Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Illusjonsmåleri

Har du opplevd at eit bilete kan få deg til å lure på kva som er verkeleg eller ikkje? Eit illusjonsmåleri er ein type kunstverk som skaper ein optisk illusjon, ofte ved å spele på perspektiv, lys og skugge for å få det til å sjå ut som om det er meir enn berre ei flat overflate.

IIlusjonsmåleriet

Ein illusjon er noko ein kan sjå for seg, men som er ei falsk førestilling. Det vi oppfattar med auga våre, stemmer ikkje overeins med verkelegheita.

Eit illusjonsmåleri får oss til å tolke eit motiv på ei som ei framstilling av verkelegheita. Vi kan få inntrykk av motivet opnar seg innover i djupna, sjølv om det er måla på ein flat vegg eller i eit flatt tak. Dette blir òg kalla trompe-l'œil, eit fransk uttrykk som betyr "auget blir bedrege".

Illusjonsmåleriet har vore ein del av kunsthistoria i fleire tusen år og har utvikla seg gjennom ulike epokar.

Oldtid

Vi kjenner illusjonsmåleri heilt tilbake til antikken i Hellas og Roma, der kunstnarar brukte skuggelegging for å skape ein illusjon av djupne i måleri og mosaikkar. Nokre av dei mest kjende døma er frå "Villa dei Misteri" i Pompeii.

Renessansen

Då perspektivet blei utvikla i renessansen, frå 1400-talet og framover, blei illusjonsmåleriet meir avansert. Kunstnarar som Andrea Mantegna og Michelangelo utforska dette i takmåleria sine.

Barokken

I løpet av barokken, på 1600- og 1700-talet, blei illusjonsmåleri populære i kyrkjer og offentlege bygningar. Kunstnarar som Andrea Pozzo skapte imponerande takmåleri som fekk det til å sjå ut som om taket opnar seg og forsvinn inn i himmelen. I taket i St. Ignatiuskyrkja har han måla motiva svært naturalistisk og brukt perspektiv og ekstreme til å skape høgdeverknad.

Brot på reglane

Ved kunstakedemia, som blei etablerte på 1700- og 1800-talet, var det strenge reglar for korleis kunstnarar skulle arbeide med måleri. På slutten av 1800-talet kom det ein reaksjon på dette.

Pere Borrell del Caso var ein spansk målar. I Flukta frå kritikken (1874) utfordra han dei strenge reglane for måleri og grensa for kva som er verkelegheit eller ei. Her bruker han biletramma og forkorting til å skape ein illusjon av at modellen kryp ut av måleriet. Legg merke til korleis han gir att linjene i foten slik at det ser ut som han kjem mot oss. Tittelen er brukt humoristisk og fortel oss noko om kva slags reaksjonar han forventa å få på biletet sitt.

Gatekunst

I vår eiga tid finn vi mange døme på at gatekunstnarar bruker lys- og skuggeverknader til å skape illusjon av tredimensjonale figurar på flate vegger.

Perspektiv og modellering av formene kan skape ei kjensle av fart og rørsle.

Gatekunst kan gi oss ei førestilling av kva som finst på den andre sida av ein mur.

Dette kan gatekunstnarar òg bruke til å formidle ein politisk bodskap. Banksy er kjend for sjablongkunsten sin. Her har han skapt ein illusjon av eit hol i muren på Vestbreidda.

Tenk over

Kva formidlar Banksy gjennom dette verket?

Kjelder

Dahl, T. E., Bakka, E. & Rygg Rønneberg, M. L. (1994). Relieff. Gyldendal Norsk Forlag.

Mørstad, E. (2025, 24. februar). Akademisk kunst. I Store norske leksikon. https://snl.no/akademisk_kunst

Mørstad, E. (2025, 24. februar). Illusjonsmaleri. I Store norske leksikon. https://snl.no/illusjonsmaleri

Relatert innhald

Kunst i renessansen

I renessansen fekk mennesket og vår plass i verda ny interesse. Kunstnarane fokuserte på menneskekroppen, kjensler og individuelle uttrykk.

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 16.04.2025