Teikn ei lampe med pastellkrit

Utstyr
teiknepapir: A3-format
og eit ekstra ark til å teste ut teknikk og fargeblandingar påei lampe eller foto av ei lampe du vil teikne
fargeblyantar og pastellkrit i fargenyansar som passar til lampa du har valt
blyantspissar
linjal
knettgummi
tørkepapir
fikseringsspray
Del 1: Forarbeid og inspirasjon
Les artikkelen om Pastellkrit.
Pastellkrit kan gi intense fargar. Du kan blande dei til fleire nyansar og skape mjuke overgangar. Test ut ulike teknikkar.
Roald Kyllingstad er kjend for dei superrealistiske pastellteikningane sine i store format. Vel ei pastellteikning frå samlinga i Nasjonalmuseet eller frå nettsida hans. Zoom deg inn på detaljar og studer korleis han jobbar med fargeflater og gir att ulike teksturar. Vel eit lite utsnitt og prøv å kopiere måten han har brukt pastellkrit på.
Del 2: Vel ei lampe du vil teikne
Vel om de skal ha ståande ei lampe og teikne ei tredimensjonal form, eller om de vil bruke eit fotografi. Viss de bruker foto, er det lurt å skrive ut biletet i storleik A3.
Del 3: Teikn opp hovudformene
Bruk fargeblyantar til å teikne lampa nøyaktig på teiknepapir. Bruk gjerne linjal viss lampa har rette linjer. Dersom du bruker eit fotografi du har skrive ut i A3, kan eit lysbord hjelpe deg til å overføre hovudformene.
Bruk ein fargeblyant som passar til dei ulike fargenyansane på lampa. Viss delar av lampa er grøn, bruker du ein grøn fargeblyant. Pass på at blyantane er godt spissa, og teikn med ein forsiktig strek.
Få med alle viktige detaljar. Område med gjenskin er spesielt viktige for å få sluttresultatet til å sjå realistisk ut.

Del 4: Fargelegg med pastellkrit
Leit etter ulike fargenyansar i fotografiet og fyll flatene med farge. Bruk forsiktige rørsler og jobb kontrollert. Pass på å halde deg innanfor linjene.
Det kjem til å legge seg mykje støv frå kritet på arket. Bruk gjerne fingeren til å trykke fargane ned i arket. Blås eller bank overflødig støv forsiktig av arket.
Bruk kvitt krit og svart krit for å framheve lysare og mørkare område. Test korleis du kan blande fargekrit for å oppnå dei ønskte fargenyansane på det arket du har liggande ved sida av.
Bruk knettgummi til å fjerne område der du gjer feil eller teiknar utanfor streken.

Del 5: Marker detaljar med fargeblyantar
Fargeblyantar i rette fargenyansar kan gi ekstra skarpe linjer. Bruk dei på dei små detaljerte områda der du treng ekstra presisjon.
Bruk gjerne linjal der du vil ha rette linjer. Til dømes kan du bruke ein grå trykkblyant for å få ei tynn, skarp grå linje på ei metallstong. Svart, kvitt og grått i kombinasjon med skarpe strekar frå trykkblyant kan skape ein flott metallisk effekt.

Del 6: Fiksering
Når du er ferdig, er det lurt å fiksere biletet med fikseringsspray slik at kritet ikkje smittar av. Fiksering hjelper med å binde pigmenta til papiret. Før du fikserer heile teikninga, er det lurt å prøve fikseringssprayen på eit prøveark for å sjå korleis det påverkar fargane.
Ventilasjon

Fikseringsspray kan innehalde kjemikal som er skadelege ved innanding. Gå ut, eller sørg for at rommet er godt ventilert når du skal bruke fikseringsspray.
Hald avstand
Spray fikseringsmiddelet frå ein passande avstand (vanlegvis 30–40 cm) for å unngå for mykje væske på teikninga di.
Lagvis påføring
Påfør fikseringsspray i lette lag, og la kvart lag tørke litt før du sprayar på meir. Dette gir jamnare finisj.
Del 7: Montering
Til slutt kan du klippe ut teikninga di og lime henne på eit svart ark. Det er for å fjerne eventuelle flekkar frå støv og krit på arket og for å få ei fin montering som framhevar fargane.