Illusjon av djupne
Djupne i bilete
Animasjonen under (lengde 2:39) illustrerer fem prinsipp du kan bruke for å skape djupne i bileta dine.
To og tre dimensjonar (2D og 3D)

Biletflata vi jobbar på, er flat. Ho har to dimensjonar (2D): høgde og breidde.
Då kan det vere ei utfordring å attgi gjenstandar, bygningar og figurar som har tre dimensjonar (3D): høgde, breidde og djupne.
Djupneskapande verkemiddel
Vi kan skape inntrykk av djupne, sjølv om biletflata berre har to dimensjonar. For å få djupneverknad i eit bilete kan du bruke ulike verkemiddel, som storleiksforhold, overlapping, linjer, fargar og perspektiv.
Storleik
Det at noko er større framme og blir mindre og mindre lenger bak, skaper kjensle av djupne.

Overlapping
Flater som overlappar kvarandre, gjer at vi opplever at noko ligg føre og noko anna lenger bak.

Luftperspektiv
Lufta mellom deg og det du ser på, gjer at motivet ditt blir mindre klart jo større avstanden mellom dykk blir. Valørane blir lysare og gråare lenger unna, og vi opplever at detaljane blir meir utydelege.

Bruk av farge kan vere med på å forsterke djupneverknad. I forgrunnen får vi klare, sterke fargar og større valørkontrastar, mens i bakgrunnen blir fargane svakare og meir duse.

Tekstur
Attgivinga av ulike overflater kan vere tydelegare med meir detaljar framme i biletet enn lenger bak, der dei blir meir uklare.

Linjeperspektiv
Parallelle linjer som går innover i biletet møtest i eitt eller to forsvinningspunkt på horisontlinja. I animasjonen under (lengde 0:44) får du forklart prinsippa for eitt- og topunktsperspektiv.