Horisontlinje og ulike perspektiv
Animasjon om ulike perspektiv
I filmen under (lengde 1:13) viser vi prinsippet for eittpunktsperspektiv og korleis opplevinga av eit motiv kan endre seg, alt etter augehøgda til betraktaren.
Del 1: Lær deg fagorda
Horisontlinje
Vi kjenner horisonten som der hav og himmel møtest. Horisontlinja er den usynlege "linja", og ho svarer til augehøgda di. Dersom du står høgt oppe på eit fjell og ser utover havet, så vil horisontlinja bli høgare enn om du sit i sanden på stranda og ser utover.

Normalperspektiv
Normalperspektivet er, som namnet beskriv, i normal høgde, verken høgt eller lågt. Det svarer til augehøgda di.
Fugleperspektiv
Fugleperspektiv er, som namnet gir hint om, at vi ser som fuglen, ovanfrå og ned.
Froskeperspektiv
Froskeperspektiv er perspektiv sett nedanfrå. Då har du låg augehøgde og ser opp på motivet ditt.

Del 2: Utforsk ulike perspektiv
Utstyr
mobilkamera
skissebok
teikneblyantar
No skal du trene på å observere dei ulike perspektiva:
Bruk mobil- eller eit anna kamera og ta fleire bilete inne og ute. Eksperimenter med fleire vinklar og la motiva ha:
normalperspektiv
fugleperspektiv
froskeperspektiv
Noter kva du observerer i skisseboka di, og lag enkle skisser. Når du gjer det, sit kunnskapen endå betre.