Penn og blekk

Kva er blekk?
Blekk blir laga av finmalne pigment som er blanda inn i væske. Væska er tynn når ho skal fungere med penn eller pensel. Til trykketeknikkar blir same type pigment brukte, men i ei meir kremaktig blanding, og blir då kalla trykksverte.

Vassløyseleg eller permanent blekk
Det finst blekk som er vassløyseleg, og blekk som er permanent etter at blekket har tørka på papiret. Med vassløyseleg blekk kan du løyse opp pigmenta i ei teikning og bruke fukta som tynn måling. Den permanente typen blekk løyser seg ikkje opp av fukt om han har fått tørke på papiret. Han passar derfor godt om du vil bruke akvarellmåling til å fargelegge teikninga.
Lysekte blekk
Nokre typar blekk vil falme over tid dersom det blir utsett for lys. Undersøk kva som gjeld for den typen blekk du skal bruke, før du lagar eit kunstverk som skal henge på veggen. Lysekte blekk vil ikkje falme.
Måling som blir brukt som blekk
Det finst akrylbasert blekk og flytande akvarellmåling. Dette er ikkje blekk i tradisjonell forstand, men kan brukast på same måte som blekk.
Du får kjøpt blekk i alle moglege fargar. Mange bruker kvitt blekk til å lage høglys over ei teikning med mørkt blekk. Det gir også ein fin effekt på farga papir.

Ulike typar pennar
Du kan bruke ulike typar pennar saman med flytande blekk. Vi dyppar dei ned i blekket før vi teiknar. Etter ei stund blir det mindre blekk på pennen, og vi må dyppe på nytt. Du kan eksperimentere og prøve ut andre reiskapar. Ein kvist, ein bit papp, ein bomullspinne eller andre ting du kan finne i nærleiken.
Pennar med pennesplitt
Nokre pennar har eit skaft der du kan setje inn ein pennesplitt av metall. Du kan bruke same skaft og byte ut pennesplittane, som kan kjøpast separat. Nokre pennesplittar har tynnare spiss enn andre. Desse fungerer godt til å teikne detaljar med.
Røyrpennar
Du kan lage din eigen røyrpenn ved å skjere til eit røyr av bambus eller tjukke strå. Det går òg an å kjøpe røyrpennar av bambus.
Glaspenn
Denne typen penn er av glas som har spiralforma riller. Rillene held på blekket som gradvis siv ned mot spissen mens du teiknar eller skriv. Hugs at denne kan knusast om han fell i golvet.
Fyllepenn
Fyllepennen har ein behaldar i skaftet som held på blekket. Om du vil ha ein teiknereiskap som er lett å ta med, er dette ei praktisk løysing.
Pensel
Om du vil måle med blekket, kan du bruke ein mjuk pensel. Vask penselsbusta godt etter bruk sånn at blekket ikkje storknar.

Papir
Test ut papir og finn fram til det du liker best. Vanleg teiknepapir fungerer fint til dei fleste prosjekta. Om du planlegg å bruke vatn eller akvarellmåling, er akvarellpapir betre. Du kan òg bruke farga papir.

Teknikkar med blekk
Du kan bruke blekk på mange ulike måtar. Her er nokre forslag.
Skraveringsteknikkar
Alle skraveringsteknikkar du kan bruke med vanleg blyant og med tusjpenn, kan brukast med blekk og penn.
Måle med blekk
Sidan blekk er tynt og flytande, kan du bruke ein pensel og bruke det som måling. Det er nyttig til dømes når du skal dekke større område.
Du kan òg tynne blekket ut med vatn og bruke det til laveringar, altså gjennomsiktige lag med farge. Blekk som er utvatna, minner om akvarellmåling. Lar du ei flate tørke, kan du teikne over dette laget eller legge på fleire laveringar.
Teikningar du allereie har på papiret, kan løysast opp med vatn. Dette gjeld berre for vassløyseleg blekk.
Blåse med sugerøyr og skvetteteknikk
Ein liten pytt med blekk kan blåsast rundt på arket ved å bruke eit sugerøyr. Dette kan gi interessante flater. Skvetting og dryping kan òg gi fine effektar.
Utprøvingar med penn og blekk
Den beste læringa skjer når du sjølv prøver deg fram. Ein fin måte å prøve penn og blekk på er å lage ulike skraveringar og prøve å få til ulike valørar. Sjå gjerne på døma i artikkelen om tusjpenn før du startar.
Øving 1: Eksperimenter med strekar, punkt og krusedullar
Teikn opp åtte til tolv kvadrat med blyant på eit teiknepapir. Bruk eit ark i passande storleik.
Teikn nokre kvadrat som har flater med jamne valørar. Bruk anten strekar, punkt eller krusedullar i eitt og same kvadrat.
Prøv deg fram for å skape ulike valørar innanfor same kvadrat. Vel sjølv kva teknikkar du vil bruke.
Laveringar med blekk
Tynnar du ut blekket med vatn, kan du bruke laveringar for å skape skuggeeffektar på teikninga di.

Øving 2: Teikning med lavering
Lag ei teikning med penn og blekk på akvarellpapir. Du kan ha ei teikning med svake blyantstrekar som underlag før du teiknar over med blekk.
Bland blekk og vatn i eit lite glas. Bruk blandinga som måling på teikninga. Målet er å få fram lys og skugge ved å bygge opp ulike valørar.