Berekraftige merkevarestrategiar? - Marknadsføring og leiing 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Berekraftige merkevarestrategiar?

Fleire motemerke har teke grep for å redusere klimaavtrykket. I denne oppgåva skal du, med utgangspunkt i ein dokumentarfilm og ein podkastepisode, mellom anna vurdere klesmerka Mother of Pearl og Northern Playground sin merkevarestrategi.

Oppgåve 1

Skriv minimum eitt avsnitt til ein tekst med tittelen "Kva skal til for at ein merkevarestrategi skal vere berekraftig?"

Oppgåve 2

Sjå dokumentarfilmen Fashion Reimagined med Amy Powney, sjefsdesignar i klesmerket Mother of Pearl. Skriv gjerne ned stikkord undervegs, for etterpå skal du vurdere og gjere greie for for Mother of Pearl sin merkevarestrategi og posisjonering i merkevarebygginga.

  • Sjå film og skriv stikkord.

  • Vurder og gjer greie for Mother of Pearl sin merkevarestrategi og posisjonering i merkevarebygginga.

Oppgåve 3

Lytt til podkastepisoden "Grønne Gründere" med Jo Egil Tobiassen, gründer av klesmerket Northern Playground. Skriv gjerne ned stikkord undervegs, for etterpå skal du vurdere og gjere greie for Northern Playground sin merkevarestrategi og posisjonering i merkevarebygging.

  • Lytt til podkasten og skriv stikkord.

  • Vurder og gjer greie for Northern Playground sin merkevarestrategi og posisjonering i merkevarebygging.

Økologisk konsept med grøn by på jorda. Foto.

Grøne gründerar

I denne episoden skal vi besøke Jo Egil Tobiassen i Northern Playground. Dei reklamerer med at vi må kjøpe mindre. Kva gjer Jo Egil og Northern Playground for å bli mest mogleg berekraftige?

0:00
-0:00
Podkast: Både Og AS / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 4

Drøft minst tre av følgande påstandar:

  • Utan ein god merkevarestrategi, med fokus på berekraft, kan ikkje eit klesmerke lykkast på sikt.

  • Klesmerke som Mother of Pearl bidreg til å forandre klesbransjen i ei positiv retning.

  • Mange klesmerke grønvaskar, dei framstiller altså seg sjølve som meir berekraftige enn dei faktisk er.

  • Alle klesmerke, også dei som fokuserer på berekraft, har uansett profitt som sitt viktigaste mål.

  • Det finst rett og slett ikkje noko som heiter berekraftige klede.

  • Klesbransjen produserer enorme mengder klede og etterlèt seg enorme avfallsmengder, så vi treng ikkje fleire "berekraftig" produserte klede på toppen av søppelberga.

Oppgåve 5

Bruk det du har jobba med i oppgåve 1–4 til å skrive ein heilskapleg fagtekst med tittelen "Kva skal til for at ein merkevarestrategi skal vere berekraftig?" Lykke til med skrivinga!

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2024