Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Biletkunst i romantikken

At noko kan vere romantisk, kjenner du sikkert til, men her skal du bli kjend med romantikken som periode. Han kom som ein reaksjon på opplysningstida, som la stor vekt på fornuft. Vi skal sjå på biletkunst og utforske motivval og nokre kjende europeiske kunstnarar frå perioden.

Film om romantikken

Filmen under (lengde 2:13) viser kva straumdrag som prega romantikken som periode.

Video: Amendor, Mediafarm / CC BY-NC-SA 4.0

Romantikken

I romantikken blei individet plassert i sentrum. Kunstnaranes eigne kjensler, tolkingar og fantasi fekk stor plass i kunsten. I staden for å kopiere gamle former skulle dei no skape sine eigne uttrykk.

Romantikken kom etter nyklassisismen på slutten på 1700-talet og varte til rundt 1850.

Med romantikken fekk vi:

  • Nytt syn på kunst og kunstnarar: Kunstnarane skulle vise sin eigen personlegdom gjennom kunsten, og dei meinte det var viktig å ha fridom til å uttrykke seg.

  • Dyrking av kjenslelivet: Kjensler og fantasi blei vurdert høgare enn kunnskap og fornuft.

  • Religiøst natursyn: Naturen blei sett på som ei levande ånd, og naturen blei vurdert høgare enn sivilisasjonen. Synet på naturen i romantikken gjorde at landskap blei dominerande i biletkunsten.

  • Sterk interesse for folkekulturen.

  • Mellomalderen som inspirasjonskjelde: Dei såg tilbake til ei tid der dei meinte at religion og kjensler hadde ein viktig plass i menneskas liv.

Biletkunst

Romantikken omfattar mange ulike stilar og motiv, som stemningsfulle landskapsbilete, historiemåleri og skildringar av folkeliv. Folk var opptekne av tema som styrkte nasjonalkjensla. Vi ser òg ein fascinasjon av draumar og eksotiske scenar.

Paris var eit kulturelt sentrum i Europa. Dit kom kunstnarar frå ulike land for å studere og vere ein del av kunstmiljøet. Kunstnarane hadde ulike kulturelle bakgrunnar og blei påverka av romantikken på ulike måtar.

Vi skal sjå nærare på nokre utvalde kunstnarar.

Eugène Delacroix (1798–1863)

Eugène Delacroix, frå Frankrike, blir sett på som ein av dei største målarane frå den romantiske perioden. Verka hans er fulle av handling og av og figurar i rørsle. Han var spesielt dyktig i fargebruk og sette ofte mot kvarandre. Bileta hans har ofte tradisjonell og klassisk oppbygning, men han målar med ein ny og sterk dynamikk. Penselstrøka er raske og livlege, og over tid utvikla han ein teknikk med reine fargeflekkar.

Théodore Géricault (1791–1824)

Saman med Delacroix er Théodore Géricault kjend for å ha starta den romantiske perioden i kunsten. Géricaults kunst var dramatisk, som vi ser i verket Dei overlevande frå Medusa. Kombinasjonen av sterke kjensler og dramatikk kan gjere sterkt inntrykk på den som ser på biletet. Storleiken på måleriet (4,91 x 7,16 meter) og perspektivet innover kan gi tilskodaren ei kjensle av å vere til stades.

Nærare beskriving av Dei overlevande frå Medusa

Kontekst

Dei overlevande frå Medusa fortel om ein fransk fregatt som grunnstøytte utanfor Marokko i 1816. Det var ikkje nok livbåtar, og dei bygde ein flåte som dreiv rundt på havet i 27 dagar. Kapteinen redda seg sjølv og dei passasjerane som hadde høgast rang, og overlet dei andre til sin eigen lagnad.

Komposisjon

Måleriet har ein klassisk oppbygning der figurane er plasserte i to aksar som symboliserer høvesvis håp og håpløyse.

Den positive aksen i måleriet er ein klar diagonal som strekker seg frå hjørnet nedst til venstre og opp til det øvre høgre hjørnet i måleriet. Ved å følge denne aksen blir blikket vårt ført opp mot mannen som vinkar etter hjelp med ei skjorte, og vidare mot det vesle skipet i det fjerne, som representerer håpet om å overleve. Aksen går frå død til håp.

Den andre, som vi kan kalle aksen til håpløysa, startar frå den døde kroppen nedst til høgre og går via seglet mot flodbølga øvst til venstre, som truar med å skylje over og øydelegge flåten.

Elementa i komposisjonen dannar òg to pyramidar, som vi har markert i biletet under. Den raude pyramideforma peikar mot håpet: mannen som vinkar og skipet i horisonten (markert med ein svart sirkel). Den blå pyramiden går frå eit døyande mannskap og opp mot ei øydelagd mast.

Fordjuping

Dersom du vil lære meir om måleriet, kan du gå inn på:
Théodore Géricault, Raft of the Medusa på nettsidene til Smarthistory.

Francisco de Goya (1746–1828)

Goya var ein spansk målar som har hatt mykje å seie for europeisk kunst. Han var mest produktiv rundt år 1800. I byrjinga måla han gjerne muntre motiv. Men etter at han blei sjuk og miste høyrselen, blei bileta hans meir dystre, både i motiv og fargar.

Sjølv om Goya måla innanfor romantikken, utvikla han seg til å bli ein samfunnskritisk kunstnar, som kunne ta opp politiske tema i bileta sine.

Avrettingane 3. mai 1808 skildrar ei historisk hending. Det spanske folket gjorde opprør då Napoleons troppar marsjerte inn i Madrid. Men biletet skil seg ut frå tidlegare historiemåleri når Goya viser den brutale krigen sett frå offeras side.

Goya var ein nyskapande kunstnar og har inspirert mange som kom etter han. Han brukte heile fargepaletten i livlege komposisjonar, og bileta hans kunne ha eit impresjonistisk preg. Det vil seie at målaren var oppteken av å fange lyset og beskrive stemningar gjennom lause målestrøk.

Caspar David Friedrich (1774—1840)

Caspar David Friedrich er den mest kjende representanten for tysk, romantisk måleri. Landskapsmåleriet hadde tidlegare vore sett på som ein ubetydeleg sjanger, men blei ei av dei viktigaste kunstformene tidleg på 1800-talet.

I bileta hans er menneska ofte små og sårbare i møte med den mektige naturen. Han utvikla ein unik stil der komposisjon, linjer og fargar skulle formidle kjensler av uendelegheit og av noko mystisk. Vitskapsmenn syntest òg bileta var interessante på grunn av dei grundige studiane han gjorde av naturen.

William Turner (1775–1851)

William Turner var ein av Storbritannias største landskapsmålarar. Han utforska nye teknikkar, noko som gjorde han viktig for utviklinga av olje- og akvarellmåleriet.

Turner var tidleg inspirert av klassisk fransk landskapsmåleri frå barokken, men han ønskte å skape sine eigne, unike verk. Fleire måleri viser kor oppteken han var lys og rørsle. Dette var banebrytande og inspirerte impresjonistane som kom etter han. Dei brukte ofte lyse, klare fargar og måla med korte, hurtige penselstrøk for å skape ei kjensle av rørsle og lys.

Kva har du lært?

Kilder

Dahl, T. E., Bakka, E. & Rygg Rønneberg, M. L. (1994). Relieff. Gyldendal Norsk Forlag.

Håberg, K. R. (2008). Kunst og formkultur 3 – fra 1600 til 1900. Norli.

Krausse, A. C. (2005). Maleriets historie. Fra renessansen til i dag. Spektrum forlag.

McCoy, C. B. (u. å.) Theodore Géricault, Raft of the Medusa. Smarthistory. https://smarthistory.org/theodore-gericault-raft-of-the-medusa/

Michaelsen, M. M. (2024, 26. november). Caspar David Friedrich. I Store norske leksikon. https://snl.no/Caspar_David_Friedrich

Pharo, I. & Sagstad, E. (1998). Det skapende mennesket. Universitetsforlaget.

Romantikken - kunst. (2024, 26. november). I Store norske leksikon. https://snl.no/romantikken_-_kunst

Théodore Géricault. (2025, 24. februar). I Store norske leksikon. https://snl.no/Th%C3%A9odore_G%C3%A9ricault

Tschudi-Madsen, S. (2025, 24. februar). Eugène Delacroix. I Store norske leksikon. https://snl.no/Eug%C3%A8ne_Delacroix

Tschudi-Madsen, S. (2025, 26. februar). William Turner. I Store norske leksikon. https://snl.no/William_Turner

Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 05.08.2025