Hopp til innhald
Fagartikkel

Spørjeundersøkingar

Spørjeundersøkingar er den forma for undersøking dei fleste av oss kjenner best til. Dei blir ofte brukte til marknadsundersøkingar, men kan òg brukast internt. Kanskje du har blitt stoppa på gata, ringt opp på telefonen, eller kanskje du har svart på ei nettbasert undersøking?

I kvantitative undersøkingar spør vi først og fremst om informasjon som er kvantifiserbar. Med dette meiner vi at informasjonen vi får, kan teljast og gjerast om til tal og statistikk.

Ved kvantitative undersøkingar er det ofte snakk om å samle inn store mengder kvantitative data. Kvantitative undersøkingar gjer det mogleg å innhente og systematisere informasjon frå mange personar og å systematisere store mengder data.

Kvantitative undersøkingar i form av spørjeundersøkingar er nok den forma for marknadsundersøkingar flest av oss kjenner til, og som i størst grad blir brukt som kvantitativ undersøkingsmetode. Spørjeundersøkingar kan gjennomførast munnleg, anten direkte eller over telefon, eller som skriftlege spørjeundersøkingar på papir eller digitalt.

Spørsmålsformuleringar

Vi kan få veldig mykje verdifull informasjon frå ei spørjeundersøking dersom spørsmåla er riktig utforma. Med det meiner vi i denne samanhengen at spørsmåla er formulerte slik at vi faktisk får svar på det vi ønskjer å undersøkje.

Spørsmåla må òg vere opne nok til at dei tillèt eit ærleg og oppriktig svar. Utforminga av spørsmåla må heller ikkje vere leiande, slik at vi nærast legg svaret i munnen på dei som blir intervjua.

Når vi skal førebu ei spørjeundersøking, må vi ha klart for oss kva vi ønskjer svar på. Vi må kunne stille dei riktige spørsmåla til dei riktige personane. I ei spørjeundersøking som er godt førebudd, kan vi få mykje relevant informasjon.

Korleis vi stiller spørsmåla under ei spørjeundersøking, har mykje å seie for kva svar vi får. I videoen nedanfor kan vi sjå korleis det går når Sofie på 14 år, som har arbeidsveke i NRK, testar ut verknaden både lukka og opne spørsmål gir.

Svaralternativ

Eit strukturert spørjeskjema er ofte utgangspunkt for ei spørjeundersøking, slik at alle som blir intervjua, får dei same spørsmåla. I ei kvantitativ undersøking er det vanleg å nytte svaralternativ i spørjeskjemaet. Svaralternativ kan kategoriserast på ulike måtar.

Eit døme på kategorisering kan vere at du skal svare med eit tal på ein skala frå 1–6 på kor fornøgd du var med servicen som blei gitt av resepsjonisten på eit hotell du har besøkt. Eit anna døme kan vere at du blir spurd om kor samd du er i utsegna "Helsetenester skal vere gratis". Her kan aktuelle svaralternativ vere heilt samd, ganske samd, litt samd, verken samd eller usamd, litt usamd, ganske usamd, og heilt usamd.

Det er viktig å lage føremålstenlege svaralternativ slik at vi får den informasjonen vi faktisk har behov for. Faste svarkategoriar har elles den fordelen at svara lett kan gjerast om til tal. På denne måten blir store datamengder handterlege og kan analyserast og brukast i planlegging.

Ulike typar av kvantitative spørjeundersøkingar

Vi kan skilje mellom ulike typar av kvantitative spørjeundersøkingar:

  • personleg intervju
  • internettintervju
  • telefonintervju
  • postintervju

I desse intervjua spør vi etter opplysningar som kan kvantifiserast, i motsetning til djupneintervju, der vi samlar inn kvalitative data.

Kva type spørjeundersøking ulike verksemder vel å bruke, avheng av både kor mykje tid og pengar dei har til rådvelde, og av kva type data dei skal innhente.

Fordelar og ulemper

Tabellane nedanfor gir ei oversikt over nokre fordelar og ulemper ved ulike kvantitative spørjeundersøkingar.

Personleg intervju

Fordelar

Ulemper

Personlege intervju går føre seg ansikt til ansikt. Då får intervjuaren informasjon ikkje berre gjennom det som blir sagt, men òg gjennom kroppsspråket til intervjuobjektet. I tillegg kan det vere lettare å oppklare misforståingar undervegs.Ei ulempe kan vere at folk ofte ikkje er særleg interesserte i å bruke tid på slike intervju, og at dei dermed kan forte seg gjennom spørsmålsrekkja for å bli ferdige. Då kan vi risikere å få svar vi ikkje kan stole på.
Internettintervju

Fordelar

Ulemper

Internettintervju kan ofte gjennomførast raskt ved til dømes å sende ut e-post med ei lenkje til eit spørjeskjema. Når svara er registrerte, har vi straks tilgang til dataa som er samla inn i eit digitalt format. I denne typen undersøking kan vi kombinere tekst, bilete og lyd. Det finst fleire enkle gratisverktøy som vi kan bruke, som til dømes Google Forms, SurveyMonkey og EasyQuest. I slike verktøy finst det ofte innebygde rapporteringsverktøy for å beskrive og rapportere data. Ei ulempe kan vere at den eldre aldersgruppa kan vere vanskeleg å nå ut til med denne typen digital undersøkingsmetode. Opne spørsmål i eit internettintervju kan gjere det vanskeleg å kategorisere svara.
Telefonintervju

Fordelar

Ulemper

Telefonintervju kan vere ein enkel, rask og rimeleg måte å nå ut til dei vi vil intervjue. Dessutan kan vi få svar der og då, og eventuelle misforståingar kan bli oppklarte undervegs. Ei ulempe med telefonintervju kan vere at vi ikkje ser kroppsspråket til intervjuobjektet, og det kan vere vanskeleg å bedøme om vedkomande svarer oppriktig. Dessutan er det mange som kan vere skeptiske til å bli ringde opp, og som kan knyte dette til telefonsal. For nokon kan det vere lite interessant å bli intervjua, og dei kan forte seg med å svare for å bli ferdige. Svara vi då får, kan vere upresise eller til og med feilaktige.
Postintervju

Fordelar

Ulemper

Postintervju kan sendast ut saman med ei anna postsending, som ein pakke. Denne typen undersøkingsmetode kan bli oppfatta som tradisjonell, seriøs og formell. Metoden kan vere relativt billeg då dei som blir intervjua, gjennomfører undersøkinga på eiga hand. Postintervju blir brukt i mindre grad enn tidlegare, og ei ulempe er at det som regel er ein låg svarprosent for postintervju som undersøkingsmetode. Det kan kome av at det kan opplevast som eit tiltak å få sendt svarskjemaet i retur. Dessutan er det ei ulempe at vi ikkje kan kontrollere kven som har svart på undersøkinga.
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2022