Fargeblanding med fargeblyantar

Lag nye fargetonar og nyansar
Med fargeblyantar kan du teikne detaljert og med klare, fine fargar. Av og til må du justere fargen for at det du teiknar, skal få det uttrykket du er ute etter. Til dømes vil ein grønfarge bli heilt annleis viss du kombinerer han med raudt. Sidan grønt og raudt er komplementærfargar, vil dei dempe kvarandre. Treng du ein heilt annan grøn enn den du har, kan du blande din eigen ved å kombinere gult og blått. Bruk det du veit om fargeblanding for å få meir ut av fargeblyantane dine!
Jobb systematisk med utprøvingar i eit rutenett
Teikn opp eit rutenett på eit teiknepapir eller i skisseboka di. Du treng like mange ruter vassrett som loddrett. Talet på ruter må du tilpasse etter kor mange fargeblyantar du vil bruke til fargeblandinga. Du kan starte med fem til sju fargar, men planlegge for at du kan halde fram med opptil tolv fargar.
Relatert innhald
Komplementærfargane står rett overfor kvarandre i fargesirkelen. Dei framhevar og forsterkar kvarandre.