Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Biletserie om trykketeknikk

Ein metamorfose er når noko forvandlar seg gjennom ein prosess. I denne oppgåva forvandlar du kartongrestar til trykkplater for å lage bilete som viser ei forvandling. Prosessen din skal dokumenterast i eit prosesshefte, og bileta kan bli ein del av ei utstilling.

Til læraren

Talet på elevar

Med mindre du har mykje erfaring med trykketeknikkar eller har elevar som har jobba med dette tidlegare, kan det vere lurt å starte med ei mindre gruppe. Har du ein klasse på 30 elevar, kan det vere ei løysing å ha to parallelle prosjekt som alle elevane skal jobbe med, men i kvar sin periode.

Førehandsprosjekt for å teste teknikkane

La elevane prøve ut både høgtrykks- og djuptrykksteknikkane ved å lage enkle motiv utan for mange detaljar. Lag dette som eit avgrensa minikurs alle skal gjennom før dei begynner på sjølve oppgåva. Be elevane om å inkludere dokumentasjon frå utforskingsprosessen i den endelege dokumentasjonen.

De finn prinsipp for korleis de kan bruke restekartong til å trykke med, i ressursen "Trykkplater av kartong".

Skitten og rein sone

Organiser slik at det er ei "skitten sone" der elevane påfører trykksverte på platene og gjer dei heilt klare for trykk. Før elevane skal over i den "reine sona" og skal ta i papiret det skal trykkast på, bør dei ha reine hender.

Gå nøye gjennom bruken av utstyret, og forklar korleis trykkpressa fungerer. Ha tydelege reglar for kva som er tillate eller ikkje rundt den reine sona ved trykkpressa.

Format på prøvetrykk og ferdige arbeid

Tenk gjennom korleis du kan avgrense bruken av trykkpapir før du startar opp. Elevane kan få delt ut det papiret dei skal ha til rådvelde, i starten av prosjektet. Til dømes fire ark i A6-format til utprøvingar og tre til fem ark av same storleik til dei ferdige kunstverka.

Som lærar kan du ha ferdig fukta papir som du deler ut til elevane rett før dei skal trykke. Då kan du repetere rutinar for reine hender før dei skal handtere papiret.

Vurdering

Dei fleste elevane har ikkje noka erfaring med trykketeknikkar, og mykje kan gå gale i trykkeprosessen. Derfor kan vi vurdere prosessen og dokumentasjonen av den i denne oppgåva. De kan bruke vurderingsskjemaet nedst i denne artikkelen som det er, eller redigere det så det passar til prosjektet dykkar.

Oppgåva "Metamorfose"

Før du startar med denne oppgåva, bør du ha gjort oppgåva "Trykkplater av kartong".

Du skal utvikle ein idé ut ifrå stikkordet metamorfose som betyr "forvandling". Du skal tolke omgrepet og visualisere noko som utviklar seg gjennom ein prosess. Denne utviklinga skal du vise gjennom ein biletserie på tre til fem små bilete.

Eit døme på ei forvandling kan vere korleis eit sommarfugl utviklar seg. Han startar som eit egg som blir til ein larve, for så å bli ei puppe før han til slutt kjem ut som ein vaksen sommarfugl.

Den kunstnariske fridommen din

Biletserien din kan handle om noko konkret og fysisk, men han kan òg handle om noko som er meir abstrakt og kanskje psykologisk. Vi skal kunne kjenne igjen metamorfosen etter å ha lese dokumentasjonen din. Helst òg utan å ha lese han, men oppgåva gir rom for kunstnarisk fridom.

Gjenbruk av emballasje

Du skal bruke restmateriale, som til dømes kartong frå emballasje, til å lage trykkplater for å trykke bileta dine. Innsidene av mjølke- og juskartongar eignar seg godt. Prosessen med å trykke bilete er vanskeleg å kontrollere og kan by på mange overraskingar. Ver førebudd på å prøve og feile. Kanskje vil det oppstå fantastiske feil, altså feil som viste seg å tilføre noko bra til kunstverket? Det er sannsynleg at må du gjere noko om igjen. Det er ein del av prosessen.

Dokumenter prosessen din

Dokumentasjonen er det som blir mest vektlagd i vurderinga. Jobb aktivt med dokumentasjonen frå start til slutt. Ta bilete, samle på skisser og utprøvingar, og ta notat undervegs. Sidan det er dokumentasjonen din som er viktigast, kan du tillate deg å ta fleire sjansar og å eksperimentere med bileta. Av og til er det ufullkomne heilt perfekt!

Film om to elevar som har jobba med oppgåva

I filmen under (lengde 5:46) fortel Milla Lødner og Thea S. Håkull om utstillinga og om korleis dei har komme fram til det grafiske uttrykket sitt.

Video: Milla Lødner, Thea Sofie S. Håkull, Jarle Sten Olsen, Christina Svien / CC BY-ND 4.0

Kva skal med i prosessheftet?

Dette bør du ha med i prosessheftet ditt:

  • framside som bør gi eit godt førsteinntrykk

  • innleiing som forklarer kort kva oppgåva går ut på

  • tankekart som bør ha mange retningar og underpunkt

  • utprøvingar som viser at du har utforska teknikkar og moglegheiter

  • idémyldring som viser at du har tenkt ut mange moglege løysingar

  • idéutvikling som viser at du har behandla og utvikla idéen du har valt

  • skisser som viser at du har prøvd ut ulike komposisjonar og uttrykk

  • fagleg tekst som beskriv vala du har teke, og grunngir dei fagleg

  • bilete av resultatet som viser korleis den ferdige biletserien blei

  • eigenvurdering der du ser tilbake på arbeidsprosessen din og vurderer resultatet og kva du har lært gjennom oppgåva

Vurderingsguide og døme på prosesshefte

Nedanfor kan du laste ned eit vurderingsskjema du kan bruke som ein guide for kva du skal ha med i dokumentasjonen. Du kan òg sjå eit døme på eit prosesshefte som dokumenterer ein tilsvarande prosess.

Relatert innhald

Grafiske teknikkar

Her blir de kjende med ulike grafiske teknikkar og får vere med inn i atelieret til nokre kunstnarar og sjå korleis dei jobbar med dei.

Prosesshefte

Eit prosesshefte dokumenterer korleis du har jobba med eit prosjekt. Der skal du vise fagleg kompetanse og reflektere over utvikling og resultat.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 21.01.2026