Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Fæbrik

Her er eit forslag til ein førebuingsdel de kan bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen i marknadsføring og leiing 1.

Case – Fæbrik

Denne førebuingsdelen kan vere fin å bruke som om han skulle vore ein reell munnleg eksamen – så langt det let seg gjere. Sjå situasjonsbeskriving, retningslinjer for munnleg eksamen og kompetansemål nedanfor.

Situasjonsbeskriving

Fæbrik er eit norsk klesmerke som ikkje har som konsept å lage nye klede, men ønsker å utfordre fast fashion-industrien ved å fremme ein meir sirkulær tankegang i motebransjen. Kjernen i verksemda er å inspirere forbrukarar til å sy, redesigne og gjenbruke klede i staden for å kjøpe nytt. Fæbrik tilbyr mellom anna symønster og overskotstekstilar, og legg vekt på at små endringar i forbrukaråtferd kan redusere tekstilavfall og miljøbelastning. Gjennom kurs, steg-for-steg-videoar og innhald på sosiale medium viser Fæbrik korleis gamle tekstil og brukte plagg kan få nytt liv. Ta utgangspunkt i informasjon på Fæbrik si nettside.

Retningslinjer for munnleg eksamen

Munnleg eksamen er todelt og består av

  • Førebuingstid: 24 timar

  • Eksamenstid: inntil 30 minutt

På førebuingsdagen møter du på skulen og trekker ein førebuingsdel. Det blir delt ut relevante kompetansemål frå læreplanen og vurderingskriterium saman med førebuingsdelen. Dette gir deg eit utgangspunkt til å førebu deg til munnleg eksamen, men du får ikkje få vite kva spørsmål som skal brukast under sjølve eksamen. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne.

Du vel sjølv om du vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. Dersom du vel å innleie eksamen med ein presentasjon, skal ikkje eit eventuelt produkt som er laga i førebuingstida bli vurdert i seg sjølv. Kompetansen du viser munnleg gjennom ein presentasjon på eksamensdagen, blir vurdert saman med etterfølgande oppfølgingsspørsmål og fagsamtale.

Eksamenstida er inntil 30 minutt. På eksamensdagen kan du ta med notat frå førebuingsdagen og ulike hjelpemiddel som er relevante for å gjennomføre ein eventuell presentasjon. Fagsamtalen føregår utan hjelpemiddel og tek i hovudsak utgangspunkt i kompetansemål knytte til ein case som er gitt i førebuingsdelen.

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla, som er oppgitte i førebuingsdelen, og vurderingskriterium. Karakteren skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen slik han kjem fram på eksamen.

Kompetansemål

  • velge og bruke kilder, markedsførings- og ledelsesteorier og modeller i arbeid med faglige spørsmål, emner og dagsaktuelle problemstillinger

  • vurdere forhold som påvirker forbrukeratferd, og reflektere over psykologiske, sosiale og kulturelle faktorer

  • utvikle forretningsideer og mål for virksomheten og vurdere aktuelle målgrupper

  • utforske ulike kommunikasjonsstrategier og vurdere hvordan virksomheter bruker markedskommunikasjon som konkurransemiddel

  • reflektere over og vurdere rollen til personalet og ledelsen i gjennomføring av virksomhetens markedsføringsstrategi

  • reflektere over sammenhengen mellom markedsføring og bærekraftig utvikling ut fra sosiale, økonomiske og miljømessige forhold

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 12.05.2026