Postimpresjonisme

Paul Cézanne (1839–1906)

Paul Cézanne var ein pådrivar i overgangen frå impresjonisme til postimpresjonisme. Først følgde han idéen frå impresjonistane om å fange ein augeblink ved hjelp av lys, fargar og korte penselstrøk. Men etter kvart kom han fram til at denne målestilen var upresis, skisseprega og formlaus.
Måleria skulle ikkje nødvendigvis beskrive ei hending. Cézanne blei meir oppteken av komposisjon, form og fargeflater. Seinare har han blitt kalla "den moderne målarkunstens far".
Verka hans var nøye komponerte. Han forenkla motiva sine og bygde opp ein komposisjon ved hjelp av geometriske former. Han meinte at formene i naturen kunne reduserast til kubar, kuler, sylindrar og kjegler.

Cézanne eksperimenterte og braut med det tradisjonelle perspektivet. Betraktaren får sjå objekta i måleriet frå ulike vinklar. Slik blir den todimensjonale flata framheva i biletet. Samtidig skapte han djupne med bruk av fargenyansar.
Vincent van Gogh (1853–1890)

Den nederlandske målaren Vincent van Gogh fekk lite anerkjenning då han levde. I dag blir han rekna som ein av dei viktigaste moderne kunstnarane i overgangen frå 1800- til 1900-talet. Han kunne uttrykke sterke kjensler gjennom vibrerande fargar, tjukk måling (impasto) og bogne linjer. Slik fornya han europeisk måleri og blei ein forløpar for ekspresjonismen.

Van Gogh måla motiv som vanlege menneske kunne kjenne seg igjen i. Han brukte breie, tydelege penselstrøk og sterke, ofte intense fargar. Fleire verk utstråler begeistring, sjølv om van Gogh tidvis hadde eit mørkt sinn.
Den aktive kunstnarperioden til van Gogh blei kort, berre rundt ti år, men han let etter seg ei samling med over 800 måleri. I ettertid har han inspirert mange kunstnarar i Europa til å måle på ein ny måte.
Paul Gauguin (1848–1903)

Paul Gauguin var ein fransk målar som tidlegare jobba i bank og børs. Han utvikla ein ny målestil og blir rekna som ein av grunnleggarane av ekspresjonismen. Kunstnaren ville vise kjensler og indre opplevingar i bileta sine.
Gauguin meinte at kjensla kjem først, så forståinga. Han var ikkje oppteken av å gi att verkelegheita rett når det gjaldt fargar og perspektiv. Bakgrunnen kunne vere utviska, han forenkla former og brukte sterke fargar side om side, ofte med svarte konturar. Dette gjer at bileta hans kan verke todimensjonale.

Gauguin var tiltrekt av eit enkelt levesett. I 1891 reiste han til Tahiti, der ein stor del av måleria hans blei til. Motiva var ofte kvinner. Enkle og tydelege komposisjonar gir bileta styrke.
Henri de Toulouse-Lautrec (1864–1901)

Henri de Toulouse-Lautrec var ein fransk målar som brukte litografi og pastell i tillegg til akvarell- og oljemåling. Mest kjend var han som ein dyktig teiknar. Han var med i gruppa Les XX i Brussel. Dei var 20 kunstnarar som ikkje følgde éin bestemd stil, men representerte ulike kunstretningar.

Toulouse-Lautrec var ikkje så oppteken av lys som impresjonistane var, men la meir vekt på rørsle, form og dekorative verknader. Han fornya plakatkunsten med enkle former, klare flater og tydelege konturar. Motiva hans skildra ofte kunstnarmiljøet og folkelivet på Montmartre i Paris.
Suzanne Valadon (1865–1938)


Suzanne Valadon var ein fransk målar som arbeidde innan fleire kunstretningar. I 1894 blei ho den første kvinna som blei teken opp i den franske kunstforeininga Société des Beaux-Arts.
Motiva hennar er enkle og presise, ofte med tynne, svarte konturar som framhevar dei sterke og reine fargane.
Valadon var stort sett sjølvlært og blei spesielt kjend for portretta og aktbileta sine av kvinner. Ho måla dei realistisk, utan å idealisere, og portretta hennar kjennest nære.
Kva har du lært?
Relatert innhald
Nettside hos da.wikipedia.org