Hopp til innhald
Nynorsk
Kjeldemateriale
Spelefilm
Video

Caravaggios skygge

Kven var Caravaggio? Eit kunstnarisk geni, ein kranglefant og ein konfliktsøkande mann, men først og fremst var han målar og kristen. Han måla ekte menneske og skapte dramatiske scener. Verka hans har inspirert mange kunstnarar etter han.

Filmdetaljar

  • Originaltittel: L'ombra di Caravaggio

  • År: 2022

  • Varigheit: 1 time og 58 minutt

  • Språk: italiensk

  • Regi: Michele Plácido

  • Manus: Sandro Petraglia, Michele Plácido, Fidel Signorile

  • Skodespelarar: Riccardo Scamarcio, Louis Garrel, Isabelle Huppert, Vinicio Marchioni, Lolita Chammah

Til læraren

Korleis filmen eignar seg i skulen

Caravaggios skygge har 15-årsgrense og eignar seg derfor best for elevar i vidaregåande skule.

Filmen lar oss bli kjend med ein av dei viktigaste kunstnarane frå barokken og eignar seg godt i programfaget kunst og visuelle verkemiddel. Vi får innblikk i Carravaggios liv og sett korleis ein reagerte på kunstnarskapet hans i samtida.

Filmen kan passe inn i arbeid med det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap sidan han òg behandlar tema som kunstnarisk fridom, offentleg moral, religion og sensur.

Om filmen

Den italienske 1600-talskunstnaren Michelangelo Merisi da Caravaggio levde eit kort, men kontroversielt liv.

Han hadde for vane å bere sverd og hamna ofte i konfliktar, og ein av slåstkampane han var i, enda med at han drap motstandaren sin. Han vart etterlyst, men vart beskytta av adelsfamilien Colonna, som òg sikra han oppdrag.

Caravaggio måla ofte scener frå Bibelen og brukte vanlege menneske som modellar; til dømes stod ei prostituert kvinne modell for jomfru Maria.

Kyrkja reagerte både på Caravaggios livsførsel og måten han framstilte helgenar og bibelske personar på, og han vart halden under oppsikt.

Filmen vekslar mellom Caravaggios perspektiv og perspektivet til L'Ombra (Skyggen), som spionerer på han.

Tematikk

Filmen handlar om kunst i barokken og Caravaggios liv og kunstnarskap.

Den sterke posisjonen og sensuren til kyrkja er sentral i filmen, både når det gjeld privat moral og kunst som påverknadsarena.

Skrive av Tonje Holtan Tellefsen, Inger Gilje Sporaland og Ragnfrid Myhr. Rettshavar: Norgesfilm AS.
Sist oppdatert 01.06.2026