Oppgave
Giovanni Mustachio
Korleis kan vi utvikle ein effektiv merkevarestrategi for eit klesmerke som tilbyr eksklusive og elegante dressar for menn? I denne oppgåva skal de jobbe med det fiktive klesmerket Giovanni Mustachio.
Giovanni Mustachio ønsker å gi menn høve til å skilje seg ut i mengda. Klesmerket skal ha høg kvalitet på produkta sine og opptre berekraftig. Dei vurderer å legge produksjonen til Europa.
Bruk relevant fagstoff og refleksjon for å komme fram til og underbygge grunngivingar, framheve poeng og komme med tilrådingar. Gjer greie for val de tek undervegs i svaret.
Gi grunngitte forslag og tilrådingar til korleis Giovanni Mustachio kan utvikle ein merkevarestrategi.
Utarbeid forslag til merkeelement som logo og slagord.