Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Gå oppdagingsferd i Vincents verd

Sett deg inn i kven Vincent van Gogh var som kunstnar. Kai Chen har late seg inspirere av måleria hans og skapt eit digitalt 360-bilete med tittelen Vincent world. Studer komposisjon, måleteknikk og fargebruk i dette biletet, og diskuter det med medelevar.

Oppgåve 1

Gjer deg kjend med Vincent van Gogh som kunstnar. Noter kva han blei inspirert av, og korleis han utvikla sin heilt eigne stil. Kva kjenneteiknar måleria hans?

Oppgåve 2

Studer 360-biletet Vincent world på nettstaden Artstation. Det er laga av kunstnaren Kai Chen og blei publisert i 2018. Bruk fullskjermvisning. Jobb saman i par eller i grupper på tre, og del det de oppdagar med kvarandre.

  1. Beskriv miljøa du kjem inn i. Kjenner du igjen noko frå måleri av Van Gogh?
  2. Beskriv dei menneska de møter i biletet. Kva fortel kroppsspråket om dei? Kjenner du igjen personar frå Van Goghs måleri?
  3. Beskriv fargane og bruken av fargekontrastar. Korleis påverkar fargekontrastane opplevinga av miljøa i biletet?

  4. Beskriv komposisjonen og bruken av djupneskapande verkemiddel (noko du kan lese om i artikkelen "Illusjon av djupne").

  5. Beskriv penselstrøka. Korleis er dei med på å skape stemning i biletet?

  6. Kva trur de Kai Chen ønsker å formidle gjennom 360-biletet?
    Beskriv opplevinga de har ved å bevege dykk rundt i eit 360-univers.
    Kva effekt oppnår kunstnaren når vi kan bevege oss rundt i måleriet?

Relatert innhald

Skrive av Ragna Marie Tørdal, Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 12.05.2026