Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Prosesshefte

Dokumentasjon av prosessar er noko av det viktigaste i kreative prosjekt. Det du viser av førebuingar, eksperimentering, produksjon og faglege refleksjonar, viser kompetansen din. Å lage dokumentasjon som gir andre innsikt i prosessen din, er ein kompetanse i seg sjølv. Øv deg på dette!

Innhald i eit prosesshefte

Det blir stilt høgare krav til dokumentasjonen frå ein elev på vg3 enn på vg1, og krava vil variere frå oppgåve til oppgåve. Ved å klikke deg gjennom tidslinja under får du oversikt over kva eit fullstendig prosesshefte kan innehalde. Den beste visninga av tidslinja får du ved å sjå henne på full skjerm. Klikk på ikonet øvst i høgre hjørne i presentasjonen under.

Analoge prosesshefte

Eit analogt prosesshefte består av fysiske ark som er sette saman til eit hefte. Slike var det vanleg å bruke før vi fekk digitale verktøy, og det blir framleis brukt i nokre prosjekt. Heftet bør ha ei framside med tittel og namnet ditt på. Ei innleiing som forklarer prosjektet, hjelper den som skal sjå gjennom heftet. Gi ein tittel til kvart ark, og organiser innhaldet oversiktleg og estetisk. Det vil slå positivt ut. Det er lurt å jobbe med prosessheftet parallelt med prosjektet ditt.

Skisser, fargepalett og biletmateriell

Av og til vil det vere best å lime skisser, tekstar, fargepalettar og andre biletdøme på eit ark som skal inn i prosessheftet. Då kan du bruke både originalskisser, kopiar og utskrifter. Andre gonger har du heile ark som kan leggast rett inn i heftet.

Døme på analoge prosesshefte

Digitale prosesshefte

Digitale prosesshefte er fine når du skal organisere alt innhaldet som skal til for å dokumentere arbeidsprosessen din. Det luraste er å starte på dette med ein gong du får oppgåva, og så oppdatere undervegs. Du skal som regel ha med alt frå kjelder til inspirasjon og det som skjer fram til ferdig kunstverk.

I motsetning til med eit analogt prosesshefte, kan du raskt og effektivt forandre og oppdatere det digitale heftet. Det gir deg meir tid til å jobbe med det oppgåva handlar om. Arbeidet du legg ned i å lage prosessheftet, gir deg trening i å organisere mykje informasjon på ein visuell og estetisk måte. Dette er ein kompetanse du får bruk for vidare i studiar og arbeidsliv.

Døme på digitale prosesshefte

Døma under er laga med Adobe Express og dokumenterer ein meir avgrensa utforskingsprosess:

Astrids utforsking av mønsterbygging

Karolines utforsking av mønsterbygging

Relatert innhald

Inspirasjonsark

Eit inspirasjonsark blir òg kalla eit moodboard. Det kan hjelpe kunstnaren å styre prosjektet i rett retning.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 17.02.2026