Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Eittpunktsperspektiv

No skal du øve på å bruke eittpunktsperspektiv. Du skal bruke eit forsvinningspunkt på horisontlinja og teikne prisme i ulike høgder. Dette er ei viktig øving som hjelper deg til å forstå prinsippet i perspektivteikning. Til slutt kan du øve på å lage prisme og ein sylinder ut frå grunnformene.

Utstyr

skisseblokk: A3-format

linjal

blyant: 2B

svart penn

Oppgåve 1. Teikn prisme i ulike høgder

Instruksjonsfilm

I filmen under (lengde 5:33) får du ei grunnleggande innføring i korleis du kan teikne tredimensjonalt ved å bruke eittpunktsperspektiv. Vi viser deg trinn for trinn korleis du kan teikne prisme i ulike høgder. Eit prisme er ein tredimensjonal geometrisk figur. Her har vi brukt firkantar som endeflater. I staden for å markere prisma med fargeblyant til slutt, kan du bruke ein svart penn.

Video: Katrine Borgenvik v/ Høgskolen på Vestlandet / CC BY-NC-SA 4.0

Del 1: Fugleperspektiv

Ein fugl som flyg, ser verda ovanfrå. Derfor kallar vi dette perspektivet for fugleperspektiv. No skal du teikne eit prisme ved å følge rettleiinga i instruksjonsfilmen over eller ved å følge beskrivinga i punkta under:

  1. Teikn opp ei horisontlinje på arket ditt.

  2. Linjer som går innover i biletet, møtest i eit punkt på horisontlinja. Dette kallar vi eit forsvinningspunkt. Bestem kvar forsvinningspunktet skal ligge på horisontlinja du har teikna.

  3. Begynn med å lage to strekar under horisontlinja di. Desse skal stå parallelt over kvarandre. Bestem breidda ved å setje to punkt på den øvste linja. Strek loddrett ned til den andre linja frå begge punkta slik at du får ein firkant.

  4. Trekk ei hjelpelinje frå alle dei fire hjørna på firkanten og opp til forsvinningspunktet.

  5. Bestem kor djupt prismet skal vere ved å setje ein horisontal strek eit stykke over den øvste streken på firkanten. Trekk ein loddrett strek ned frå der denne streken kryssar dei to øvste hjelpelinjene i prismet. Lag så ein vassrett strek mellom punkta der dei loddrette strekane kryssar dei to nedste hjelpelinjene.

  6. Marker linjene i prismet med ein svart penn og la hjelpelinjene som er teikna med blyant, stå.

Vips! No har du teikna eit prisme i fugleperspektiv!

Del 2: Froskeperspektiv

Froskeperspektiv er perspektiv sett nedanfrå. Du har då låg augehøgde og ser opp på motivet ditt. Følg same framgangsmåte som i del 1, men no skal du teikne prismet over horisontlinja.

Del 3: Varier ulike perspektiv

Fyll arket med prisme sett frå ulike perspektiv. Sjå korleis du kan gjere dette i instruksjonsfilmen over.

Oppgåve 2. Teikn grunnformene og lag 3D-figurar ved hjelp av eittpunktsperspektiv

I filmen under (lengde 3:21) får du ei trinnvis beskriving av korleis du kan teikne ein sylinder og eit trekanta og eit firkanta prisme.

Video: Annlaug Auestad / CC BY-SA 4.0
  1. Start med å teikne ei horisontal linje og set eit forsvinningspunkt midt på linja.

  2. Teikn grunnformene: ein sirkel, eit kvadrat og ein likesida trekant under linja.

  3. Lag hjelpelinjer frå grunnformene og opp i forsvinningspunktet på linja. På sirkelen lagar du strekar frå yttersidene, og på kvadratet og trekanten trekker du opp strekar frå kvart hjørne. Marker djupna ved å teikne linjer som går parallelt med formene.

  4. Bruk skravering og la valørar framheve forma og skape djupneverknad.

  5. Bruk til slutt knettgummi til å gjere valørane lysare.

Skrive av Annlaug Auestad og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 07.01.2025