Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Tusjpenn

Med tusjpenn kan du få fram mange uttrykk. Tusjpennar har ulike tjukkleikar, og du kan bruke dei til å teikne reine linjer eller skape valørar og volum med ulike skraveringsteknikkar.

Kvaliteten på tusjpennane

Tusjpennar er laga slik at du får ein jamn tjukkleik på streken når du teiknar. Vel ein tynn eller tjukkare tusjpenn alt etter det du føretrekker. Du kan sjølvsagt kombinere ulike tjukkleikar i ei og same teikning.

Dei fleste tusjpennar av god kvalitet er vassfaste, noko som gjer at du kan bruke dei saman med akvarellmåling. Du kan lese på pennen om han er vassfast.


Linjer, punkt og krusedullar

Du kan få til mange ulike uttrykk med ein tusjpenn. Viss du vil teikne ei flate som har jamn valør, bør streken, punkta eller krusedullane teiknast slik at dei har jamne mellomrom. Viss du til dømes set punkt tett i tett, får du ein mørkare valør. Står punkta meir spreidde, blir valøren lysare.

Øving: Eksperimenter med strekar, punkt og krusedullar

Teikn opp 8–12 kvadrat med blyant. Bruk eit ark i passande storleik.

Teikn nokre kvadrat som har flater med jamne valørar. Bruk anten strekar, punkt eller krusedullar i eitt og same kvadrat.

Prøv deg fram for å skape ulike valørar innanfor same kvadrat. Vel sjølv kva teknikkar du vil bruke. Sjå gjerne på dømet over for å få inspirasjon.


Beskrivingar av form

Når du skal beskrive form, må du skape valørar som gir ein illusjon av lys og skugge. I tillegg kan vi bruke perspektivteikning som verkemiddel.

Vi har både direkte og indirekte lys. Legg merke til kva retning det direkte lyset kjem frå. Dei sidene som blir trefte av direkte lys, har dei lysaste flatene. Den motsette sida er skuggesida og skal ha dei mørkaste valørane.

Indirekte lys er lys som blir reflektert tilbake frå omgivnadene. Eit døme er når ei kule får reflektert lys på undersida. Dette lyset blir reflektert frå underlaget ho ligg på.

For å få til ein enkel, men overtydande, illusjon av form let du linjene følge forma til objektet. På ei kule bruker du bogne linjer som følger den runde forma til kula. Ein kube har flate sider, derfor er linjene vertikale, horisontale eller diagonale.

Form og teksturar

Tekstur er overflata til det du skal teikne. Ved å kombinere prinsippa for å beskrive form med valørar og perspektiv, kan du teikne kva som helst.

Kube

Ein kube som er laga av tre, får lys og skugge på dei same sidene som ein kube laga av papir. Forskjellen er berre teksturen.

Teiknar du opp kuben og skuggelegg han, kan du så teikne inn teksturen som passar for det materialet du vil framstille. Teksturar er berre ei anna fordeling av valørar innanfor kvar side av kuben.

Kubar av ulike materiale er gjerne meir organiske i forma, men prinsippa for perspektiv, lys og skugge er likevel dei same. Planlegg korleis meir organiske former har kantar som er mindre regelmessige enn geometriske former.

Øving: Teikn kubar i ulike materiale

Teikn opp åtte kubar med svake blyantstrekar på eit ark i passande storleik. Bestem deg for kva retning lyset kjem frå.

Bruk tusjpenn til å teikne opp formene før du skraverer inn valørane som beskriv lys og skugge for kvar side av kubane. Hugs å følge forma til kubane og å planlegge uregelmessige kantar.

Teikn inn ulike teksturar for kvar kube. La deg inspirere av døma over.

Kule

Same logikk gjeld om du skal teikne kuler. Den sida som blir treft av direkte lys, har dei lysaste valørane, og motsett side har dei mørkaste valørane. Underlaget kula står på, vil ofte reflektere lyset tilbake på undersida av kula. Kvitt underlag reflekterer mykje lys, mens svart underlag reflekter lite lys.

Øving: Teikn kuler i ulike materiale

Teikn opp åtte kuler med svake blyantstrekar på eit ark i passande storleik. Bestem deg for kva retning lyset kjem frå.

Bruk tusjpenn til å teikne over blyantstreken før du skraverer inn valørane som beskriv lys og skugge for kulene. Hugs å følge forma til kulene og å planlegge der du vil ha uregelmessige kantar.

Teikn inn ulike teksturar for kvar kule. La deg inspirere av døma over.

Kjelde

Dunn, A. (2015). Fin and Ink Drawing - A Simple Guide. SD Books.

Relatert innhald

Valør

Gråtonane mellom kvitt og svart blir kalla valørar. Lær korleis du kan bruke valørar til å skape djupneverknad i teikningane dine.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 17.06.2025