Hopp til innhald
Bokmål
Oppgave

Matrise med komposisjonar

Det er fint å ha oversikt over kva for visuelle verkemiddel du kan bruke. Sjølv om du har lært om komposisjon, fargar og kva du kan bruke for å kommunisere visuelt, er det lett å gløyme det. I denne oppgåva kan du lage deg ei oversikt som er nyttig å hente fram, når du treng henne.

Få oversikt

Øvinga gir deg høve til å utfordre deg sjølv ved å lage eigne døme der komposisjonsprinsipp er kombinerte med element i kunsten. Du skal lage eit rutenett som har ni ruter bortover og sju ruter nedover. Kvar rute skal vere 3 cm både i høgde og breidde. Første rute skal vere tom.

Nedover i den første kolonnen skal du skrive element du kan bruke i kunst: linje, flate, form, farge, tekstur og rom.

I den første rada bortover skal du skrive inn prinsipp du kan bruke i komposisjon: balanse, rørsle, rytme, kontrast, blikkfang, gruppering, mønster og einskap.

Oppgåve

Bruk fantasien og visualiser korleis du kan kombinere element i kunst med komposisjonsprinsipp.

Døme: I ruta som er felles for form og rørsle, skal du teikne ei form som òg gir inntrykk av rørsle.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist fagleg oppdatert 10/31/2024