Trykkplater av kartong

Å trykke bilete med kartong
Trykketeknikk gjer det mogleg å trykke same motiv fleire gonger. Likevel blir kvart enkelt trykk litt eller heilt ulikt dei andre. Du kan velje andre trykkfargar og teknikkar for kvar gong du trykker motivet. Fordi kvart trykk er unikt, kallar kunstnarar slike trykk for kunstgrafikk eller originalgrafikk. Og det kan bli kunst sjølv om du gjenbruker materiale som mange reknar som søppel.
Du skal bruke den sida av kartongen som er utan trykk frå produsenten, altså det som var innsida av mjølke- eller juskartongen.
To hovudteknikkar
Det er to hovudteknikkar som passar til eit prosjekt der du skal lage trykkplater av gjenbrukskartong. I begge teknikkane skal du lage motivet som spor i plata og bruke trykksverte. Kvar gong du skal bruke plata til å trykke eit nytt bilete, påfører du eit nytt lag med trykksverte.
Forskjellen på dei to hovudteknikkane er om trykksverta ligg på flatene høgt oppe, eller om ho ligg djupt nede i dei spora du lagar i plata.
Høgtrykk
Ved høgtrykk bruker du ein valse for å rulle på tynne lag med trykksverte. Valsen er flat og rullar tvers over fordjupingar i plata.
Djuptrykk
Når du skal lage eit djuptrykkbilete, breier du trykksverte over heile plata og arbeider henne godt ned i dei fordjupingane du har laga. I neste steg tørkar du overflødig trykksverte av plata, men passar på at det er nok trykksverte i fordjupingane som utgjer motivet.
Nokre generelle prinsipp
Motivet blir spegelvendt
Når du trykker eit motiv, blir det alltid ein spegelvend versjon av det som er på den plata du har rissa motivet inn i. Dette må du tenke på når du planlegg komposisjonen din.
Fuktig papir
Papiret som blir brukt til denne typen trykk, skal vere fuktig, men ikkje vått. Fukta gjer papiret mjukare og meir fleksibelt slik at det lettare får kontakt med trykkplata.
Gjer klar arka du skal trykke på i god tid på førehand. Gjerne dagen før du skal trykke. Det gir tid til at fukta trenger godt inn i papiret. Kvart ark kan fuktast lett, stablast i ein bunke og leggast i ein plastpose.
Tekstur i papiret
Sjå nøye på teksturen i papiret. Det har som regel ei framside og ei bakside. På baksida kan du sjå eit fint rutemønster etter nettet papiret låg på då det blei produsert. Framsida har glattare tekstur. Det finst mange typar papir, så denne forskjellen gjeld kanskje ikkje det papiret du har valt.
Korleis motivet blir overført til papiret
Trykkplata skal ligge på plata på trykkpressa med motivet opp. Det fuktige papiret plasserer du så oppå trykkplata. Legg gjerne eit stykke avispapir over papiret for ekstra vern. Legg ein filtduk over desse igjen som eit lag mellom trykkplata og papiret.
Med ei sveiv set du sylinderen og plata på trykkpressa i rørsle. Papiret og trykkplata blir klemd hardt saman under sylinderen slik at trykksverta blir henta opp av papiret. Så kan du løfte av filtduken og sjekke resultatet.
Alternativ til ei profesjonell trykkpresse
Nokre bruker ei pastamaskin til å trykke bilete. Det fungerer for bilete som har postkortstorleik sidan pastamaskina ikkje er så brei.
Du kan òg bruke ei gammal klesrulle. Den kan du bruke for å trykke større bilete.
Skitten og rein sone
Trykksverte smittar lett over til hender, utstyr og andre stader du ikkje vil skitne til. Derfor må du lage ei sone der du jobbar med trykksverte, og ei sone som du held heilt rein for trykksverte.
I "skitten sone" bør du verne arbeidsbordet, bruke hanskar og eventuelt forkle.
Når du skal til "rein sone" for å trykke biletet, har du teke av hanskane og har reine hender. No skal du handtere dei nye, fine og reine arka du skal trykke kunsten din på. Eit bilete blir øydelagt om du får flekker av trykksverte og fingermerke på det.

Biletet må tørke
Trykksverta må tørke før biletet ditt er ferdig og klart til å bli ramma inn. Vanlegvis er eit døgn i romtemperatur nok til at trykksverta blir tørr.
Film om trykkeprosessen
Vi får bli med Solveig Bull Karlsen gjennom trykkeprosessen i filmen under (lengde 4:46).
Relatert innhald
Her blir de kjende med ulike grafiske teknikkar og får vere med inn i atelieret til nokre kunstnarar og sjå korleis dei jobbar med dei.
Lag trykkplater av mjølke- eller juskartongar. Oppgåva handlar om å lage trykk som visualiserer ei forvandling, ein metamorfose.