Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Nasjonalromantikken i Noreg

Nasjonalromantikken kan sjåast på som ei retning av romantikken. I Noreg varte perioden cirka frå 1830 til 1870. Landet hadde fått si eiga grunnlov i 1814, og det var eit politisk behov for å bygge nasjonen. Det blei sterk interesse for folkekultur og viktig å skape ein felles norsk identitet.

Film om romantikken

Romantikken kom seinare til Noreg enn til andre land. Mens straumdraget tok slutt i Europa allereie rundt 1830, fekk han mykje å seie i Noreg i den første halvdelen av 1800-talet. I filmen under (lengde: 5:05) presenterer Per Thomas Andersen kjenneteikn på romantikken som periode og viser korleis han utvikla seg i Noreg.

Video: Terranova Media, The Trustees of the British Museum / CC BY-NC-ND 4.0

Målarkunst

Noreg fekk si eiga grunnlov i 1814, og landet blei sjølvstendig i 1905 etter å ha vore i union med Sverige gjennom 1800-talet. Tidsrommet mellom 1814 og 1905 har seinare blitt kalla Gullalderen i norsk målarkunst. I denne perioden bidrog målarkunsten sterkt til å utvikle nasjonal identitet. Då var landskapsmåleri og folkelivsskildringar dei viktigaste kategoriane. Landskapsmåleria skulle vere storslåtte og understreke dramatikken i den norske naturen. Det norske folket vart gjerne skildra som bønder i fargerike folkedrakter. Kunstnarane la vekt på at detaljane på draktene skulle vere korrekte.

Noreg hadde ikkje eige kunstakademi, og kunstnarane frå perioden blei utdanna ved akademia i Dresden og Düsseldorf i Tyskland. Men dei norske kunstnarane reiste ofte heim til Noreg for å utforske det typisk norske i naturen og folkelivet. Skissene tok dei med tilbake til akademiet der verka blei til.

J. C. Dahl (1788–1857)

Johan Christian Dahl blir rekna som den første store landskapsmålaren i Noreg. Dahl blei fødd i Bergen. Her gjekk han i lære som handverks- og dekorasjonsmålar. Velståande borgarar såg talentet hans og sende han til København for å studere målarkunst. Seinare blei han professor i målarkunst ved kunstakademiet i Dresden.

For Dahl var ikkje naturen berre eit landskap – han var eit uttrykk for Noregs identitet og karakter. Til dømes blei bjørka ofte sett på som eit symbol på Noreg. Ho kan vekse i magert jordsmonn og kan samanliknast med det norske folket som kom frå fattige kår og oppnådde sjølvstende gjennom hardt arbeid.

Film: Ein mosaikk av skisser

I filmen frå Nasjonalmuseet under (lengde 2:38) ser vi korleis J. C. Dahl bygde opp bileta sine på grunnlag av skisser han teikna på studiereisene sine i Noreg. Etterpå ferdigstilte han måleria i atelieret.

Adolph Tidemand (1814–1876)

Adolph Tidemand er ein av Noregs mest folkekjære målarar. Han skildra tradisjonane og levesetta til den norske bonden og laga nøyaktige gjengivingar av folkedraktene. Bøndene blei gjerne framstilte som sterke og høgreiste. Ei blanding av realisme og romantikk prega målestilen hans. Seinare har han blitt kritisert for å gi eit idealisert bilete av folkelivet.

Tidemands verk er ofte ei situasjonsbeskriving. Det ser vi døme på i Bestemors brudekrone (1873). Måleriet er både idyllisk og nostalgisk. Ei bestemor viser den vakre brudekrona si til barnebarna. Dei verkar høgtidelege, og vi forstår at dette er ein fortruleg augeblink. Klesdrakter og interiør er detaljerte og nøyaktig gjengitte. Komposisjonen er i hovudsak er knytt opp mot den eldre kvinna. Tidemand er kjend for å bruke dramatisk lys for å vise fram det viktigaste i bileta sine. I dette måleriet framhevar lyset uttrykka i ansikta, og måleriet er prega av ro.

Hans Gude (1825–1903)

Hans Gude var òg ein sentral målar i nasjonalromantikken. Han var professor innan landskapsmåleri ved akademia i Düsseldorf, Karlsruhe og Berlin.

Då han måla Brenning ved Hankø (1890) brukte han forstudium av luft og skyformasjonar for å skape stemning i verket. Personane og seglbåten er ikkje hovudelementet, men underordna i komposisjonen. Dei er med på å understreke kreftene i naturen. I forgrunnen ser vi skjer og bølger som bryt mot land, mellomgrunnen er havet, seglbåten og bølgene. Bakgrunnen viser skyer som mørknar, og ein storm som er i emning.

Brudeferda i Hardanger (1848)

Tidemann spesialiserte seg på å måle figurar, og Gude var ekspert på å gjengi landskapet. Saman skapte dei eit av Noregs mest berømte måleri: Brudeferd i Hardanger (1848) og fire andre bilete, alle med menneske ute i båt som motiv.

Christian Skredsvig (1854–1924)

Christian Skredsvig måla landskap, dyr, portrett og folkelivsskildringar. Han gjekk på teikneskule i Christiania og hadde seinare fleire studiereiser og opphald i Europa. Skredsvig var ein av dei første norske målarane som etter inspirasjon frå franske målarar byrja å måle ute i friluft.

Film om Menneskesønnen

Menneskesønnen (1891) er eit av Skredsvigs mest kjende måleri. Det blei teke imot med skepsis og skapte samfunnsdebatt. I denne filmen frå Nasjonalmuseet (lengde 2:26) får vi høyre meir om motivet og sjå korleis dei monterer det digre måleriet på heile 3,24 x 4,52 meter.

Fordjuping

Du kan lese meir om måleriet Menneskesønnen av Christian Skredsvig (1891) i artikkelen “Da Jesus kom til gården“ på Agenda 3:16.

Kjelder

Dahl, T. E., Bakka, E., Rygg Rønneberg, M. L. & Vatne, K. (1994). Relieff. Gyldendal Norsk Forlag.

Håberg, K.R. (2008). Kunst og formkultur 3: fra 1600 til 1900. Gyldendal Norsk Forlag.

Malmanger, M. & Sørensen, B. (2025, 14. august). Adolph Tidemand. I Norsk kunstnerleksikon. https://nkl.snl.no/Adolph_Tidemand

Pharo, I. & Sagstad, E. (1998). Det skapende menneske. Kunst- og kulturhistorie 1. Universitetsforlaget.

Thomsen, I. R. & Klungsøyr, A. B. (2025, 3. desember). Christian Skredsvig. I Store norske leksikon. https://snl.no/Christian_Skredsvig

Vold, T. (2025, 22. februar). Nasjonalromantikken. I Store norske leksikon. https://snl.no/nasjonalromantikken

Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 16.03.2026