Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Forgrunn, mellomgrunn og bakgrunn

Vi kan dele biletflata inn i forgrunn, mellomgrunn og bakgrunn for å skape djupne i eit bilete.

Film om inndeling av biletflata

I animasjonen under (lengde 2:31) ser vi korleis forgrunnen blir opplevd nær, mens mellomgrunnen verkar lenger unna. Bakgrunnen kjennest lengst borte frå den som ser på biletet.

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Forgrunn

Forgrunnen er elementa som verkar nærast den som opplever biletet. Desse gir ofte ei kjensle av nærleik og kan vere detaljerte.

Bakgrunn

Elementa som er lengst unna betraktaren, blir bakgrunnen i biletet. Desse er ofte meir uskarpe eller mindre detaljerte. Dette gir oss ei kjensle av avstand.

Mellomgrunn

Dette er området mellom forgrunnen og bakgrunnen. Det kan innehalde viktige komposisjonselement som bind forgrunnen og bakgrunnen saman.

Farge som djupneskapande verkemiddel

Vi kan skape av forgrunn, mellomgrunn og bakgrunn ved å bruke sterke fargar framme og dusare fargar bak.

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 21.01.2025