Grafiske teknikkar
Film: Hva er grafikk?
Karin Augusta Nogva gir oss ei innføring i grafikk og ulike grafiske teknikkar i denne filmen frå Norske Grafikere (lengde 2:27).
Unike trykk
Trykketeknikk gjer det mogleg å trykke same motiv fleire gonger. Likevel blir kvart trykk litt eller heilt forskjellig frå dei andre. Du kan velje andre trykkfargar og teknikkar for kvar gong du trykker motivet. Fordi kvart trykk er unikt, kallar kunstnarar slike trykk for kunstgrafikk eller originalgrafikk.
Hovudgrupper

Du har kanskje prøvd å lage eit bilete ved å skjere fram motivet i ei plate av linoleum? I så fall har du allereie prøvd ein trykketeknikk som vi kallar linosnitt. Linosnitt er døme på høgtrykk.
Det er fleire teknikkar og materiale kunstnarar kan bruke for å trykke kunst. Vi kan dele dei grafiske teknikkane inn i fire hovudgrupper: høgtrykk, djuptrykk, plantrykk og digitaltrykk
Høgtrykk
Kunstnaren teiknar motivet direkte på plata og skjer fordjupingar i plata der det ikkje skal vere farge. Partia som skal ha trykksverte, blir ståande urørte. Trykksverta blir påført ved hjelp av ei rulle.
Film: Hva er grafikk? Tresnitt
Tresnitt er ein av dei eldste grafiske trykketeknikkane. I filmen under (lengde 2:40) er vi med inn i atelieret til Suzannah Rehell Øistad og ser korleis ho bruker tresnitt, både til motiv i svart-kvitt og i fleire fargar.
Djuptrykk
I djuptrykk lagar vi spor ned i trykkplata. Platene er som regel laga av metall. Vi kan risse motivet direkte i plata med eit skarpt verktøy eller etse motivet inn i plata. Det er også mogleg å bruke glatt kartong når vi skal laga djuptrykk. Fargen vi skal trykke, blir liggande i fordjupingane.
Det skarpe verktøyet lagar furer i plateoverflata. Når vi påfører trykksverte, blir denne liggande meir konsentrert i furene. Etterpå tørkar vi trykksverta varsamt av plata slik at fargen som ligg nede i furene, ikkje blir tørka bort.
Til slutt kan vi trykke motivet på papir som er fukta med vatn. Papiret blir lagt på plata og køyrd gjennom ei trykkpresse som trykker det hardt ned mot plata. Då vil papiret ta til seg trykksverta som ligg i furene.

Film: Hva er grafikk? Kobberstikk
Vi kallar både den grafiske teknikken og bileta som blir skapte med han, for koparstikk. I filmen under (lengde 2:39) viser Arild Yttri korleis han skaper motiv med tydelege linjer ved hjelp av denne teknikken.
Film: Hva er grafikk? Mezzotint
I filmen under (lengde 2:43) får vi vere med inn i atelieret til Tom Kosmo og sjå korleis han jobbar med mezzotint. Først behandlar han ei koparplate og skaper tekstur som trykksverta festar seg i. Etterpå polerer han plata og hentar fram mellomtonar og lyse valørar.
Film: Hva er grafikk? Fotopolymer
Fotopolymer er ein moderne djuptrykksteknikk. I filmen under (lengde 2:37) viser Rita Marhaug korleis ho jobbar med foto og overfører motivet sitt til lysfølsame plater ved hjelp av UV-lys. Ho framkallar platene i vatn og bruker dei som vanlege trykkplater.
Plantrykk
Eit plantrykk blir laga på ei flate som er heilt jamn.
Film: Hva er grafikk? Litografi
I filmen under (lengde 2:24) viser Cathrine Alice Liberg korleis ho bruker ei flat steinblokk som trykkplate. Ho teiknar motivet sitt direkte på steinblokka med ein stift som inneheld mykje feitt. Når motivet skal trykkast, blir steinflata fukta med vatn som trekker ned i porer i steinen. Vatnet sørger for at trykksverta ikkje festar seg til dei berre partia i steinen. Trykksverta blir påført med ei rulle og fargen festar seg berre der kunstnaren har teikna opp med feittstiften. Neste steg er å legge over papiret som då tek til seg trykksverta.
Film: Hva er grafikk? Monotypi
Monotypi betyr betyr “eitt trykk“. Du kan måle direkte på trykkplata eller bygge opp eit motiv med materiale måla med ulike fargar. I filmen under (lengde 2:57) får vi vere med inn i atelieret til Sigrid Øyrehagen og sjå korleis ho lagar originale trykk ved å måle og teikne direkte på ei plate og deretter presse henne mot papir.
Film: Hva er grafikk? Silketrykk
Eit silketrykk, også kalla serigrafi, blir laga ved at trykkfargen blir påført papiret gjennom ein oppspend duk. Dette er den yngste av dei grafiske trykketeknikkane. I filmen under (lengde 2:25) får du vere med inn i atelieret til Daniel Persson og sjå korleis han lagar fleirfargetrykk.