Sirkel i perspektiv
Tredimensjonale sirklar
Ein sirkel i perspektiv ser ut som ein skråstilt ellipse på papiret. Bruk det du har lært om perspektivteikning. Reglane er dei same. Det som er lengst frå oss, er mindre enn det som er nær oss. Når dette er gjort rett, ser det ut som om det er djupne i teikninga. Det skaper altså ein illusjon av 3D.
Begynn med å teikne eit kvadrat i perspektiv. Parallelle linjer som går innover i biletet, møtest i eit forsvinningspunkt i horisonten.
Finn midten i kvadratet ved å trekke linjer frå hjørne til hjørne. Midtpunktet er der desse kryssar kvarandre. Lag linjer på tvers i begge retningar (loddrett og vannrett). Linjene skal gå gjennom midtpunktet.
Teikn ein og ein boge mellom kvart midtpunkt på sidene av kvadratet. Bogen treffer ytterkanten på kvadratet fire stader. Viss du ser for deg ei klokke, går bogen frå klokka tolv, via klokka tre, vidare til klokka seks, klokka ni og endar opp klokka tolv.
Sjekk om det blei rett
Sjekk om det blei rett ved å teikne eit nytt kvadrat inne i sirklane. Trekk linjer frå kvart punkt der sirkelen kryssar dei diagonale linjene. Viss det er teikna rett, skal begge kvadrata ha heilt parallelle sider. Bogane skal vere borti hjørna på den indre firkanten.
