Biletserie om trykketeknikk

Oppgåva "Metamorfose"
Før du startar med denne oppgåva, bør du ha gjort oppgåva "Trykkplater av kartong".
Du skal utvikle ein idé ut ifrå stikkordet metamorfose som betyr "forvandling". Du skal tolke omgrepet og visualisere noko som utviklar seg gjennom ein prosess. Denne utviklinga skal du vise gjennom ein biletserie på tre til fem små bilete.
Eit døme på ei forvandling kan vere korleis eit sommarfugl utviklar seg. Han startar som eit egg som blir til ein larve, for så å bli ei puppe før han til slutt kjem ut som ein vaksen sommarfugl.
Den kunstnariske fridommen din
Biletserien din kan handle om noko konkret og fysisk, men han kan òg handle om noko som er meir abstrakt og kanskje psykologisk. Vi skal kunne kjenne igjen metamorfosen etter å ha lese dokumentasjonen din. Helst òg utan å ha lese han, men oppgåva gir rom for kunstnarisk fridom.
Gjenbruk av emballasje
Du skal bruke restmateriale, som til dømes kartong frå emballasje, til å lage trykkplater for å trykke bileta dine. Innsidene av mjølke- og juskartongar eignar seg godt. Prosessen med å trykke bilete er vanskeleg å kontrollere og kan by på mange overraskingar. Ver førebudd på å prøve og feile. Kanskje vil det oppstå fantastiske feil, altså feil som viste seg å tilføre noko bra til kunstverket? Det er sannsynleg at må du gjere noko om igjen. Det er ein del av prosessen.
Dokumenter prosessen din
Dokumentasjonen er det som blir mest vektlagd i vurderinga. Jobb aktivt med dokumentasjonen frå start til slutt. Ta bilete, samle på skisser og utprøvingar, og ta notat undervegs. Sidan det er dokumentasjonen din som er viktigast, kan du tillate deg å ta fleire sjansar og å eksperimentere med bileta. Av og til er det ufullkomne heilt perfekt!
Film om to elevar som har jobba med oppgåva
I filmen under (lengde 5:46) fortel Milla Lødner og Thea S. Håkull om utstillinga og om korleis dei har komme fram til det grafiske uttrykket sitt.
Kva skal med i prosessheftet?
Dette bør du ha med i prosessheftet ditt:
framside som bør gi eit godt førsteinntrykk
innleiing som forklarer kort kva oppgåva går ut på
tankekart som bør ha mange retningar og underpunkt
utprøvingar som viser at du har utforska teknikkar og moglegheiter
idémyldring som viser at du har tenkt ut mange moglege løysingar
idéutvikling som viser at du har behandla og utvikla idéen du har valt
skisser som viser at du har prøvd ut ulike komposisjonar og uttrykk
fagleg tekst som beskriv vala du har teke, og grunngir dei fagleg
bilete av resultatet som viser korleis den ferdige biletserien blei
eigenvurdering der du ser tilbake på arbeidsprosessen din og vurderer resultatet og kva du har lært gjennom oppgåva
Vurderingsguide og døme på prosesshefte
Nedanfor kan du laste ned eit vurderingsskjema du kan bruke som ein guide for kva du skal ha med i dokumentasjonen. Du kan òg sjå eit døme på eit prosesshefte som dokumenterer ein tilsvarande prosess.
Relatert innhald
Her blir de kjende med ulike grafiske teknikkar og får vere med inn i atelieret til nokre kunstnarar og sjå korleis dei jobbar med dei.
Eit prosesshefte dokumenterer korleis du har jobba med eit prosjekt. Der skal du vise fagleg kompetanse og reflektere over utvikling og resultat.