Marknadskommunikasjon i digitale kanalar - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Bokmål
Film og filmklipp

Marknadskommunikasjon i digitale kanalar

Kva blir meint med at kundereisene no er meir digitale enn tidlegare? Filmen du skal få sjå (lengde 3:39), gir eit innblikk i korleis Torshov Sport bruker ulike typar marknadskommunikasjon, med vekt på digitale kanalar, og korleis ein ungdom blir påverka til å kjøpe eit par fotballsko.
Video: Cylinder Production AS, Epidemic Sound / CC BY 4.0

Omgrepet kundereise viser til situasjonane der betalande kundar og potensielle kundar er i kontakt med ei merkevare før, under og etter eit kjøp, på tvers av kommunikasjonskanalar.

I filmen ovanfor fekk vi eit innblikk i korleis ei digital kundereise kan føregå, sett frå eit forbrukar- og marknadsføringsperspektiv. Vi blei gjorde kjende med korleis Torshov Sport nyttar ulike typar marknadskommunikasjon, med vekt på digitale kanalar, og korleis ein ungdom vart påverka til å kjøpe eit par fotballsko.

Dagens kundereiser er i større grad enn tidlegare blitt digitale. Det vil seie at vi som forbrukarar ofte gjennomfører heile eller store delar av kjøpa våre på nett. I dag har vi som kundar alltid informasjon tilgjengeleg digitalt. Vi kan til dømes finne viktig informasjon digitalt før vi handlar i fysiske butikkar.

Tenk over

  • Tenk gjennom ei av dei nylege kundereisene dine der du har vore i kontakt med ei merkevare før, under og etter eit kjøp, på tvers av kommunikasjonskanalar. Kan den nylege kundereisa di beskrivast som ei digital kundereise, synest du?

  • Har du opplevd at annonsar som dukkar opp på Facebook, Google eller nettaviser, kan samsvare med søk du har gjort på nett?

Har du søkt på ordet «fotballsko», vil det truleg dukke opp annonsar for fotballsko på fleire av nettsidene du besøkjer i etterkant. I den relaterte artikkelen nedanfor kan du lese om programmatisk annonsering.

Relatert innhald

Fagstoff
Programmatisk annonsering

Har du opplevd at annonsar som dukkar opp på Facebook, Google eller nettaviser, kan samsvare med søk du har gjort på nett og med interessene dine?