Symbolisme

Kunstnarar i perioden meinte impresjonismen var overflatisk med skildringane sine av stemninga i ein augeblink. Dei reagerte òg på kravet frå dei realistiske målarane om å gi att verkelegheita mest mogleg objektivt. No ville dei i staden måle idéar og kjensler symbolsk.
Symbolistane ville vise fram ei draumeverd og dei historiene dei kunne finne der. Komposisjonane deira var fulle av symbolikk, ofte med metta fargar som gav ei kjensle av intensitet. Raske strekar kunne formidle energi og rørsle.
Symbolistane baserte motiva på sine eigne tolkingar av verda. Personar og objekt skulle ikkje sjåast på som verkelege, men som symbol for dei idéane kunstnaren ville formidle.
Relatert innhald
Impresjonismen er ei kunsthistorisk retning på slutten av 1800-talet. Kunstnarane var opptekne av å få fram inntrykket av ein bestemd augeblink.
Bli kjend med romantikken som periode. Her ser vi på biletkunst frå nokre kjende europeiske kunstnarar, og vi utforskar motivval.

