Samtidskunst

Kunst frå vår eiga tid
Vi kallar kunstverk som er skapte i vår eiga tid for samtidskunst. Det er vanleg å bruke omgrepet om kunstuttrykk frå dei siste 20–40 åra, men fleire reknar med kunst heilt tilbake til 1960-talet.
Samtidskunsten har mange ulike uttrykksformer. Vi kan til dømes møte han gjennom måleri, skulptur, video, installasjon, performance og stads- eller gatekunst, og gjennom ulike kombinasjonar av desse.

Uttrykket formidlar ein idé, og det er eit mål at vi som observatørar skal reagere på kunsten. Han kan engasjere oss og skape undring, men òg provosere oss. Kunsten kan utfordre tradisjonelle grenser og normer. Samtidskunst er i stadig utvikling, og det gir oss høve til å reflektere over vår eiga tid og vårt eige samfunn.
Vi må vere opne og sjå på samtidskunsten på hans eigne premissar. Ofte blir vi som tilskodarar inviterte til å delta i verket. Idéen eller tanken bak kunstverket kan vere viktigare enn måten kunstverket er laga på. Av og til kan tittelen gi oss eit hint om kva kunstnaren har vore oppteken av.

Samtidskunstnarar eksperimenterer ofte med nye former, fargar og materiale. Nokre gjenbruker materiale, slik Pål Vigeland har gjort i Blikk-fang (2015). Her har han skore til metallstykke frå hermetikkboksar og sett dei saman til ein installasjon.

Kva er eit måleri?
Kjende kunstformer kan få nytt innhald. Kerstin Brätsch utforskar kva eit måleri er, og kvar grensene går for kva det kan vere. I filmen under (lengde 10:58) møter vi henne i arbeidet med utstillinga MƎTAATEM på Munchmuseet (2025). Her ser vi korleis ho kombinerer måleri med video, lyd, installasjon, skulptur, plantar, lysbilete og datagenererte tapetar.
Tenk over
Kva forbind du med måleriet som kunstform?
Utvidar Kerstin Brätsch denne forståinga gjennom verka sine?
Installasjon av Thomas Kilpper
Gamle teknikkar blir brukte på nye måtar. Thomas Kilpper spurde seg sjølv korleis han kunne bruke tresnitt og overføre det til dagens språk. Under finn du ein 360-visning av There Is No Apocalypse – Only Catastrophes! Contemporary Footprints (2015) som Kilpper hadde på Nasjonalmuseet.
Kunstnaren starta med å skjere ut motiv i golvet på ein militær bygning frå andre verdskrigen. I filmen under (lengde 1:49) fortel han om dette prosjektet og viser korleis han har jobba med tresnitt i store format.
Tenk over
Korleis påverkar det å kunne bevege seg inne i installasjonen opplevinga di?
Korleis er den historiske staden der Thomas Kilpper først skar ut tresnitta sine, med på å prege innhaldet i verka hans?
Relatert innhald
Nettside hos munchmuseet.no
Nettside hos kilpper-projects.de