Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

CRAP-reglane

Korleis vi presenterer eit arbeid, er med på å gi eit inntrykk av kvaliteten i arbeidet vårt. I denne artikkelen kan du lære korleis du set bilete og skriftleg tekst saman til ein profesjonell heilskap. Desse reglane gjeld både på det som skal visast på papir og på skjerm.

Kva er CRAP-reglane?

CRAP er eit akronym, altså eit ord sett saman av første bokstav i ulike nøkkelord. Crap er jo eigentleg ikkje noko fint ord på engelsk, men det er lett å hugse. Kvar bokstav refererer til eit bestemt komposisjonsprinsipp:

  • C for contrast

  • R for repetition

  • A for alignment

  • P for proximity

Her skal vi forklare kvart prinsipp vise korleis dei er brukte i ein plakat. Du kan laste ned ei PDF-fil av plakaten under.

Kontrast (contrast)

Bruk kontrastar til å skilje element frå kvarandre, og skap blikkfang og variasjon i .

Fargar

Fargekontrastar kan skape variasjon og fungere som blikkfang. Fargar kan òg skilje ulike element frå kvarandre. God kontrast mellom bakgrunn og skrift sørger for god lesbarheit.

Storleikar

Overskrifter er som regel større enn sjølve . Dette er døme på storleikskontrast brukt på tekst. Overskrifta gir lesaren informasjon kva som er temaet for resten av teksten.

Storleikar kan fortelje kva som er det viktigaste. Eit stort bilete med ein liten bilettekst under, vil gi biletet mykje merksemd. Teksten som kommenterer biletet, kjem i andre rekke. Å plassere noko lite saman med noko stort kan òg skape variasjon.

Formkontrast

Viss du skal kombinere to skrifttypar i layouten din, er hovudregelen å velje to som har stor formkontrast. Viss dei ser veldig like ut, kan det sjå ut som om det har skjedd ein feil. Sørger du for god formkontrast, ser det ut som om det er eit medvitent val. Bruk variasjon for å skape eit meir interessant uttrykk.

Repetisjon (repetition)

Hald deg til nokre få grafiske verkemiddel og repeter desse. Dette vil skape samanheng i designet.

Fargar

Fargar kan brukast på grafiske element, bakgrunnar, tekst og bilete. Bruk fargane medvitent til å binde saman dei ulike delane i layouten. Det er lettare å få til ein god heilskap viss du vel nokre få fargar og bruker desse konsekvent. Det kan gjerne vere fargar du hentar ut frå eit fotografi du har brukt i layouten.

Skrifttypar

Vel nokre få skrifttypar og bruk dei på same måte gjennom heile layouten. Finn ein standard som ser bra ut på overskrifter, avsnittsoverskrifter og brødtekst. Gjennomfører du dette, vil teksten din sjå meir organisert og heilskapleg ut.

Legg merke til at avsnitta er sette opp på same måte i plakaten over. Det vil spare deg for tid viss du finn ein standard og er tru mot han.

Mellomrom og avstandar

Mellomromma er viktige og lette å gløyme. Pass på at avstanden mellom bilete følger eit standardmål. På plakaten på biletet over er mellomrommet mellom bileta 5 mm. Det kunne vore eit anna mål, men 5 mm blei vald fordi det passa i designet og er lett å hugse.

Storleik på bilete

Du kan bruke bilete i ulike format, men finn ut kva storleik eit lite, eit medium og eit stort bilete skal ha. Viss du veit at du skal ha tre små bilete ved sida av kvarandre, ser det betre ut at alle har same mål, enn at dei nesten har lik storleik.

Justering eller linjeføring (alignment)

Alignment eller linjeføring hjelper lesaren til å finne fram i layouten. Linjeføringa leier blikket gjennom informasjonen og held ulike delar saman.

Utvendige margar

Margane fungerer som ei ramme for resten av innhaldet i layouten. Ver nøye med å bruke margane når du skal setje saman skriftleg tekst, bilete og grafikk. Venstre-, høgre- og toppmarg er spesielt viktige. På botnen av ein plakat er det gjerne meir luft.

På linje

Når du skal plassere noko inn på ei side, kan du sjekke om det er andre element der som du kan justere etter. Bileta på plakaten over er justerte slik at dei står nøyaktig side om side og rett over kvarandre.

Tekstar under bilete

Bilettekstar bør ikkje vere breiare enn bileta. Det ser rart ut om ein bilettekst går lenger ut på sida enn biletet.

Gruppering (proximity)

Ordet proximity har med nærleik å gjere. Her kan vi bruke prinsippet om gruppering eller nærleik. Det går ut på at du grupperer element ved å plassere dei nær kvarandre. Dette gjer det enklare for lesaren å skilje ut det som høyrer naturleg saman.

Avsnittsoverskrift

Er det tvil om at overskrifta her er til dette avsnittet? Nærleiken til brødteksten fortel kva ho høyrer saman med. Hadde det vore fem linjeskift mellom overskrifta og brødteksten, ville dette skapt forvirring. Vi hadde lurt på kvar overskrifta høyrde til.

Nær eit bilete

Ein tekst som kommenterer eit bilete, bør stå nær dette biletet. Då veit vi at desse to høyrer saman. Dess meir du aukar avstanden mellom dei, dess meir tvil blir det om dei har nokon samanheng.

Mange bilete

Når fleire bilete skal plasserast i layouten, kan det vere ei løysing å setje dei saman til ei gruppe i staden for å spreie dei utover. Ei slik gruppe kan du bruke som blikkfang på sida.

Oppgåve

Finn ei side i eit magasin, ei faktabok eller ei nettside og vurder korleis CRAP-reglane er brukte.

Kjelde

Williams, R. (2004). The Non-designer's Design Book. Peachpit Press.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 11.03.2025