
Distribusjonsstrategi
er korleis ei verksemd – med utgangspunkt i ønskt tilgjengelegheit – vel distribusjonsform, -grad og -kanal.
Distributør
er eit mellomledd som tek inn og sel varer vidare igjen på marknaden sin.
Diversifikasjon
er ein vekststrategi med nye produkt på nye marknader.
Dynamisk prissetjing
er prissetjing der prisen kan variere avhengig av tilbod og/eller etterspørsel, som prissetjing av straum.

E

Effektmåling
er å måle effekten av ulike tiltak, som å måle kva effekt ein reklamekampanje har hatt for omsetninga.
Eigne merkevarer (EMV)
er produkt som blir selde under ein forhandlar eller ei kjede sitt eige merke, i staden for merket til produsenten, som syltetøyet til Norgesgruppen som blir seld som Eldorado, sjølv om det er produsert av Lerum.
Eigde kanalar
er kommunikasjonskanalar verksemda sjølv eig, slik som nettsida, Facebook-sida og Instagram-kontoen for verksemda.
Eksklusiv distribusjon
er ei distribusjonsgrad der ein vel å selje produktet på eit eller svært få stader for å skape eksklusivitet.
Ekstern marknadsføring
er marknadsføring utetter.
Eksterne arbeidsvilkår
er ytre faktorar, som verksemda ikkje kan kontrollere, men må ta stilling til, som dyrtid eller endringar i skattelovgiving.
Etikk
er læra om kva som er rett og gale.
Etos
er ei retorisk appellform der truverdet til sendar er vektlagt.

F

Forretningsidé
er ei formulering som beskriv kort kva behov som skal dekkast, for kven og korleis.
Forbrukarmarknaden
er ein marknad der verksemder sel produkt til privatpersonar.
Fortente kanalar
er kanalar der andre skriv om verksemda, til dømes i ei avis eller på Instagram.

G

Geografisk segmentasjon
er inndeling av marknaden ut frå geografiske kriterium, som land, regionar, fylke, byar eller nabolag.
Globalisering
betyr at verda blir meir samankopla gjennom mellom anna auka handel og kulturutveksling.
Grossist
er eit mellomledd som kjøper varer frå produsentar og sel dei vidare til detaljistar.
Grønvasking
er når verksemder lagar misvisande marknadsføring der dei prøver å verke grønare, meir miljøvennlege og meir berekraftige enn dei eigentleg er.

H

Horisontal integrasjon
er når ei verksemd utvidar verksemda si ved å kjøpe opp eller slå seg saman med andre verksemder av same type distribusjonsledd.
Horisontalt samarbeid
er samarbeid mellom distribusjonsledd av same type.
Hovudaktivitetar
er aktivitetar som er direkte retta mot produksjon og verdiskaping.

I

Indirekte distribusjon
er distribusjon der produktet blir distribuert via eksterne distribusjonsledd.
Influensar
er ein person som ytrar seg offentleg i sosiale medium for å påverke følgarane sine.
Informativ appell
er bodskap som vektlegg faktum, som fordelane og eigenskapane av produktet.
Innkommande logistikk
er vareflyten inn i verksemda.
Integrasjon
er ei samanslåing eller eit oppkjøp av verksemder.
Intensiv distribusjon
er distribusjonsgrada der vi ønsker høg tilgjengelegheit av produktet for kunden.
Interaktiv marknadsføring
er service, i form av samhandling mellom personale og kundar.
Interne arbeidsvilkår
er interne forhold som verksemda sjølv kan kontrollere, som kompetansen til tilsette og produktutvikling.
Internmarknadsføring
er marknadsføring retta mot verksemda sine eigne medarbeidarar.

K

Kommisjonær
er eit distribusjonsledd som sel produkt på provisjon utan å eige dei sjølv. Til dømes er Narvesen kommisjonær for Norsk Tipping.
Kommunikasjonsmål
er mål for marknadskommunikasjon.
Kommunikasjonsmålgruppe
er ei gruppe personar vi skal påverke med bodskapen vår.
Kommunikasjonsstrategi
er ei samling strategiske avgjerder knytte til kommunikasjonen inne i sjølve verksemda, og korleis verksemda skal kommunisere med marknaden.
Kommunikasjonstiltak
er konkrete tiltak for å nå eit kommunikasjonsmål. Reklame, innlegg i sosiale medium og sponsing er døme på kommunikasjonstiltak.
Konkurransebasert prissetjing
er ein prissetjingsmetode der verksemda aktivt følger med på prisane til konkurrentane og tilpassar eigne prisar deretter.
Konkurransemidlar
er strategiske verkemiddel; produkt, pris, distribusjon og marknadskommunikasjon, som verksemder bruker for å posisjonere seg i marknaden.
Kostnadsbasert prissetjing
er ein prissetjingsmetode der vi set prisen slik at alle kostnader blir dekte, og dessutan at verksemda får ei forteneste.
Krympflasjon
er når mengda av ei vare i ei pakning blir mindre – mens prisen anten aukar eller held fram med å vere den same.
Kunstig intelligens
er teknologi som etterliknar menneskeleg intelligens.

L

Leiing
er prosessen med å påverke og rettleie enkeltpersonar eller grupper mot å nå felles mål.
Leiar
er ein person med ansvar for å rettleie, motivere og koordinere ei gruppe menneske for å nå felles mål.
Logistikk
er aktivitetar for å styre vareflyten effektivt.
Logo
er eit visuelt symbol som gjer at vi lettare kan kjenne igjen ei merkevare.
Logos
er ei retorisk appellform, der vi bruker fakta, logikk og fornuft for å overtyde.

M

Marknadsbasert prissetjing
er ein prissetjingsmetode der prisen blir fastsett ut frå kva marknaden er villig til å betale, betalingsviljen til kundane.
Marknadsfølgarstrategi
er ein konkurransestrategi der ein etterliknar produkta til marknadsleiaren.
Marknadsføring
er aktivitetane som blir gjorde for å skape, kommunisere og levere verdi til kundar og påverke kjøpsvalet deira.
Marknadsinntrenging
er ein vekststrategi der målet er å auke marknadsdelar for eksisterande produkt.
Marknadskommunikasjon
er overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei verksemd til ein mottakar.
Marknadsleiarstrategi
er ein konkurransestrategi der målet er å ha størst marknadsdel.
Marknadsmiks
er måten vi bruker og kombinerer konkurransemidla på.
Marknadsmål
er mål verksemda set for marknadsføringsarbeidet.
Marknadsplan
er ein plan for å styre og koordinere tiltaka i marknadsføringa.
Marknadssegment
er éin del av ein marknad.
Marknadssegmentering
betyr å dele marknaden opp i delar ut frå visse fellestrekk.
Marknadsstrategi
er ei samling av strategiske avgjerder for å nå marknadsmål, som val av målgruppe og bruk av konkurransemidlar.
Marknadsutfordrarstrategi
er ein konkurransestrategi der verksemda tek opp kampen med marknadsleiaren.
Marknadsutvikling
er ein vekststrategi der verksemda finn nye marknader for eksisterande produkt.
Mediemiks
er kombinasjonen av kommunikasjonskanalane vi nyttar i marknadskommunikasjon.
Mellomledd
er distributørar i indirekte distribusjon som bidreg til å få produkt ut til kundane, som grossistar og detaljistar.
Merkeelement
er synlege element som omgir ei merkevare, som logo, farge, slagord, sjølve merkenamnet, merkekarakter, lyd, lukt og design.
Merkekjennskap
er gjenkjenning av eit merke.
Merkekunnskap
er kunnskap, assosiasjonar og oppfatning av eit merke.
Merkesamarbeid
er to eller fleire merke som samarbeider om å lansere eit felles produkt.
Merkeutviding
er å utvide eit eksisterande merke til nye produktkategoriar eller marknader, som Nikes utviding frå joggesko til sportsklede.
Merkevare
er eit produkt som har verdi og tilleggsfordelar i kraft av sjølve merket.
Merkevarebygging
er arbeidet med å tillegge eit produkt verdi, tilleggsfordelar og positive assosiasjonar i kraft av merket.
Merkevareplattform
er eit styringsverktøy for arbeidet med merkevarebygging, og inneheld element som merkepersonlegdom og merkeverdiar.
Merkevarestrategi
er ei samling strategiske avgjerder for å bygge og posisjonere ei merkevare.
Merkeverdi
er tilleggsfordelar og verdi som produktet oppnår hos forbrukarar i kraft av merket.
Multikanalstrategi
er ein distribusjonsstrategi der ein produsent nyttar seg av fleire distribusjonskanalar parallelt, men behandlar kvar kanal for seg.
Mål
er noko vi ønsker å oppnå, og dei bør formulerast slik at dei er spesifikke, målbare, attraktive, realistiske og tidsavgrensa.
Målgruppe
er eit marknadssegment ei verksemd vel å vende seg til i marknadsføringa.

N

Nisjestrategi
er ein konkurransestrategi der verksemda konsentrerer seg om små og særeigne segment i marknaden, også kalla spesialisering.

O

Omdømme
er det samla inntrykket omverda har av ei verksemd over tid.
Omnikanalstrategi
er ein strategi der ein produsent integrerer ulike distribusjonskanalar slik at dei fungerer saumlaust saman.
Overordna mål
er langsiktige og overgripande mål som dannar grunnlaget for strategiane og handlingane for verksemda.
Overordna strategiar
er strategiske avgjerder for å nå overordna mål.

P

Patos
er ei retorisk appellform som speler på kjenslene til mottakarane.
Personaer
er oppdikta personar som representerer målgruppa eller målgruppene til ei verksemd.
Posisjonering
er å skape unike assosiasjonar til eit merke i hovuda til kundane.
Prisdifferensiering
er å setje ulik pris ut frå kriterium som målgruppe, geografi, tid eller bruk.
Priselastisitet
er kor kjenslevar etterspørselen er for ei endring i pris.
Prisinntrengingsstrategi
er ein prisstrategi der låg pris blir brukt aktivt som eit verkemiddel for å komme inn på marknaden eller for å auke marknadsdelen.
Produkt
er ei vare eller teneste.
Produktplassering
er eit kommunikasjonstiltak der eit produkt er eksponert i ein tv-serie, ein film, eit dataspel eller liknande.
Psykografisk segmentering
er segmentasjon etter kriterium som personlegdom, livsstil, interesser, meiningar, haldningar og verdiar.
Psykologisk prissetjing
er bruk av ulike psykologiske verkemiddel i presentasjon av prisar, som eigenskapar ved sjølve talet, tekst, fargar, storleikar og omgivnadene.

R

Rabatt
er prisavslag, til dømes i prosent eller "Kjøp tre – betal for to".
Referansepris
er prisen på det beste alternativet – ein samanlikningspris.
Retorikk
er læra om korleis ein kan tale overtydande. Overtyding skjer gjennom argumentasjon (logos), truverd (etos) og kjensler (patos).

S

Samfunnsansvar
er verksemder sitt ansvar om å ta gode, etiske og berekraftige val gjennom heile verdikjeda.
Segmentasjon
er å dele opp marknaden i delar ut frå visse fellestrekk, som kjønn og alder.
Segmenteringskriterium
er ulike kriterium for å definere ulike segment, som geografi, demografi, psykografi og åtferd.
Segmenteringsvilkår
er vilkår som må vere oppfylte for at eit segment skal vere verd å satse på, som målbart, lønnsamt, tilgjengeleg, differensiert eller handterleg.
Selektiv distribusjon
er distribusjonsgraden der verksemda vel å gjere produktet tilgjengeleg berre på utvalde stader, som spesialbutikkar.
Sirkulær verdikjede
er ei verdikjede der alle ressursar blir utnytta lengst mogleg, ved mellom anna gjenbruk og resirkulering.
Sirkulær økonomi
er å utnytte naturressursar og produkt på ein effektiv måte i eit kretsløp der færrast moglege ressursar går tapt.
Situasjonsanalyse
er ein analyse av arbeidsvilkåra i nosituasjonen til ei verksemd.
Skumme-fløyten-strategi
er ein prisstrategi der vi vel høg pris og sel til den delen av marknaden som har høgast betalingsvilje.
Substitutt
er andre produkt som kan dekke same behov.
Strategiar
er strategiske avgjerder for å nå bestemde mål.
Støtteaktivitetar
er aktivitetar som på ulike vis støttar opp under primæraktivitetane.
SWOT-analyse
er ein analysemetode for å vurdere ei verksemd sine styrkar, svakheiter, moglegheiter og truslar.

T

Transformativ appell
er bruk av bodskap som speler på kjensler.

V

Verdibasert prissetjing
er ein prissetjingsmetode der verksemda set pris ut frå kva kunden meiner produktet er verd.
Verdikjedeanalyse
er eit verktøy for å kartlegge og vurdere dei ulike aktivitetane som bidreg til å skape meirverdi for kundane.
Vertikal integrasjon
er når ei verksemd utvidar verksemda si ved å kjøpe opp eller slå seg saman med distribusjonsledd på andre nivå i distribusjonskanalen.
Vertikalt samarbeid
er samarbeid mellom distribusjonsledd på ulike nivå, som samarbeid mellom grossist og detaljist, for å sikre jamn og effektiv flyt av varer.
Verksemd
er ein organisasjon, eit føretak eller ei bedrift som sel eller yter varer og tenester.
Verksemdskultur
er eit sett av felles normer, verdiar og verkelegheitsoppfatningar som blir utvikla i ei verksemd når medarbeidarar samhandlar med kvarandre og omgivnadene.
Visjon
er ei beskriving av det ultimate målet eller draumen ei verksemd ønsker å nå på lang sikt.
VRIO-analyse
er eit verktøy for å analysere ressursar og avdekke konkurransefordelar.
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 27.02.2026