Lamborghini eller Chanel
Oppgåve
Film: Lamborghini, The man behind the legend
Det italienske bilmerket Lamborghini er ei sterk merkevare innan luksusbilar. Sjå i filmen nedanfor (lengde 01:32:37) korleis Ferruccio Lamborghini, frå å vere ein traktorprodusent, strategisk bygde merkevara Lamborghini som eit luksusbilmerke og utfordra Ferrari.
Film: Coco før Chanel
Chanel er eit fransk motehus som er ei sterk merkevare innan moteklede. Chanel er kanskje mest kjend for å ha innført "den vesle svarte kjolen". Sjå filmen nedanfor (lengde 01:45:43) som fortel historia om den verdskjende motedesignaren Coco Chanel.
Del 1
Beskriv og vurder anten Lamborghini eller Chanel si merkevarebygging basert på
informasjon frå filmen
eigen kjennskap til og kunnskap om merkevara
informasjon du finn ved å nytte deg av kjelder på nett
Del 2
Korleis trur du merkevareplattforma til Lamborghini eller Chanel kan sjå ut? Utarbeid eit forslag og fyll anten ut skjemaet nedanfor eller bruk eit vanleg tekstdokument. Ta eigne føresetnader der det er nødvendig.
Relatert innhald
Har du tenkt på at du er omgitt av merkevarer overalt? Men kva kjenneteiknar sterke merkevarer?
Kven skal vi vere som merkevare, og korleis skal vi formidle essensen i merkevara til omgivnadene?

